Kjartan Ruset

20

Kvinna som Jesus ikkje kunne målbinde

Hugsar du den unge kvinna vi såg på TV for ei tid sidan? Kronprinsen strekte fram handa si for å helse på henne, men ho tok ikkje handa hans, for i hennar religion er det usømeleg for ei kvinne å berøre ein mann slik. Så strengt var det også på Jesu tid. Ein mann, langt meir ein rabbi, måtte ikkje tale med ei framand kvinne på gata. Det var usømeleg. Det ser ut til i fyrste omgang at Jesus held seg til dette når han avviser den fortvila kvinna vi les om i dagens tekst. Men så snur han, og gjev kvinne attest for hennar store tru, og dottera vert frisk. Preike i Bykirka på Otta sundag 8. mars).

Publisert: 9. mar 2020

Vi les teksten for 2.sundag i faste, Matt 15, 21-28: «Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.  Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»  «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda».   

Det går bra til slutt i denne forteljinga, men vi synest vel Jesus var litt brysk med kvinna som var så fortvila, fordi dotter hennar var sjuk. «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg!» ropar ho i si naud.  «Men han svara henne ikkje eit ord». Og når ho ikkje gjev seg, men bed: «Herre, hjelp meg!» så avviser han henne på ein nokså brysk måte. Det er Israelsfolket han er send for å hjelpe, ikkje heidningane. Når Jesus samanliknar heidningane med hundar, og seier at ein skal ikkje ta brødet frå borna (altså Israelsfolket) og gje det til hundane (heidningane), så parerer ho kjapt: «Men hundane et då dei smulane som fell frå bordet». Ho var ei skarp dame, og eg trur at Jesus med ein gong tefta at ho var det, og at ho hadde ei sterk tru; han ville berre på sokratisk vis prøve trua hennar. Og så gjev han henne denne attesten: «Stor er trua di, kvinne!» Ingen i Israelsfolket fekk ein slik attest. Til sine eigne disiplar sa Jesus ved eit høve: «Kor lite tru de har»! Men denne heidningkvinna får Meisterens attest, ho har ei stor tru.

I dag, på Kvinnedagen 8.mars, synest eg det er naturleg å peike på Jesu radikale haldning til kvinnene. Det var mange kvinner i Jesu fylgje, fortel Lukas (Luk 8). Dei hjalp Jesus og disiplane med det praktiske. Dei fekk ikkje status som disiplar, og det var av omsyn til dei strenge reglane som var den gongen. Men kvinnene var i Jesu fylgje. Dei høyrde på hans undervisning, og ei kvinne, Maria i Betania, vert framheva som eit føredøme. Ho sette seg ved rabbi Jesus sine føter og tok imot undervisning. Ho inntok altså disippelens rolle, og Jesus framhevar henne som føredøme. Det var nok noko folk reagerte på den gongen. I det heile at Jesus, som ugift mann tok inn hos to einslege søstre og let seg oppvarte. Det var radikalt. Det braut med det som vart sett på som sømeleg.

Inspirert av Jesu føredøme hadde også Paulus mange kvinner som medarbeidarar.  Kvinnene var i det heile rekna med i det religiøse fellesskapet i dei fyrste kristne forsamlingar, likestilt med mannen, i motsetnad til syngoge-forsamlingane, der kvinner og menn var skilde.  Difor formulerer Paulus likestillinga sitt «Magna charta»: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus». Jesus løfta kvinna opp og likestilte henne med mannen, sosialt og religiøst.

Kvifor var det ingen kvinner i Jesu innerste krets, altså blant dei tolv? Det ligg nær å tenkje at Jesu atterhald her var grunna i det same som Paulus målber når han regulerer kvinners deltaking i forsamlinga: det måtte skje innanfor grensa for det sømelege. Difor gav han ikkje kvinnene lov til å preike i forsamlinga og vere lærarar. Men grunngjevinga for Paulus er ikkje prinsipiell, men pragmatisk: det ville bli oppfatta som usømeleg å gje kvinner ei slik rolle. Difor er reglane for kvinner den gongen ikkje bindande for oss i dag.

Denne kanaanéiske kvinna fekk hjelpa ho bad om. Hjelper det å be? Eg trur det. Menneske ber til Gud overalt i verda og til alle tider. Eg har bedt til Gud bevisst sidan eg var 13 år. Eg bad før den tid og, kveldsbøn for det meste. Men då eg var tretten år, bad eg ein gong til Gud då eg var fortvila. Det var ei barnleg sorg, men djup og ekte nok, så stor at eg gret, hugsar eg. Og så opplevde eg det utrulege at eg fekk svar på mi barnlege bøn. Eg har høyrt mange vitne at det var slik dei byrja på trusvegen, med ei barnleg bønn som dei opplevde å få svar på. Gjennom livet har eg fleire gonger opplevd bønesvar. Det er på mange måtar ei normal-erfaring for menneske som trur på Gud.

No hender det og at ein ikkje får det ein ber om. Eg tenkjer på alle som valfartar til Lourdes i Frankrike, til grotta der Jomfru Maria skulle ha viste seg i 1858, og vatnet som kjem ut av grotta og som skal ja lækjande verknad. Millionar av menneske valfartar til Lourdes kvart år, mange av dei sjuke, som ber om lækjedom. Berre forsvinnande få opplever miraklet. Den katolske kyrkja meiner å kunne dokumentere 69 mirakel som skal ha skjedd i Lourdes. Det er brøkdelen av ein promille av alle som søkjer lækjedom der.

Det kan gjere eit menneske fortvila når himmelen synest stengd og Gud ikkje svarar. Stundom misser menneske trua på Gud, fordi dei ikkje fekk svar. Eg har ikkje noko løysing på det dilemmaet. Når menneske har det slik, når Gud har blitt borte for dei, og dei ikkje greier å tru lenger, så har vi ikkje noko anna å tilby enn det å stå med dei i deira krise, vere deira medmenneske så godt vi kan.  

For min eigen del vil eg seie at det er noko som er viktigare enn det å få bønesvar, og det er det eg vil kalle den daglege velsigning. Når disiplane sa til Jesus: «Lær oss å be!» , så svara han: «Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord . . . Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det».  Og så lærte han dei «Fader Vår». Den bøna rommar alt. Der ber vi om «dagleg brød», som i grunnen omfatar alt det vi treng for å leve. For meg rommar den bøna det eg kallar «dei daglege velsigningar». Eg kjenner meg velsigna kvar ein dag når eg har mat og drikke, klede og sko, hus, familie og venner, ja, det er mykje eg kan rekne opp her. Eg er sikker på at også ditt liv omfatar ei lang liste av velsigningar, altså av gode ting som gjer livet leveleg. Vi må vel alle seie med salmisten: «Lova Herren, mi sjel, og gløyme ikkje alle hans velsigningar!». 

Den største velsigning er frelsa, at vi kan få rekne oss som Guds barn av nåde for Jesu skuld. Eller som songdiktaren seier det: «Av alle Guds undere blir meg/ hans kjærlighets under dog størst».  Lat oss prøve å falle til ro der, og derifrå gå ut i vår kvardag og tene Gud og nesten.

 

               

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
20 dager siden / 1190 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
14 dager siden / 1187 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
6 dager siden / 822 visninger
Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 743 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 678 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
29 dager siden / 650 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere