Odd Tarberg

76

Den store klimadugnaden

Eitt eksempel på tiltak - dersom vi meiner alvor.

Publisert: 13. feb 2020

På same tid som vi får høyre at klesindustrien står for større klimagassutslepp enn fly og skip, kan vi lese at kvar av oss nordmenn i snitt kaster rundt 23 klesplagg i året, og at kvart femte plagg aldri blir brukt! (SIFO-rapport om «Klesforbruk i Norge»). Dette «fenomenet» gjeld sjølvsagt slett ikkje berre klesplagga våre – og det burde sjokkere oss, i dag meir en nokon gong. For vi har eit veksande forbruk med tilhøyrande veksande klimagassutslepp.

Kvifor skjer dette? Ikkje minst fordi vi har ein reklamebransje som får boltre seg fritt i «alle kanalar», og gir oss eit nærast «narkomant» behov for å skaffe oss nye produkt lenge før vi eigentleg treng dei. Med den kunnskapen vi i dag altså har om konsekvensane av denne kjøp og kast-praksisen, er det «kriminelt» at styresmaktene lar denne hjernevaskinga av oss forbrukarar få halde fram.

Det å gjere samfunnet tilnærma reklamefritt, og erstatte reklame med tilgjengeleg produktinformasjon som forbrukarane aktivt sjølve må oppsøke, burde vere eit opplagt tiltak dersom ansvarlege styresmakter tok trusselen frå global oppvarming på alvor.
For eit ekstremt kjøp og kast-samfunn som det Norge faktisk har blitt, burde eit slik tiltak vere ein bra plass å starte.

Eit slikt dramatisk tiltak vil sjølvsagt ha ein sterkt nedkjølande effekt på økonomien, men det er faktisk nettopp det som no trengs. Dersom samfunnet ikkje skal «gå opp i liminga» som fylgje av ei slik innstramming, må dei hardast råka yrkesgruppene takast skikkeleg vare på i ein overgangsperiode.

Dersom denne idéen verkar heilt rabiat (den er sjølvsagt krevjande å innføre), så er det berre eit teikn på kor langt unna vi er det å nå dei klimamåla som våre politikarar snakkar så fint om. Det er nemleg slike tiltak som faktisk må til om det skal monne, i det som må bli ein gigantisk global klimadugnad.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
19 dager siden / 1220 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
25 dager siden / 1210 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
7 dager siden / 1142 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
11 dager siden / 853 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 607 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 574 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere