Verdidebatt

Wuhan 1912: då norske misjonærar gjekk med i revolusjonen

For norske misjonærar i det før-kommunistiske Kina, var corona-virusets Wuhan ein viktig by. Han var porten inn til det område i det sørlege, indre Kina der dei etablerte arbeidet sitt frå 1890-åra og utover.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei reiste opp mektige Yangtze frå Shanghai, ei båtreise som kunne ta fjorten dagar opp til Hankow, der sideelva Han munna ut i Yangtze. Så gjekk ferda vidare opp Han-floden til Laohokow, der Kinamisjonen ( no NLM) etter kvart fekk sitt hovudsenter.

Hankow var ein av tre byar som utgjer dagens Wuhan. Bynamnet «Wuhan» er ein konstruksjon, samansett av namnet på dei tre opphavlege byane Wuchang, Hankow og Hanyang. Hankow og Hanyang låg på kvar si side av Han-munningen, og midt imot, på den søraustlege breidda av Yangtze låg Wuchang, den eldste av dei tre byane. Dei tre byane, samanslåtte til dagens Wuhan (med 12 millionar inn-byggarar), utgjer eit politisk og økonomisk tyngdepunkt i det sørlege Kina, i dag som den gongen. Og staden var ikkje berre ein port til dei norske misjonærane sitt misjonsfelt. Han skulle bli åstaden for dei mest dramatiske hendingane i deira misjonærliv, under dei politiske omveltningane som skjedde i Kina frå hausten 1911. Det er ei interessant historie, som kan takast fram no når verdas auge er retta mot denne byen. Dagboka til misjonær P. S. Eikrem (1876-1956) gjev eit levande innblikk i hendingane i Wuhan den gongen.

Som Wuhan i dag er corona-epidemiens episenter, var Hankow, Hanyang og Wuchang frå oktober 1911 hovudarena for den borgarlege revolusjonen i Kina. I dei dramatiske månadane frå 10. oktober 1911, til republikken vart proklamert på nyåret i  1912, og endeleg etablert eit par månader seinare, vart Kinas historie radikalt forandra. Etter to tusen år under ulike keisarlege dynasti, var keisartida no over. Og i denne lagnadstimen for Kina kom også norske misjonærar, saman med andre misjonærar frå  Amerika og Europa, til å spele ei rolle, ikkje politisk, men humanitært. I borgarkrigen som utvikla seg i  desse månadane utførde misjonærane eit stort arbeid for å hjelpe såra soldatar og avhjelpe nauda for dei sivile. Og det var i området kring dagens Wuhan dramaet utspela seg.

Knapt nokon revolusjon har vore lenger varsla enn 1911-revolusjonen i Kina. Slik ein vulkan  lenge i førevegen seier frå om eit føreståande utbrot, hadde truslar og aksjonar mot keisarstyret høyrt til dagens orden i årevis i det veldige riket.

I oktober 1905 kjem Eikrem  i dagboka si inn på rykter som går, at det skal finnast ein organisasjon som skulle vere verre enn den i 1901 («boksar-opprøret»). Eikrem stiller seg litt tvilande til dette, men så legg han til: "Men at her kan bli lokale opprør for å bringe regjeringen i vanskeligheter, det er meget mulig. Folk taler nokså åpent om å kvitte seg med Manchou-dynastiet". Det skulle gå seks år før denne spådomen gjekk i oppfylling. Og misjonæren sjølv skulle hamne midt i hendingane på ein måte som han slett ikkje hadde tenkt.

Den 23.oktober 1911 skriv han i dagboka, der han sit på misjonsstasjonen sin i Dengzhou, langt inne i det indre, sørlege Kina: "Mangt har hendt i den tid jeg var borte. Ikke nettopp her, men i landet. - - - Det ser ut til at det brygger opp til opprør, for ikke å si revolusjon".

            Misjonæren er attende  i Dengzhou etter eit lengre opphald i Laohokow, Kinamisjonsforbundets hovudsenter, der han har halde kurs for evangelistane. Dagboka held fram: "På veien hertil møtte jeg mange soldater. De skulle til Laohokow. Det var vel ikke alle som gikk i de beste hensikter. Selvsagt taler de om opprøret også her. De forteller at 11 provinser har gått med de revolusjonære."

Det var den 10.oktober det hadde starta for alvor, i Wuchang (ein del av dagens Wuhan). Offiserar, embetsmenn og studentar hadde i lengre tid budd seg på å styrte keisaren og gjere Kina til republikk med parlamentarisk styre. Sun Yat Sen var frontfiguren. Han tok mål av seg til å bli republikkens fyrste president. Men han hadde på langt nær kontroll med dei revolusjonære. Folk var svært misnøgde med dei sentrale styresmakter sin politikk for jarnbane-utbygging der sør, og planla aksjonar. Ved eit uhell gjekk ei sprengladning av den 10.oktober, og då keisarens soldatar aksjonerte mot dei opposisjonelle, var revolusjonen i gang. Mange soldatar og offiserar slutta seg til opprøret. Berre eit par veker etterpå kan altså misjonæren notere i dagboka si at 11 av Kinas 22 provinsar var vunne for revolusjonen.

Det er den 10.oktober som er den offisielle minnedagen for  den borgarlege revolusjonen i Kina. Dagen vert markert stort både i Folkerebublikken og på Taiwan i 2011. Den 1.januar 1912 vart republikken offisielt  oppretta, og keisaren avsett, etter over 2000 år med ulike keisarlege dynasti. Sun Yat Sen vart  president, med Li Yuan Hung som visepresident. Medan Sun Yat Sen oppheldt seg utanlands for å skaffe stormaktene sin støtte for republikken, fungerte Li som president, med Wuchang/Wuhan som sete for regjeringa.

Med opprøret i 1901 i friskt minne, då mange utanlandske misjonærar og deira familiemedlemmer vart drepne, spreidde det seg ein del uro blant misjonærane. Misjonærar frå Amerika og andre land  evakuerer til kysten eller til Hankow/Wuhan, og dei norske misjonærane fylgjer etter til Hankow i januar 1912. Det kjennest dramatisk å forlate forsamlingane i ei slik uroleg tid. Men dei reknar med å kunne vende attende utpå våren. I dagboka gjer Eikrem sine refleksjonar:

”Men framtiden er usikker. En såpass omveltning som  avsettelsen av keiserhuset og republikkens innførelse, det kan ikke godt tenkes å forløpe i fred og ro. Men det er dog Herren som har trådene i sin hånd. La oss tro at han har tenkt på en bedre og lysere framtid for dette store og prektige folk.

            Og dog minner dette oppbrudd meg om hvor svak grunnen er som vi bygger arbeidet vårt på. Vi er og blir fremmede, som kommer og går etter omstendighetene. - - Og arbeidet holdes opp av utenlandsk kapital. Selvsagt er dette nødvendig, men det må bare ikke bli mer enn en overgang. Og jo kortere, jo bedre».     

At Hankow/Wuhan  kunne vere ei trygg hamn, skuldast den ordning som stormaktene hadde påtvunge Kina: utanlandske såkalla "konsesjonar", eitt område i byen for kvar stormakt, med konsulær status og militært vakthald, der utanlandske forretnings-folk, næringsdrivande, diplomatar og andre  kunne opphalde seg trygt utan innblanding fra dei lokale styresmakter. Dit søkte misjonærane no.

Millionbyen Hankow er eit trist syn. Alt ligg i ruinar. Det skjedde berre nokre dagar før misjonærane kom: den keisartru generalen Yuan Shi Kai hadde slått tilbake mot dei revolusjonære og jaga dei over Yangtze. Han nøydde seg med det, og drog nordover igjen. "Manchou-dynastiet stoler på ham", skriv Eikrem. No var hjelpearbeidet etter krigshandlingane i full gang. Engelske soldatar patruljerer i gatene, og krigsskip ligg ute på elva.

"Ja, vi kom opp i det", skriv misjonæren i fyrstninga av februar. "De moblilisérer alle misjonærer til hjelpearbeidet.  - - Det er utrolig hva midler her kommer inn, og tusen på tusen blir hjulpet. Det er Amerika som er de fremste. Vi er nå mange hundre misjonærer i hjelpearbeidet, og daglig ser vi en elendighet som ikke lar seg beskrive. Vi må ta oss av lemlestede, levende og døde." Eikrem sjølv hadde noko fagopplæring i fyrstehjelp og enkel medisinsk behandling, og brukte denne kunnskapen mykje i si misjonær-gjerning, og spesielt her midt i borgarkrigen. Så kjem det ei spesiell episode:

”På gaten for et par dager siden traff jeg en Ludvig Saxe. Han er på en verdensreise for ”Tidens Tegn” og flere andre ukeblader. Nå var han i Shang-hai og fikk telegrafisk ordre om å reise til Wu-chiang og få et intervju med presidenten for republikken, Li-Yuan-Hung. Han spurte om jeg ville være med ham som tolk. Vi var dit i dag. Det var meget interessant. Li er en jovial mann, vennlig og forekommende. Han forærte oss hvert sitt fotografi av seg. Jeg fikk dog ikke bruk for å oversette, han talte såpass engelsk at det gikk an.”

Eikrem kallar Li ”presidenten”. Forklaringa kan vere den at det var slik kinesarane sjølve oppfatta Li Yuan Hung i denne fasen, då Sun Yat Sen oppheldt seg utanlands. Li hadde det utøvande ansvaret på heimebane.

Ludvik Saxe sjølv skildrar denne hendinga utførleg og fargerikt i si bok  "Streiftog i den vide verden. Journalistiske øyeblikksbilder" (Oslo 1949). Han omtalar Eikrem berre som "en misjonær", men gjev eit levande bilde av visepresidenten og tilhøva i revolusjonsbyen. Så reiser journalisten vidare, og misjonæren har fulle dagar  i hjelpearbeidet.

Fyrst den 10.mars får han ein pust i bakken og kan skrive i dagboka, og det er tid for eit nytt møte med Li Yuan Hung: "I dag var jeg over til Wu-chiang for å tale med presidenten. Det gjaldt dels forholdene oppe på misjonsfeltet, dels for en privatmann. Han var kommet i vanskeligheter med den nye mandarinen. - - - Vi satt sammen for lukket dør (i motsetnad til det fyrste møtet, då heile staben var til stades), og talte om litt av hvert. Til slutt viste han meg sin private leilighet, til og med soveværelset. Var han en kristen?(som Sun Yat Sen) Jeg vet ikke. Er pietisme adgangstegn  til himmelen, så er det nok tvilsomt om han holder mål; men han gav inntrykk av å være en rettsindig, velmenende mann. At han var ferdig med avgudsdyrkelse  kan det ikke tviles på. Jeg ønsket ham alt godt da vi skiltes, og jeg mente det av hele mitt hjerte".

Det tok fleire år før nyordninga i Kina var fullt etablert. For bondesonen frå Sunnmøre og dei andre misjonærane vart dei politiske hendingane eit avbrot i misjonsarbeidet, inntil neste revolusjon, den kommunistiske, som vart fullført i 1949. Dei heldt seg unna det politiske, men støtta likevel den borgarlege revolusjonen. Eikrem heldt fram si misjonærgjerning til 1914, då sjukdom sette ein stoppar for vidare arbeid ute.

Kanskje er det minnet om misjonærane sin hjelpeinnsats i Hankow/Wuhan, og deira støtte til revolusjonen i 1911-12, som gjorde at barn og barnebarn av misjonærane vart mottekne med velvilje og honnør på både politikar-  og embets-nivå under jubiléumsturen på det gamle misjonsfeltet i 2004. Misjonærane sette i alle høve eit varig og positivt  merke på Wuhans historie.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt