Verdidebatt

Å bli forma til eit kristent liv

I ei tid med oppløysing er det freistande for kristne å leggje fram enkle oppskrifter på korleis livet skal levast. Men det er ei freisting ein bør stå imot.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis lærer eg å leve? Korleis blir eg eit godt og dugeleg menneske? Og – kva har kyrkja eigentleg å seie om dette?

I den kyrkjetradisjonen som eg vaks opp i, lærte eg det fylgjande: Det som gjeld er å lese mykje i Bibelen, Guds ufeilbarlege ord. Ord og bilete i Bibelen har nok eit historisk preg. Men når det gjeld sjølve meininga som ligg under orda, så kan ein nå fram til sikker og tidlaus kunnskap, «Guds vilje». Dette kan ein setje saman til eit system for teologi og moral. Med andre ord: Målet blir å finne ut kva Bibelen seier, systematisere det, og så forme livet etter dette.

«Klassisk kristen» bibelbruk?

Eg tenker ikkje slik i dag, av mange årsaker. Men betyr det at eg sjølv har teke steg bort frå ein «klassisk kristen» måte å bruke Bibelen på? Eg er ikkje så sikker på det. Allereie når vi les i Det nye testamentet, ser vi trass alt at dei fyrste kristne ikkje forholdt seg til eit tekstbasert «etisk system». Jesus sjølv heldt talar, med formaningar om eit nytt liv og nye verdiar. Men i møte med einskilde menneske kunne han gje ganske ulike formaningar. Éin fekk høyre at han skulle selje alt han eigde; ein annan heldt fram med å vere rik, men dela med dei som trong det.

Paulus rettleier utan system

Utover i brevlitteraturen ser vi at Paulus gjev ei mengd med formaningar, og vi kan ane at dei fyrste kristne hadde si dåpsopplæring med bod og retningsliner. Men vi finn ikkje ei klart definert lovsamling slik som i Det gamle testamentet. Paulus talar heller om «eit nytt sinn» og «eit nytt hjarta». Nokre gonger talar han om å bruke sansane til å skjelne mellom godt og vondt. Ofte tek han utgangspunkt i både jødiske og greske moraltradisjonar. Nokre gonger appellerer han til kjærleiken som motivasjon, noko han omtalar som «Kristi lov».

I Apostelgjerningane samla kyrkja seg for å diskutere etiske problemstillingar. Og utover i kyrkjehistoria heldt diskusjonane også fram. Ulike rørsler i kyrkja freista å leve ut Jesu formaningar og føredøme. Ofte gjekk det godt; inspirert av Jesus skapte dei fellesskap, rettferd, eit varmare samfunn. Men ofte gjekk dei også i ulike typar av grøfter. Og kyrkja som heilskap måtte diskutere og drøfte og kome fram til gode retningar vidare.

Moderne bibelbruk

I dag kan eg sjå at det «bibelbaserte etiske systemet» som eg vaks opp med, faktisk i mangt er ganske moderne. I vår tid framstår det ofte som ein – forståeleg – respons på dei mange utfordringane frå vitskapar og kultur i eit liberalt samfunn. Det blir freistande å appellere til eit tidlaust og systematisk fundament for moralen og etikken, basert på «Guds evige og openberra vilje». Men dette er ein modell med mange problematiske sider, både teologisk og menneskeleg.

Kyrkja treng å vere open for den dynamiske fylden i menneskelivet. Dette spring faktisk ut av trua. Faderen er Skaparen av alle ting; Jesus gjev bustad til «Ordet» som ber alle ting; Anden er livgjevaren som strøymer gjennom alle ting. Kyrkja treng også tradisjonsbundne rammer og grenser og strukturar på det etiske området. Og dette er vel ei spenning som truande og kyrkje og samfunn må gjere sitt beste for å leve godt med. Sjølv tenker eg meg i alle fall om to gonger før eg tek del i komplekse diskusjonar om desse tinga.

Gudsteneste og liturgi

Men så er det heller ikkje «bibelbaserte læresystem» som skulle vere kyrkja sitt grunnleggjande fokus. Heller er det gudsteneste og liturgi. Der kan kyrkja samlast «som korn fra vide åkrer», til eit møte rundt ritual, tradisjonar, fellesskap, måltid – og til sjuande og sist eit møte med det guddommelege mysteriet. Gudstenesta er ikkje primært for «tanken», men for heile mennesket. Det er ein stad der ein skal kunne vere, og delta, med heile seg, og slik bli forma.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt