Knut Arnold Kvalsvik

4

Matt 15,21–28: Den kanaaneiske kvinna

Eg tenkte å seie litt om denne forteljinga i Matteus-evangeliet, sidan det har vore litt merksemd rundt forteljinga i det siste, og ho også snart kjem som preiketekst i Den norske kyrkja.

Publisert: 24. feb 2020

Forteljinga om Jesu møte med ei «kananeisk» (eigentleg fønikisk) kvinne som har ei sjuk datter, finn vi Matteus 15,21–28. Ein litt annleis versjon finst i Markus 7,24–30. Det er Georg Nyhagen som snakkar om denne forteljinga i eit innlegg nyleg, eit innlegg som eg ikkje har tenkt å kritisere. Han viser igjen til ein artikkel i Vårt Land som eg ikkje har lese.

La oss vere meir audmjuke når det gjeld vår evne til å forstå Bibelen

Det synest meg at mange bibellesarar generelt synest å gløyme at tekstane i Bibelen er veldig gamle, og er skrivne under heilt andre forhold enn det vi lever under i dag; evt at ein ikkje forstår kva det inneber. Dei som las denne historia for 2000 år sidan hadde massevis av kulturell kunnskap som forfattaren forutset. Vi i dag manglar mykje av den same kunnskapen, og dermed manglar vi mykje av lyklane til å forstå. Difor burde vi vere vesentleg meir audmjuke når det gjeld vår eiga evne til å forstå Bibelen. Men i staden virkar det som at dess mindre ein veit, dess meir skråsikker er ein på at ein forstår.

Akkurat denne historia er kanskje ekstra kinkig, og eg skal ikkje påstå at eg forstår henne fullt ut, eg heller. Eg lurer på om nokon i dag kan det. Men eg har lært ein god del av å lese ein bloggpost av Kristen «Wordgazer» Rosser, på krwordgazer.blogspot.com/2012/11/even-dogs-eat-crumbs-jesus-and-syro.html.

Matteus og hans lesarar

Somme seier at denne historia viser at også Jesus hadde fordommar. No tviler eg ikkje på at Jesus i stor grad var eit barn av si tid og sin kultur, slik vi alle er det. Det høyrde med til hans menneskelegdom. Men når ein seier dette, synest ein å forutsetje at historia vert  ubarmhjertig fortalt akkurat som det skjedde. Ein gløymer at Matteus hadde sine hensikter med det han fortel, og at han kunne valt å fortelje historia annleis – merk skilnaden til Markus sin versjon. For Matteus (og såvisst for Markus også) er Jesus helten, og han ynskte neppe å framstille Jesus i eit dårleg lys. Matteus ville formidle noko til lesarar på si eiga tid.

Jesu lærlingar og andre tilhøyrarar

Så er dette også ikkje berre ei historie om Jesus og ei kvinne. Jesu lærlingar er der, og antakeleg andre som høyrer på også. Og forteljinga vert utspelt som ei scene for dei, dei har også ei rolle i det som skjer.

Sosiale grupper og barrierer

Dessutan er både Jesus og kvinna representantar for kvar sine folkegrupper. Jesus og lærlingane hans er jødar, kvinna er fønikar. Desse to gruppene såg gjensidig ned på kvarandre. Dette skapte sosiale barrierer. Og det var også ei barriere at Jesus var mann medan ho var kvinne.

Kvinna si skam

Vi innser det ikkje utan vidare, men denne kvinna pådrog seg eigentleg sosial skam ved i det heile teke å komme og snakke til Jesus. I ein utprega ære/skam-kultur var dette alvorleg. Kvinner hadde sine plassar der dei ferdast, og ho var utanfor der kvinner skulle vere. Og ho skulle ikkje snakke til menn.

Jesu tausheit

Jesus svarer fyrst ikkje, og vi lurer på kvifor. Og vi vert ikkje direkte fortalde dette, vi er overletne til å gjette.

Trengde Jesus rett og slett tid til å tenkje? Jesus var ikkje berre oppteken av kvinna si sjuke datter. Han tenkte også på den nemnde skamma som kvinna hadde påført seg. Kanskje måtte han ha tid til å tenkje ut kva han kunne gjere med den.

Kanskje var han også usikker på om han kunne helbrede dattera. Kanskje måtte han be inni seg og få ei forsikring frå Gud om at dattera verkeleg skulle verte frisk.

Men kva der enn kan vere av andre grunnar, så får i alle fall hans tausheit fram lærlingane sin reaksjon. Og det er ganske sikkert eit poeng. Matteus framstiller ikkje Jesu lærlingar veldig positivt. Vi får sjå her at dei slett ikkje har forstede kvar Jesus vil. Dei har klart meir igjen å lære.

Jesu utfordring til kvinna

Så får vi høyre at Jesus seier til lærlingane at han berre er send til Israels-folket. Det er neppe ein bodskap Matteus ynskjer å formidle. Tvert imot er det eit gjennomgåande tema i Matteus-evangeliet at også heidningane er inkluderte; og også denne historia skal ende opp med å understreke det.

Men orda er sagde for at kvinna skal høyre dei; og ho oppfattar dei ikkje som ei avvisning. Orda viser til dei sosiale barrierene som er der, og vert eit teikn til kvinna om at Jesus er villig til å forhandle om korleis desse barrierene kan overvinnast. Det oppmuntrar henne til å fortsetje.

Så kjem desse orda som vi finn mest underlege, der Jesus kallar henne og fønikarane for hundar. Han tek riktig nok vekk noko av brodden i dette ved å bruke eit litt «snilt» ord for 'hund'. Men ein brodd er der framleis.

Igjen er det noko her som vi ikkje umiddelbart ser. Jesus utfordrar eigentleg denne kvinna til ein slags ordkrig. Det er litt som å føreslå å ta eit slag sjakk. Ein slik ordkrig vart vanlegvis berre spelt mellom sosialt likeverdige. Ein mann ville aldri spele med ei kvinne, for kvinner vart ansedde for å stå veldig langt under menn. Heller ikkje ville ein mann spele med ein kven som helst annan mann.

Vi ser fleire gongar at farisearane og dei skriftlærde kjem og vil spele ein slik ordkrig med Jesus. Dei håpar å skåre poeng over han med det. Men Jesus pleier å vinne desse ordkrigane.

Ved å spele mot kvinna, lyfter Jesus henne eigentleg opp til sin sosialt likeverdige. Han vil gjere noko med den sosiale skamma ho har pådrege seg. Han viser henne ære ved å spele mot henne. Og endå betre vert det når ho vinn ordkrigen. Jesus, som pleier å vinne, han taper denne gongen. Når kvinna fyrst får anledning til å spele, viser ho seg dyktig. Ho finn eit snedig, om enn audmjukt svar på  Jesu utfordring, og set Jesus sjakk matt.

Jesus gjer meir

Og det var ganske sikkert også kva Jesus ville. I fortsetjinga tiltalar han kvinna på ein respektfull måte (som kanskje ikkje kjem fram i omsetjing), rosar henne for hennar svar, held henne som heidningekvinne fram som eit eksempel for lærlingane sine og andre jødar, og erklærer også det som var det aller viktigaste for henne: at dattera skulle verte frisk.

Jesus var ikkje nøgd med å berre helbrede dattera til denne kvinna. Han ville også gjenopprette hennar ære. Og det oppnår han, samtidig som lærlingane hans får ein ny leksjon om verdiane i himmelriket. Og Matteus får sagt noko til sine lesarar.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere