Verdidebatt

Fast plass

Me treng ei større bredde blant dei som får sokkel og gatenamn etter seg i historia.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvifor heiter ein stad, ein veg, ein by det den gjer? Om ein granskar kart over norske byar vil man sjå eit klart mønster: Dei fleste stader og veger som har fått namn etter menneske, har fått dei frå menn. Eit anna fellestrekk er at dei fyrst og fremst er skreve på norsk.

Bådåddjo

Som eit døme kan me sjå til den gongen byen dei fleste kjenner som Bodø i 2011 fekk samisk namn: Bådåddjo. Ei uke etter avdukinga av skiltet som stod under det norske namnet Bodø stå urørt på vei inn til sentrum, blei det tagga ned. Igjen. Og igjen. Og igjen. Namnetillegget blei ei stor sak med mykje bråk. Frps ordførarkandidat gjekk ut og sa at han ville «bli ordførar i Bodø, ikke Bådåddjo», og meinte det samiske namnet berre var tull. Andre igjen var positive. Lokalavisa kunne melde om uvanleg mange sinte lesarinnlegg om det nye skiltet, flest i mot. Ikkje før me skreiv 2014 i kalenderen fekk skiltet på riksveg 80 stå urørt. Det til trass for at samar hadde budd i området i lange årrekkje, med mykje lengre røter enn dei fleste bodøværingar som kom til byen opp igjennom byens to hundre år gamle historie. Bodø er ein ung by.

Samefolkets dag

Enno nokre år bak tid, kan me sjå til då det ble satt opp skilt med det samiske namnet Gáivuotna i det dei fleste kjenner som Kåfjord. Då blei skiltet skutt mot, og eitt av disse står i dag på Tromsø Museum, gjennomhola av kulehull.

I dag er det 6. februar. Samefolkets dag, og enno fleire kommunar har fått samiske namn utan ei liknande dramatisk historie. Heldigvis. I 2018 fekk til dømes Tromsø både samisk og kvensk namn, og byrådet i Oslo har sagt også dei ønskjer at hovudstaden skal reflektere landets urfolk og deira språk. Det er på høg tid.

Einsarta forteljing

Bybilde og kart, plassar og statuar synleggjer kven som tas med inn i framtida i form av sement, betong, asfalt, bronse og stein. Det er ei måte å fiksere ein historisk person eller hending på i ei svært bokstaveleg og lokal forstand. Det er éi inngang til norsk kulturhistorie som dei fleste er i kontakt med i kvardagen, enten du navigerer etter husken, Google Maps, kart på papir eller gateskilt. Men det er framleis er ei sørgjeleg einsarta forteljing. I ei oversikt over gatenamn i Bådåddjo kunne eg til dømes telje syv kvinnenamn, og då har eg tatt med «Dronningens gate». I ei rekke byar arrangeras det årleg «kvinnehistorisk natt» der aktivistar klistrar namna til kjente og ukjente kvinner opp på gatar og plassar for å løfte deira historie og bidrag til vitskap, litteratur, kultur og samfunn. For det er lita tvil om at kvinner har skreve og snakka og sagt briljante ting opp igjennom historia – men dei har ein tendens til å bli gløymd når historia skal skrivas.

Stadnamn vekker kjensler

I boka «Fast plass» frå 2017  har Kristin Brandstegg  skreve om alle statuar av namngjette kvinner (kvinner utan namn er derimot ikkje så uvanleg) som finst på norsk sokkel. Det er eit prosjekt som er mogleg berre fordi det ikkje er så mange av dei. Derfor var det også på høg tid at me fekk den fyrste samiske kvinna, Elsa Laula Renberg på sokkel i 2019 i Vefsn, 102 år etter at ho var med å arrangere fyrste samiske landsmøtet i Tråante (Trondheim) i 1917.

Stadnamn vekker kjensler ja – men så må me også huske at historia på ikkje noko tidspunkt vil stå ferdig skriven. Ho skal utvikle seg. Man kan sikkert seie mykje om kommunereforma som trådde i kraft 1. januar i år, men ei artig konsekvens av samanslåinga av kommunar også førte til at ei rekke likelydande gatenamn måtte endras fordi Statens kartverk ikkje aksepterer like gatenamn i same kommune. Kommunane ble oppmoda til å tenke på representasjon når dei valte. Men korleis det har gått, har eg ikkje oversikta over. Når eg søker etter «Elsa Laulas veg» kan eg berre finne ei gate i Mosjøen. Det er framleis lov til å håpe på fleire.

I mellomtida: Lihkku beivviin; vuorbbe biejvijn; læhkoeh biejjine!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt