Verdidebatt

Ei faste som går i pluss

Denne fastetida skal eg ikkje tenkja på kva eg burde droppa, men på om det er noko eg kan leggja til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Altfor mange starta året med å avleggja totalt urealistiske løfte til seg sjølv, slo Anne Lindmo fast tre veker etter nyttår. Ifølge programleiaren er det er akkurat på den tida dei fleste nyttårsforsett ryk. «Så nå er me endeleg samla igjen – flokken av gjennomsnittlege, elendige, vaklevorne menneske.» Er det rart me likar henne?

Nå som fastetida nærmar seg, vil ein del folk i mine religiøse kretsar leggja planar som ytre sett kan minna om nyttårsforsett av typen «slutta å røyka» og «slanka meg». Faste frå mat og nytingsmiddel spelar ei rolle i dei aller fleste verdsreligionane, men målet er ikkje ein sunnare kropp. Drivkrafta er forholdet til Gud eller gudar – og medmenneska. Religiøse som fastar fortel ofte at det er lettare å konsentrera seg om bønn og meditasjon då enn elles – og bli motivert til å vera eit godt medmenneske. Personleg har eg null erfaring med faste. (Men spør meg gjerne om alt som kan etast.)

Festkultur

Sjølv om me lutheranar har fastetider i kyrkjeåret vårt, har me stort sett brydd oss lite om dei. Men nå har eit marginalt trendsetjar-fenomen begynt å famna breiare: Stadig fleire aktive kyrkjegjengarar vil at tida mellom fastelavn og påske skal innehalda ei form for faste. Nokon kuttar ned på skjermtid. Andre droppar kjøt eller snop, kaffi eller vin – og nyt det med større glede når høgtida kjem. Allereie i 1994 skreiv Asle Finnseth, STREK-redaktøren, i boka Men gleden er et annet sted at forbrukarkulturen byggjer ned kontrastane mellom kvardag og fest, og gjer difor livet mindre spennande. «Jeg tror vi trenger en ny festkultur for en tid (...) som er i ferd med å glemme hva fest er, fordi den småfester hele tiden.» Faste og forsaking handlar ikkje om gledeslaus snusfornuft, tvert om. Berre sjå på kveldsmåltida når muslimske familiar bryt den daglege fasta under ramadan.

Å faste aleine

Kanskje er det, som mange muslimar og katolikkar seier, lettare å fasta når mange gjer det samtidig. Det unnskylder i alle fall eg meg med, når eg på avstand beundrar dei som driv med fastegreiene sine. Som postmoderne protestantar er fastepraksisar noko me helst driv med kvar for oss og må finna utav på eiga hand. Derfor krev gjerne slike prosjekt eit visst overskot. I ein samtale med ein klok venn, presten Anne Marit Riste, innsåg eg at slik livet mitt er akkurat nå, er det ikkje rom for (les: ork til) slike sjølvdisiplinerande tiltak.

«Men kanskje du ikkje skal tenkja sånn på kva du burde droppa i fastetida. Kanskje er det nok å leggja noko til?» spurde ho.

Gode vanar

Denne fastetida skal eg begynna der. Det er muleg at det hjelper å begynna tenkinga litt før den søndagen eg står og manglar ingrediensar til krembollar. Eg skal leggja ein liten og ikkje totalt urealistisk plan (jamfør Lindmo), for å «leggja noko til». Kanskje skal eg lesa ei inspirerande bok eller to? Martin Lønnebo si Veven, den store treningsboken for sjelen (2003) ligg allereie på nattbordet. Eller skal eg finna fram kollega Stian Kilde Aarebrot si bok Kunsten å forme livet (2018)?

For det er dette det handlar om, som både Aarebrot er opptatt av, og som Riste skreiv i Ettertanke-spalta i Vårt Land på måndag (ho skriv heile denne veka): «Kva gjer vi kristne når vi trur? Korleis praktiserer vi trua? Kanskje er vi først og fremst fornøgde med at vi ikkje treng å gjere ein ting. (...) Endeleg har vi klart å riste av oss alle livsstilskrava og all den dårlege samvittigheita for at vi ikkje er fromme nok. No kan vi vere frie og letta og glade og leve akkurat som alle andre. Eller kanskje er vi litt på leit likevel. Etter ein måte å leve trua på – etter ein praksis, etter rytme og gode vanar.»

Ein indre skatt

Det treng ikkje å vera ein motsetnad mellom oss «gjennomsnittlege, elendige, vaklevorne menneske» og folk som praktiserer trua si – for eksempel ved å utforska kyrkja si fastetid. Truspraksis kan gjera den indre skatten vår meir synleg for oss truande gjennomsnittsmenneske. Skatten kan også bli synleg for gjennomsnittlege medmenneske, når han får gjera hjarto våre opne for dei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt