Eivor Andersen Oftestad

38

Eggdonasjon og ansvar

Dersom eggdonasjon og embryodonasjon skal avgjerast på bakrommet på Stortinget, kan vi sjå langt etter ein brei debatt.

Publisert: 6. mar 2020

Først publisert som kommentar i DAG OG TID, (Men egga mine får du aldri 28.02.2020)

Dagen etter at FrP gjekk ut av regjeringa, vart det varsla at partiet ville fremje forslag i Stortinget om eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Arbeidarpartiet fekk blod på tann og ville i tillegg fremje forslag om å tillate embryodonasjon og dobbeldonasjon, det vil seie donasjon av eit ferdig befrukta egg, altså eit embryo, eller av både egg og sæd frå to donorar samstundes. 

Kjersti Toppe frå Sp har åtvara om at avgjerslene kan verte gjorde under forhandlingar på bakromma og i korridorane, utan offentleg høyring, ettersom Ap, SV og FrP har stortingsfleirtal (Vårt Land 24. februar). Det kan sjå ut til at Arbeidarpartiet vil presse fram sine liberale forslag raskare enn nokon hadde tenkt seg.

Kva står på spel i denne saka? Ifølgje dei framstegsvenlege er det KrF med sine religiøse haldningar som har vore proppen i badekaret. Medan argumenta for ei endring, ifølgje Arbeidarpartiet, er likestillingsperspektivet: Kan du få sæd, kan du få egg – og klasseperspektivet: Kan dei rike kjøpe embryo i utlandet, vert det klasseskilje om dei mindre rike ikkje kan få det her heime. 

Desse perspektiva er politiske. Om vi skal lodde djupna i kva saka handlar om, må vi sjå etter andre perspektiv. 

ANSVARET

I humaniorameldinga frå 2017 etterspurde regjeringa humanistiske perspektiv på samfunnsutviklinga. Humaniora skulle medverke til å identifisere aktuelle spørsmål, setje dei i ein større samanheng og tilføre betre forståing av komplekse utfordringar i samtida. Dei aktuelle spørsmåla er mange, men eg ønskjer her å identifisere eitt av dei.

Spørsmålet handlar om ansvar. Kva er det som gjer at det no er greitt å gje frå seg ansvaret for eige avkom? 

Om vi ser på debatten om eggdonasjon slik han vore ført i dag, er det springande punktet ikkje ansvar, men «genetisk tilknyting» og kor viktig genetisk tilknyting til foreldra er. Om slik tilknyting ikkje er viktig, kan ein tillate både eggdonasjon og embryodonasjon. Er det derimot viktig, tilrår ein kanskje eggdonasjon berre når det er snakk om befruktning ved hjelp av partnaren til kvinna. Dei politiske partia er ueinige om modellane. Ap har ingen restriksjonar. Med dobbeldonasjon og donasjon av embryo får barnet inga biologisk tilknyting til foreldra.

Men er det sikkert at det berre er «genetisk tilknyting» som står på spel? 

SJØLVMOTSEIINGA

For å setje spørsmålet inn i eit større perspektiv kan vi gå til den parallelle historia om då sæddonasjon og «kunstig inseminasjon» fyrst vart diskutert, på 50-talet. Dei som fyrst byrja med metoden på norske sjukehus, nytta han for å hjelpe barnlause ektepar å få oppfylt sitt høgste ønske. Men metoden var særs omdiskutert. Det springande punktet var ikkje den manglande genetiske tilknytinga som barnet hadde til den nye faren sin, men sjølve donasjonen. Korleis skulle ein få tak i sæd om ikkje sæden til ektemannen kunne nyttast? 

Legen Jørgen Løvset, pioneren for metoden, var oppteken av ansvar. Han meinte at ein ansvarleg sæddonor nærast var å rekne for ei sjølvmotseiing. Tanken på inseminasjon med framand sæd braut altfor sterkt med førestillinga om befrukting som ein del av eit forpliktande farskap. 

I ei utgreiing skreiv Løvset: «Man kan vanskelig finne noe høyverdig ved en handling som har til hensikt å bringe til verden et barn som han selv ikke vil kunne gjøre rede for. Etter min mening vil det derfor være heldigst om sædgiverne ikke visste noe sikkert om hvorvidt deres sæd skulle brukes til kunstig inseminasjon.» 

Det som stod på spel då sæddonasjon vart innført og diskutert på 40- og 50-talet, var ikkje relasjonen barn hadde til foreldra, men ansvaret foreldra (sædgivaren) hadde for barna. Nerven i debatten var at det å donere sæd ikkje samsvara med ei ansvarleg mannsrolle og den forpliktinga som følgde med. Ein reiv forplantinga laus frå farsrolla i ekteskapet og familien, vart det hevda. 

SLAPP KVALANE

Éi løysing, som Løvset sjølv føreslo, var difor å nytte sædprøver frå menn som vart utgreidde ved sjukehuset. Mennene ville få vite at sæden deira kunne verte brukt til inseminasjon, men fekk ingen sikker kunnskap om dette. Slik slapp dei kvalane og dei moralske skruplane som kunne oppstå ved tanken på eit barn dei ikkje kunne ta ansvar for sjølve.

Å seie frå seg ansvar ville vere ei skam for mannen, og det heile burde difor vere anonymt. Grunnen til at sædgivaren var anonym i Noreg fram til 2005, var altså ei anna forståing av donasjon og ikkje ei manglande forståing av kva som var det beste for barnet, slik ein no synest å tru i etterpåklokskapens ljos.

Det same spørsmålet om ansvar kan stillast til eggdonasjon og embryodonasjon som til sæddonasjon. Har du ansvar for dei avkomma du som mann eller kvinne er opphav til? 

Frå femtitalet og fram mot vår tid har den viktigaste endringa vore at det ikkje lenger vert stilt noko moralsk spørsmål ved at sæddonoren fråskriv seg ansvaret for avkommet. Premissen er at det ikkje er noko naudsynt samband mellom sæd og sædgivar, eller egg og eggdonor. Det handlar berre om biologisk materiale utan personleg tilknyting. Det følgjer ikkje med forpliktingar. Det er iallfall dette politikarane og sjukehusa seier til oss. 

På infosida til Oslo universitetssjukehus kan vi lese at ein som sædgivar kan verte oppsøkt av inntil åtte personar ein er opphav til, etter at dei har fylt 18 år. Men dei har ingenting med deg å gjere: «Du har imidlertid overhodet ingen rettigheter eller plikter overfor disse. Du kan ikke gis opplysninger om barnets eller dets foreldres identitet.» 

FANTOMBARN

Nokre hugsar kanskje reportasjen Sæd Story av journalist Simen Sætre i Morgenbladet i 2010. Med eit ope sinn ville han teste ut korleis han opplevde å verte sæddonor. Det var opplysninga om sjansen for å verte oppsøkt det stranda på: «Åtte små barn med mine gener stirrer mot meg fra fremtiden. Nå finner jeg også på et ord for det: ‘fantombarn’. Avledet av fantomsmerter. Barn du antar at finnes, men ikke kjenner. Barn som er dine speilbilder, men som ikke er dine… Og nå ser jeg hvorfor jeg hang meg opp i den setningen i brosjyren: ‘Du kan med andre ord bli oppsøkt av inntil 8 personer etter at de er fylt 18’. Det er ordet ‘oppsøkt’. Å skulle bli oppsøkt. Ikke ‘kontaktet’, ikke ‘besøkt’, men oppsøkt. Jeg ser dem komme mot meg, med varianter av mine lyter og svakheter. Hva vil de si til meg? ‘Du har overhodet ingen rettigheter eller plikter overfor disse.’ Har jeg virkelig ikke det? Er det så klinisk?» (Morgenbladet 08.01.2010).

Sætre sette ord på ein intuisjon mange norske menn har delt. Av ein eller annan grunn har det vore vanskelegare å finne sæddonorar i Noreg enn i andre skandinaviske land. Om kvinner lettare gjev frå seg egga sine, veit vi ikkje enno. 

Når politikarane skal diskutere eggdonasjon og embryodonasjon, vil dei kanskje freiste å gjere premissane ueigennyttige og ikkje-kommersielle. Og dei vil ikkje snakke om å produsere embryo for donasjon, men om alt overskytande embryo frå andre behandlingar. Men kva når den indre logikken i tilbod og etterspørsel tek over? Det som er altruisme i dag, vert rasjonalitet i morgon. 

GRENSENE

Så er spørsmålet: Er det så farleg? Dei som ønskjer seg barn så sterkt at dei dreg til den andre sida av kloden for å skaffe dei, har mykje kjærleik å gje. Det skal det ikkje vere nokon tvil om. Og barna som vert til av donert materiale er minst like fantastiske barn som dei heimelaga. Det er ikkje noko gale korkje med foreldra eller med barna. Endringar som skjer på djupna i ein kultur, er ikkje radikale på det viset at det ikkje «går bra». 

Men dei endrar måten vår å tenkje på og forståinga av kva det vil seie å vere menneske. Her er det dei politiske og dei humanistiske perspektiva skil lag. Der Aps motiv er styrte av at målet og den høgste lukka er materialistisk velferd og fridom til å velje sitt eige liv, kan dei humanistiske motiva handle om meining og samanheng i tilværet og historia. Ser vi på vår eigen kultur, er kanskje ikkje livsmeining proporsjonal med stigande velstand. Kanskje handlar det om å forstå grensene for politikken? 

Humaniorameldinga frå 2017 nemnde ny teknologi og debatten om assistert befruktning som døme på ei utfordring som handla om grunnleggjande spørsmål. Meldinga hevda at humanistar kan vurdere slike spørsmål i ein breiare forstand enn innanfor dei rammene som no dominerer debatten, nemleg likestilling og rett til helsetenester. 

Eg trur ikkje politikarane i korridorane i Stortinget vil vere med, men eg skulle ønskje at vi fekk ein samtale om dei grunnleggjande spørsmåla som ikkje vert femna av argumenta om likestilling og rettar. Desse spørsmåla handlar, som også humaniorameldinga peiker på, om kva eit barn er, og kva eit menneske er. Eg trur at ansvar for eige avkom høyrer til det å vere menneske. Avkommet er, og er ikkje, ein del av deg sjølv. 

Eivor Andersen Oftestad er forfattar og forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn. 


Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
20 dager siden / 1190 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
14 dager siden / 1187 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
6 dager siden / 822 visninger
Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 743 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 678 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
28 dager siden / 650 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere