Verdidebatt

Kvinneverd i ny-patriarkalismens tid

Trass i #mee-too-kampanje og feminisme på frammarsj i alle land, kunne ny-patriarkalismen notere seg for ein stor siger då Donald Trump tok sete i Det kvite hus, med amerikanske kvinners velsigning, dei fleste av dei på den kristne, evangelikale fløy.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mannsforbundet (Inggjald Nissen) gjer seg som aldri før gjeldande innan næringsliv, media, politikk og religion. Mannsforbundet er i sitt innerste vesen agressivt og fascistisk, med sin einøygde ideologi: makt er rett. Det er ein stor tragedie at mannsforbundet i sterk grad vert understøtta av ein reaksjonær, ubibelsk teologi.

Kor vidt kvinneperspektivet vert lagt inn i preikene i Den norske kyrkja på sundag, gjenstår å sjå. Men teksten på 8.mars, Kvinnedagen, bør kunne innby til nettopp  det. Jesus står på grensa til det heidenske Kanaan, og møter ei kvinne i stor naud. Ryktet har gått føre healaren frå Nasaret, og kvinna bed fortvila om hjelp for si sjuke dotter. Om det er nokon stad Jesus inntek ei sokratisk rolle, så må det vere her. Han teier. Kvinna gjev seg ikkje, ho fell på kne og ropar: «Herre, hjelp meg!» Jesus svarar henne bryskt: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna (jødane) og gje det til hundane (heidningane)!» Kvinna parerer elegant: «Det er sant, Herre! Men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira!». Den sokratiske Jesus har nådd sitt mål med si pedagogisk motiverte vegring:  «Stor er trua di, kvinne! Det skal gå deg som du vil

 Jesus viser seg, her som alltid, som maktpersonen som gjev avkall på si makt og løfter den maktlause opp.

Jesu radikale haldning til kvinna, ideologisk og praktisk, er underkommunisert både i teologien og i den kristne forkynninga, inntil feminist-teologien endeleg har fått løfta Bibelens kvinneperspektiv fram. I vekkjingstider, som under den wesleyanske vekkjinga i England og den haugianske i Noreg, kjem den radikale Jesus meir i framgrunnen, og kvinner får undervise og preike. H.N. Hauge sende kvinnelege forkynnarar ut i stort tal. I vår tid ser vi det best i den tredje verda, der den kristne forkynninga meir enn noko bidrar til kvinners frigjering og likestilling.

Dei fire evangelia blomstrar med kvinnefigurar i alle variantar. Det finst knapt litteratur i antikken med så sterkt kvinnefokus som forteljingane om Jesu liv og verksemd, hans eigne likningar inkludert. Det har si sjølvsagde forklaring i Jesu eigen praksis, som inkluderer kvinnene på ein måte som braut med konvensjonane i samtida. At forfattarane av dei fire evangelia har gjeve kvinnene den framskotne plassen dei har, er eit vitnemål om at dei fyrste kristne forsamlingane hadde forstått og teke innover seg at Meisteren sjølv hadde gjeve kvinnene ny og likestilt status, både religiøst og sosialt.

Det var mange kvinner i Jesu fylgje (Luk 8). Maria i Betania framstår som eit kvinneideal i evangelia. Ho sit ved Jesu føter og mottek undervisning, ei rolle som var utenkt for kvinner den gongen. Kvifor var det ingen kvinner i Jesu innerste krets, altså blant dei tolv? Det ligg nær å tenkje at Jesu atterhald her var grunna i det same som Paulus målber når han regulerer kvinners deltaking i forsamlinga: det måtte skje innanfor grensa for det sømelege.

Kor sterkt «det som sømer seg» er grunnfesta i oss menneske, fekk vi eit døme på hertillands i den muslimske kvinna som ikkje ville handhelse på kronprinsen. Situasjonen i kretsen omkring Jesus, og i dei fyrste kristne forsamlingar, var eksplosiv: Jesu evangelium gjorde kvinnene religiøst og sosialt likestilte med mannen, jmfr det paulinske «Magna Charta»: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus». Den nyvunne fridomen var vanskeleg å takle, både for kvinnene sjølve, og for eit sosialt fellesskap som var gjennomsyra patriarkalsk, nettopp fordi  det sømelege var truga. Korleis Jesus sjølv gjekk ut over grensene for det som sømde seg, illustrerer møtet med den skandaliserte kvinna ved Sykars brønn. Disiplane vert i villreide: «Dei undra seg over at han tala med ei kvinne». Det gjekk ikkje an for ein mann, langt mindre ein rabbi, å tale med ei framand kvinne på gata. Disiplane var truleg sjokkerte: «Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne». Dei var beint fram forlegne på Jesu vegne.

Difor må ein tenke at sjølv Jesus såg det umogeleg å gje kvinnene offisiell disippel-status. Det ville ikkje bli forstått i samtida, endåtil ikkje av kvinnene sjølve, langt mindre av mennene. Men at noko var på gang i dei kristne forsamlingar, er den tittelen oldkyrkja gav kvinna frå Sykar, eit tydeleg døme på: «Likeverdig med apostlane». Legenden fortel at ho verka som evangelist rundt om i Romarriket, og leid martyrdøden i Kartago. I teksten i Johannes-evangeliet står kvinna frimodig og utan skam fram i byen, og vitnar om profeten ho har møtt. Hennar kvinneverd var gjenreist. I legenden får ho også eit namn: «Fotini» - «Lysberaren»/»Den opplyste».

Den kanaanéiske kvinna var som kvinna frå Sykar dobbelt marginalisert: ho var heidning, og ho var kvinne. For ein mann, og endå meir for ein rabbi, var det i utgangspunktet usømeleg og gje seg i samtale med ei kvinne som ikkje høyrde til familien. Ein heidning skulle ein ikkje nærme seg eller omgåast, ho eller han var urein. Ved å innlate seg i dialog med denne kvinna, bryt Jesus med konvensjonen. Med sin ironi inviterer han kvinna til verbal duell, og ho let seg ikkje vippe av pinnen. Ho kan triumfere til slutt: den jødiske rabbien gjev henne ein trus-attest som ingen andre i gudsfolket fekk. (Den andre som Jesus i fylgje evangelia rosar for hans tru, er den romerske offiseren, ein barsk, heidensk soldat. Og i den kjende likninga er det ein samaritan, jødens erkefiende, som er det moralske førebilete, på bekostning av presten og levitten, dei fromme tempeltenarar).

Kvinneverdet er truga til alle tider i historia, ikkje minst i vår tid, der ny-patriarkalismen frekt løfter sitt stygge hovud. Kvinneverdet må gjenreisast for kvar tid og kvar generasjon. Med dei sterke og mørke høgrekrefter på frammarsj i vår tid, også innan dei kristne sine rekkjer, er det meir naudsynleg enn nokon gong å løfte fram den radikale Jesus, og evangelia sitt insisterande fokus på kvinna og kvinnas verd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt