Spaltist Emil André Erstad

Eit ansvarslaust Europa

Altfor lenge har europeiske leiarar stått og sett på krisa som no utspeler seg mellom Tyrkia og Hellas. Det er ikkje berre flyktningane som tapar. Vi tapar på det alle saman.

Publisert: 3. mar 2020  /  657 visninger.

Det måtte berre skje ein dag.

Dei siste åra har Tyrkia husa kring fire millionar flyktningar. Vi har sett det. Vi har visst det. Alle som har vore i Tyrkia har opplevd det. Det er enormt mange flyktningar, sjølv i eit så stort og folkerikt land som Tyrkia. 3,7 millionar frå Syria.

Det måtte jo berre skje ein dag, at tyrkarane bestemte seg for at nok er nok.

Erdogan spøker ikkje

Ein må gjerne kalle Tyrkia si avgjerd om å opne grensene til Europa for flyktningane for eit spel. Det er mykje som tyder på at president Recep Tayyip Erdogan brukar flyktningane i dette spelet.

Kanskje prøvar han å få europeiske allierte til å forstå alvoret i kva som kan skje viss Idlib-provinsen i Syria fell i hendene på den syriske despoten Assad og hans russiske allierte. Han ønsker nok EUs støtte i den siste fasen av krigen i Syria. Men det er vanskeleg å vite noko sikkert om dette.

Han har sagt at målet med å opne grensene til Europa for dei syriske flyktningane, er at Europa også skal «få dele byrda» av flyktningsituasjonen. Han seier at han i månadsvis har fortald sine europeiske kollegaer at viss ikkje Europa byrja å ta sin del av ansvaret, ville han opne grensene. «Dei trudde eg spøkte», seier han til tyrkisk media.

Ein treng ikkje vere europeisk statsleiar for å ha forstått at Erdogan neppe spøkte. Alle som kan sjå må ha sett denne krisa kome.

Brikker på eit brett

Kor lenge skulle Europa betale seg bort frå flyktningkrisa, ved å la Tyrkia stå nesten åleine i handteringa av den enorme syriske flyktningbefolkninga mot å betale milliardbeløp til Tyrkia? Det er ikkje berekraftig. Det er ikkje mindre framandfrykt og rasisme i Tyrkia enn det er i resten av Europa. Det er ikkje mindre press på økonomi og arbeidsmarknad der. Bustader veks ikkje på tre, der heller. Tolegrensa for eit land går ein plass. Den tyrkiske økonomien er i krise.

Det er likevel hjarteskjerande å sjå korleis dei syriske flyktningane atter ein gong er blitt brikker i det internasjonale sjakkspelet som kallast politikk. Både den tyrkiske presidenten og europeiske statsleiarar ser ut til å spele med desse brikkene, som om desse menneska berre er brikker på eit brett. Grenser opnast og stengast som om dei var sluser med vatn, utan omsyn til skjebnane og liva som må leve i elendigheita.

At menneske blir reduserte til brikker i eit slikt spel er nettopp det menneskerettane skal forhindre.

Historiske assosiasjonar

Det er meldt at den greske kystvakta har forsøkt å senke båtar med syriske flyktningar på veg over frå den tyrkiske kysten til dei greske øyene. Det vert skote med tåregass medan flyktningane prøver å klatre over piggtrådgjerda. Det gir historiske assosiasjonar. Hellas har sagt nei til å behandle asylsøknadane frå syriske flyktningar. Det er brot på den internasjonale flyktningretten.

Men Hellas og Tyrkia føler seg nok ikkje forplikta til å halde seg til folkeretten, som også omfattar flyktningkonvensjonen, når resten av Europa står ansvarslaust handlingslamma og ser på.

Ja, det er skremmande å sjå korleis frykta for den framande syraren har forandra europeiske land til utklekkingsfabrikkar for høgreradikale rørsler. Vi kan ikkje ta imot flyktningane for det toler ikkje landa våre, seier dei ansvarslause politikarane. Men det er ikkje sånn at alternativet er noko betre.

Alle tapar

No når Europa tilsynelatande har bestemt seg for å gjere ingenting anna enn å bygge opp grensevernet, og å la Hellas og Tyrkia handtere flyktningane på eiga hand, er det ikkje berre flyktningane som tapar på det. Vi tapar på det alle saman.

Dei internasjonale reglane, flyktningkonvensjonen og dei grunnleggande menneskerettane, er laga for at verda skal fungere. For at institusjonane skal fungere. For at landa våre skal fungere.

Men dei fungerer ikkje utan internasjonal solidaritet. Viss kvart land skal stå på si eiga tue og sjå på at dei andre bukkar under for presset, er det det internasjonale fellesskapet som kjem tapande ut i andre enden. Det er institusjonane våre, dei felles spelereglane, som vert skadde.

Neste gong er det kanskje ikkje flyktningkonvensjonen som er utfordringa. Kanskje er det havretten. Kanskje er det andre delar av folkeretten. Og kanskje er det Norge som står åleine med presset medan resten av verda står ansvarslaust og ser på.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
24 dager siden / 2899 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 2092 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
12 dager siden / 1108 visninger
Drømmen om tempelet
av
Joav Melchior
26 dager siden / 618 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
11 dager siden / 577 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
5 dager siden / 564 visninger
Om islam og humanisme
av
Marie Rørvik
23 dager siden / 376 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere