Per Steinar Runde

223

Politisk redaktør prisar MDG sine luftige forslag

Berit Aalborg roser MDG sin politikk, men kva med bevis for at deira forslag gjev oss eit næringsliv til å leve av, er til gagn for landet eller hindrar klimaendringar?

Publisert: 26. apr 2020

MDG har halde 'digitalt' landsmøte og vedteke fråsegna "Grønn politikk under koronakrisen", der dei seier nei til statlege lånegarantiar for investeringar i fossil energi. I staden vil dei ha ein aktiv, statleg næringspolitikk retta mot havvind, karbonfangst og lagring, skriv Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land. Ho prisar partiet for engasjement, gjennomføringskraft og ein innovativ klima-, gründer- og næringspolitikk. Kommentaren er illustrert med koronavirus som renn gjennom eit timeglas og deretter gjev grobotn for ei grøn plante. Det skal sjølvsagt vise at sjølv koronakrisa kan føre til noko positivt for MDG, men bildet er misvisande, for faktum er at grøne planter og alt liv har opphav i karbondioksid, MDG sin fiende nummer éin. 

Som sanningsvitne for at vi kan leve av eit 'grønt' næringsliv, viser Aalborg til forretningsmannen Jens Ulltveit-Moe, som i januar stod fram som MDG-veljar i eit intervju i E24. Men han er først og fremst eit eksempel på det motsette. Dagens Næringsliv skreiv 11. februar at Ulltveit-Moe  hadde tapt heile 4-5 milliardar kroner siste åra på investeringar nettopp i biodrivstoff og solenergi.

Offentlege satsingar på karbonfangst og -lagring har heller ikkje vore nokon suksess. Stoltenbergs 'månelandingsprosjekt' på Mongstad kosta oss 9,6 milliardar til inga nytte. Skogen og skogsjorda i Noreg lagrar derimot 25 millionar tonn karbondioksid kvar år. Globalt lagrar biosfæren på landjorda over hundre gonger meir per år enn menneska maktar (forstkandidat Trygve Refsdal, Dag og Tid 24.4.20).

I 2018 var berre 32% av energiforbruket i Noreg fossilbasert, mot 85-99% i dei folkerike, asiatiske landa Kina, India, Indonesia, Pakistan, Bangladesh og Japan. Dette skreiv sivilingeniør Kjell Erik Eilertsen i eit debattinnlegg i Aftenposten 4. mars, med overskrifta "Norge bør trekke seg fra Parisavtalen".

Vindturbinar til sjøs løner seg ikkje og hindrar berekraftig fiskeri. Der slike turbinar skal erstatte gassbasert elektrisitet på plattformer, vil dei primært flytte utsleppa og ikkje minske dei. Ragnar Larsen seier som sant er: "Det er typisk for livsfjerne næringslivsråd at de kommer fra folk som aldri har utviklet noe som helst."

Aalborg skriv at MDG blir frykta av politiske motstandarar, kanskje pga sin appell til ungdom:

"De har en egen rå vitalitet du ikke finner i de store og etablerte partiene, med lang vei fra fotfolket til ledelse. MDG preges av stor tro på at det er mulig å redde verden. Det forklarer trolig også den betydelige tiltrekningskraften de har på ungdom."  

Råskap har vore eit kjenneteikn ved alle utopistar som trur på den store saka og si eiga avgjerande rolle, men det må gå usannsynleg ille med landet vårt skal vaskeekte revolusjonære kunne kome til makta. MDG hyser nok miljøvernaktivistar som har gått over streken, men partiet har til no ikkje drive anna enn lovleg politisk verksemd, om enn ikkje alltid av den mest jordnære sorten.

8 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
21 dager siden / 1485 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 1230 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
12 dager siden / 1071 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
8 dager siden / 966 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
rundt 1 måned siden / 634 visninger
Alle eller ingen?
av
Knut Alfsvåg
17 dager siden / 435 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere