Magnar Kartveit

8

Ei tid for alt

Det er ei tid for alt, seier Forkynnaren, ei av dei minste bøkene i Bibelen. Merkeleg nok har boka ei trøyst akkurat no.

Publisert: 2. apr 2020

Ei tid for alt

Av Magnar Kartveit

Det er ei tid for alt, seier Forkynnaren, ei av dei minste bøkene i Bibelen. Merkeleg nok har boka ei trøyst akkurat no.

Overraskande? Den predikanten er meir kjent for negativ tenkjing: Fåfengt, alt er fåfengt! Kan det koma noko godt frå Forkynnaren?

Ja, det kan det. Boka er ikkje berre ei nøktern skildring av det forgjengelege livet og all fåfengda. Her finst eit motto midt i det fåfengde: Ingen ting er betre for menneska enn å gleda seg og nyta det gode i livet. Alt er fåfengt, men gled deg over det gode i livet!

For å forstå dette paradokset i Forkynnaren, er det nyttig å skjøna kva han legg i skildringa av fåfengda. Det dreier seg om livsvilkåra for alle menneske.

Livsvilkåra omtalar han med stikkordet tid: Det er ei tid for alt. Ei nærliggjande tolking av uttrykket «Det er ei tid for alt» er at han her snakkar om tider til vår disposisjon, det vi kan rå over. Ein kan stå opp om morgonen og velja kva det er tid for akkurat no. Slik tenkte ikkje Forkynnaren. Han har eit anna sikte med å rekna opp tidene. Ein kikk på serien av tider i kapittel tre viser kva han har i tanken.

Serien med tider startar med fødsel og død. To tider som vi ikkje kan rå over. Dermed er det klart at tidene ikkje står til disposisjon, men blir oss gitt. Fødsel og død er utanfor kontroll; det same gjeld heile serien med tider. Ei tid for å så, nemleg når årstida er der. Ei tid for å riva opp det sådde, nemleg når vêrlaget er uheldig. Ei tid for å drepa, nemleg når dét er einaste utveg. Ei tid for å lækja, nemleg når sjukdom og skader rammar. Slik fortset serien med nødvendige reaksjonar på det som hender oss.

Det er lett å tenkja at vi sjølve kan bestemma over lått og gråt, over tale og togn, over elsk og avhald. Forkynnaren ser det annleis: Han vil ha fram at vi er offer for det som skjer. Alle handlingane han omtalar, er resultat av hendingar som vi ikkje kontrollerer.

Difor er Forkynnaren aktuell. Pandemien er eit faktum vi ikkje bad om eller valde. Han er ein del av livsvilkåra. På same måte som fødsel og død ligg hinsides vår kontroll, er smitte og sjukdom noko som treffer oss utan vårt ynske. Under den synsvinkelen kan det verka fåfengt å streva, eit jag etter vind.

Nettopp der har Forkynnaren ein ekstra bodskap. Innanfor det som er oss gitt, er det eit handlingsrom. Midt i livsvilkåra har vi eit spelerom for eigne handlingar. Forkynnaren gjentar og gjentar dei rammene som tilveret set for oss, men han har eitt refreng til: Du har eit frirom innanfor desse rammene. Det formulerer han slik: Ingen ting er betre for menneska enn å gleda seg og nyta det gode i livet. Carpe diem! Dette positive programmet går igjen i boka, og er eit livsmotto midt i dei dystre skildringane av livsvilkåra. Eksistensen set rammene, men det er rom for handling innanfor rammene.

Handlingsrommet kan vera lite eller stort. Dei som i desse dagar har eit trongt rom, treng støtte frå dei som har det litt romslegare.

Forkynnaren sin omtale av livsvilkåra, av det som er gitt oss, har ofte funne gjenklang i kunst og filosofi, og i daglegtale. Men det er verdt å hugsa at han også har eit livsmotto midt i realismen: Ingen ting er betre for menneska enn å gleda seg og nyta det gode i livet. Det ligg noko av Forkynnaren i den gamle bøna: Gud, lær meg å sjå kva eg ikkje kan endra, lær meg å sjå kva eg kan endra, lær meg å sjå forskjellen. Det er ein enkel versjon av den djupe innsikta i Forkynnaren. Hans visdom er ikkje utvikla nett no, men gammal kunnskap om livet, om eksistensen. Den er gyldig til alle tider, før, under og etter ein pandemi.

No er det tid for samstundes å sjå to sider ved tilveret. Ei tid for å sjå det vi ikkje kan gjera noko med, og ei tid for å gle seg over frirommet. Ei tid for Forkynnaren, og ei tid for oss.

6 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere