Verdidebatt

To strekar

I min ungdom måtte eg gjere eit val: Skulle eg vie livet mitt til det eg trudde på eller det eg kunne vere sikker på?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg likte realfag. Det var så trygt med svar med to strekar under. Alt var sikkert og visst. Fysikk, kjemi og matematikk gjekk opp i ein einskap som fasinerte meg. Eg lærte om det store universet med eit utal galaksar og dei små atoma med sine elektron, nøytron og proton. Det verka som det budde eit lys i realfaga som kunne lyse opp og forklare både stort og smått i tilværet.

Trua var også ein viktig del av livet mitt. Fellesskapet med andre kristne ungdomar på møte og leirar sette spor. Gløden hos dei eldre smitta over på meg. Jesus var lys, håp og kjærleik. Trua var ein skatt, og det var ein ekte brann i mitt indre: Dette vil eg leve for! Eg valde teologien, og sa farvel til eit liv med svar med to strekar under.

No har eg runda 50-årsbøya, og perspektivet på tru og vitskap har endra seg. Det er ei krevjande øving i dag å følgje vitskapen utover i universet og innover til dei minste partiklane og vidare over i biologien si mangfaldige verd. Det er imponerande alt vi no veit. Men eg ser tydelegare at også i vitskapen er det glidande overgangar mellom det vi veit, det vi trur vi veit, og det vi trur.

For å starte med det grunnleggande: Kva er alt dette vi har rundt oss? Kva er materie laga av? Min gamle lærdom om at atomet består av elektron og nøytron og proton er for lengst utdatert. No er atomet bygd opp av ulike typar bosonar og leptonar og kvarkar.

Det underlege er at dei har eigne lover, desse små partiklane (dersom det er partiklar dei er). Der vi har vant oss til ei verd med tid, rom og gravitasjon, fungerer det annleis der inne i atoma. Vi kallar det kvantefysikk. Det er nærmast to ulike fysiske univers. Eller finnest det ein teori som bind desse to universa saman, a theory for everything? Vi veit ikkje.

Universet er også eit mysterium. Måten universet oppfører seg på, stemmer ikkje. Den samla massen av alle stjerner, planetar og gassar utgjer kanskje berre 5 % av all masse og energi som ein trur må finnast der ute. Difor reknar ein med at det må finnest det vi kallar mørk materie og mørk energi. Men vi veit ikkje kva det er. Vi veit altså ikkje kva 95 % av alt som finnest der ute, er for noko. Det set vår kunnskap i perspektiv.

Går vi frå fysikken til biologien, finn vi også store mysterium: Korleis vart livet til? Professor James Tour hevdar at vi er langt unna å forklare korleis livet oppsto. Ingen forskarar har villa møte han til debatt, før kjemiprofessor Lee Cronin tok utfordringa. Samtalen mellom dei to (søkbar på youtube) er svært interessant. Dei har ulikt syn på mykje, men slik eg forstår dei, er dei samde om dette: Vi har ei svært mangelfull forståing av korleis noko så komplekst som ei celle kunne bli til. Vi veit berre at det skjedde.

Livet er i seg sjølv eit mysterium. I følgje forfattaren David Berlinksi trudde ein for nokre år tilbake at ein snart kunne forklare korleis ei celle fungerer. Etter kvart som ein har vunne ny kunnskap, har nye mysterium kome til, og no verkar dagen då ein fullt ut kan forklare livet i ei enkel celle, å vere lenger unna enn på lenge. Det er faktisk vanskeleg å gje ein fullgod definisjon av kva liv er for noko.

I februar i år døydde vitskapsmannen Freeman Dyson i ein alder av 96 år. Dyson starta si karriere ved Princeton University medan Albert Einstein var aktiv ved universitetet. I ein nekrolog om Dyson fann eg dette sitatet frå hans munn (mi omsetting): "I naturvitskapen snakkar vi helst om modellar, meir enn lover… Grovt sagt så er ei lov berre ein modell vi har vant oss til. Det er ikkje noko skarpt skilje mellom modellar og lover".

Det er skilnad på ein modell og ei lov, slik eg forstår det. Ei naturlov er noko absolutt. Ein modell er noko som vi meiner representerer naturen på ein brukbar måte. Blir vitskapen meir varsam i sine konklusjonar, i møte med uløyste gåter?

Eg har tidlegare hatt ein viss sympati for dei som avviser trua og berre vil halde seg til vitskapen og det vi veit sikkert. No undrar eg meg over ein slik livsfilosofi. Kanskje har det med 50-årsbøya å gjere. Til eldre eg blir, til tydelegare ser eg at det aller meste i livet er gjennomsyra av uvisse.

Corona-epidemien blir omtala som noko heilt nytt i vår tid. Eg meiner den like mykje er ei påminning om kva som var normalen for menneske som levde før oss. Dei visste godt at pest og frost, flaum og tørke, brannar og ulukker når som helst kunne ta krokfot på livet. Dei mange som lever sine liv langt frå vårt trygge samfunn og våre velferdsordningar, kjenner på denne uvissa dagleg.

Trua mi har også endra seg med åra. Ho er mindre brennande og entusiastisk – og har meir blitt som eit grunnfjell. Gud er den sikre, den evige og uforanderlege – midt i alt. Då Moses spurde etter namnet på Gud, fekk han til svar EG ER. Gud er den som er. Gud er opphavet til eksistens. Han går utanpå alle universets mysterium, han rommar galaksar og kvarkar, og er skapar av alt liv. Også mitt. Å få lov å tru det, gir meg eit ankerfeste i livet som kan tole uvissa.

Det er to ulike ting, å vere eit menneske som er skapt, villa og elska av ein Skapar, og det å vere eit menneske som er eit produkt av ei uendeleg rekke tilfeldigheiter.

Livet er ei vandring inn i det uvisse, og døden like eins. Eg møter det ofte i mitt yrke som prest. Det er stor rikdom å eige eit håp om at Gud har ein større plan for oss. Om trua kan vere svak, så syng mange med på gravplassen: Så ta da mine hender og før meg frem, inntil jeg salig ender i himlens hjem!

Eg høyrer motspørsmåla. Korleis kan du tru på ein god Gud når tusenvis verda over dreg sine siste andedrag i dødskampen mot eit vrangt virus? Korleis kan Gud tillate dette?

Eg har ikkje svar. Svar er ikkje så viktige for meg lenger. Det er større for meg å få lov å håpe, tru og elske  – enn det å vite.

Eg likte dei to strekane under svaret. I dag finn eg større tryggleik i to strekar som formar ein kross. Jesus, Guds son, som lir og døyr, og blir lagd i ei grav – ei  grav som seinare vart funnen tom. Frå dagane som følgde les vi om desse underlege møta med den oppstadne Jesus. I trua på Jesus finn eg håpet om oppstode og evig liv. Det er kyrkja sin største skatt.

Ja, dette ligg bortanfor vitskapen. Men eg kan ikkje gå i karantene bak det gjerdet der vitskapen kan gje sikre svar. Eg finn ikkje nok lys der.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt