Verdidebatt

Meir katolsk enn Luther?

– Om Den norske kyrkja (Dnk) og nattverdfeiring i koronaens tid

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sakramentsforvalting i koronaens tid

Med stengde kyrkjer og strenge smitteverntiltak har det oppstått ein ny og krevjande situasjon i Dnk: Kva gjer me no med sakramenta? Enn så lenge held me fram med dåp under strenge koronatiltak: Ikkje leggje handa på hovudet til dåpsbarnet, sprite hender og byte vatn mellom kvar barn, maks 50 i kyrkja osv. Forståelege og naudsynte tiltak i desse tider. Men kva med nattverden? 
Fungerande preses Atle Sommerfelt kan roe oss i VL 28.03.20[1]: naudprinsippet skal gjelde. Den som treng det skal kunne få nattverd, ved familiemedlem eller helsepersonell, i verste fall via presten på telefon. Men kva med alle dei tusenvis som til vanleg hadde gått til nattverd? 
 

Hyggelig nattverd?

Naudprinsippet slår inn når eit menneske vippar mellom liv og død og treng Guds forbøn, tilgjeving og sakrament – då lyt den som er der vera «prest». Men naudprinsippet gjeld ikkje for dei som «berre vil ha nattverd for hyggens skyld» seier fungerande preses. Sitatet sjokkerar meg. Meiner fungerande preses at me til vanleg gjer det – feirar nattverd for hyggens skyld? Og meiner han vidare at alle dei tusen som no sit heime, utan sitt fellesskap i kyrkjelyden og utan nattverd, berre saknar ei hyggestund? Auka nattverddeltaking i Dnk kan tyde på noko anna. Nattverden er viktigare og viktigare for kyrkjegjengarane seier nyare forskning. For meg er nattverd blitt ein sentral del av truslivet mitt. Som reklamen seier: «må ha det, berre må ha det». Nattverden er ikkje mindre enn Guds «tilgjeving, liv og sæle»[2] gjeven for oss av Gud sjølv. Med andre ord: her er meir enn hygge! Korleis skal Dnk svare på lengselen etter nattverden – fellesskapet med Den treeinige Gud? Spørsmålet stoppar opp ved første hinder:

 

Retteleg kalla

Kven kan forvalte sakramenta? Det var eit brennande spørsmål for vår kyrkjefader Martin Luther. Tidleg i reformasjonen forma han radikale tankar om det me i dag kallar det almenne prestedømet. I Skriftet til den kristne adel skriv han: 
 

For alt som er krøpet ut av dåpen, kan rose seg av allerede å være viet til prest, biskop og pave. En annen sak er at det naturligvis ikke passer seg slik at alle og enhver utøver et slikt embete. For ettersom vi alle er like mye prester, må ingen på eget initiativ stikke seg fram og gå i gang med å utøve det vi alle har samme myndighet til uten at vi har samtykket i det og valgt ham til det.[3]

 

Alle er prestar, men ikkje alle er sokneprestar, seier Luther for å setje det på spissen. Alle menneske kan møte Den heilage Gud; i Bibelen, i bøna og i sakramenta. Kort sagt: La ingen (ikkje ein gong paven) stå i vegen mellom deg og Den treeinige Gud. 
Luther gjev også den «vanlege» kristne ansvar til å vera åndelege leiarar i sin husstand. Den vesle katekisma er innleia med orda «Slik skal ein far på enkelt vis læra sine born».
For at tenesta med ord og sakrament skal gå ordentleg for seg er det berre den som vert peika ut av kyrkjelyden som er «retteleg kalla» (CA 14) til forvalte ord og sakrament offentleg. Det er den oppgåva prestar vert ordinert til. Tanken er at sakramentsforvalting er prestens kall og ansvar. På same måte som det å lage sko er skomakarens kall og ansvar, og det å pleie sjuke er sjukepleiarens kall og ansvar: god luthersk kallsteologi. Til vanleg er det slik i Dnk at den som er ordinert, eller fått godkjenning til det, forrettar nattverd. Men kva når dei ordinerte sit på heimekontor, kyrkja er stengd og gudstenesta avlyst - kva skal det almenne prestedømet gjera då?

 

Nattverd i koronaens tid

Kan det hende at det trengs ei ordning for denne tida som går ut over det vanlege? Ei ordning som opnar for midlertidig sakramentsforvalting i heimen? 

Som sokneprest kunne eg ønskje, med biskopens velsigning, å kunne oppmuntre og oppmode dei i kyrkjelyden som vil det til å feire nattverd heime. Eg ser inga trussel i det - kan aldri sjå for meg at me plutseleg får eit drastisk fall i gudstenestedeltakinga fordi «det var så hyggelig å feire nattverd heime». Me saknar fellesskapet, me vil til kyrkja. Men no er tida og situasjonen annleis. 
Eg trur heller ikkje at ei slik ordning vil true prestestanden eller gjere ordinasjonen mindre viktig, tvert imot vil ei slik ordning vise at kyrkja tar bruken av sakramenta på alvor. Dei kristne samla seg til bøn, fellesskap, brødsbryting og Ordet, seier Apostelgjerningane 2. Kyrkja har feira nattverd i heimen før! 

 
Kva med ei god ordning for å halde nattverd heime slik (den evangelisk lutherske) Frikyrkja har laga? Ikkje fri «nattverdbonanza» (VL leder 23.03.20). ikkje digital -eller eplejuice og kneipbrød-nattverd. Men nattverd på verdig vis, med duk og lys, bibel og bøn, vin og nattverdbrød (det kan ein bake sjølv). Ei nattverdfeiring med det einaste (ikkje digitale) fellesskapet som er mogeleg no: dei næraste, familien, dei ein bur i hus saman med eller aleine. Så skal me søkje saman att i kyrkja når dette er over og takke for at me vert haldne fast Guds nåde gjennom alt, og på nytt få ta imot nattverdens gåve frå ein prest som er retteleg kalla og ordinert, slik kyrkjefader Martin har lært oss.
noter:

1. «Slik vil Frikirken at medlemmene skal feire nattverd hjemme» VL 28.03.20
2. Luthers vesle katekisme «om nattverden»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt