Spaltist Emil André Erstad

Tid for menneskerettar

Erna Solbergs nye regjering gjer det mogleg for Norge å bli endå tøffare på vegne av menneskerettane.

Publisert: 4. feb 2020

Det internasjonale menneskerettssystemet og den internasjonale rettsordenen det er ein del av er under hardt press. Kina, Russland og ei rekke andre statar utfordrar sjølve grunnvollene som ligg til grunn for menneskerettane og demokrati, ikkje berre innan sine eigne landegrenser, men også langt utanfor.

Resolutt handling

Også i mange demokratiske statar fins det utviklingstrekk og rørsler som bidreg til å sette menneskerettane under ytterlegare press. Den autoritære tendensen er sterk i land som tidlegare var underlagt kommunistiske diktatur, og der vi no ser at EU-medlemskap ikkje har vore nok til å hindre ei markant tilbakegang i det vi tidlegare såg på som konsoliderte demokrati. Utvikling i blant anna Polen, Ungarn, Romania, Bulgaria og Slovakia, er spesielt urovekkande.

Det er behov for resolutt og konkret handling frå demokratiske statar si side. Vi må gjere det vi kan for å sikre demokratiet i Europa. Norge må samarbeide med likesinna land for å styrke respekten for dei grunnleggande fridomane, lovstyre og respekt for minoritetane sine rettar; både seksuelle, etniske og religiøse minoritetar.

Meir offensiv regjering

Vi som arbeider med menneskerettar ønsker oss tydelegare og klarare norske posisjonar i menneskerettsspørsmål internasjonalt, og ein markant vilje til å iverksette og følge opp menneskerettane nasjonalt.

Det positive med at Erna Solberg no har fått ei ny regjering, er at det kanskje kan gi ny giv til Norges arbeid med menneskerettane både nasjonalt internasjonalt. Kanskje kan den nye regjeringa bli endå tydelegare og meir offensiv enn regjeringa var då Framstegspartiet var ein del av den.

Her er fire heilt konkrete forslag til kva Erna Solberg si regjering bør prioritere det neste halvanna året fram mot valet:

Demokratiprogram

1. Etabler eit europeisk menneskerettsprogram:

Det største og mest konkrete behovet handlar om å støtte aktørane som står fremst på barrikadane for menneskerettane i Europa. Vi meiner det bør etablerast eit eige norsk demokratiprogram som handlar om å støtte sivilsamfunnsaktørar og institusjonar som arbeider for demokrati og menneskerettar i europeiske land.

Lovbrot

2. Bidra til straff for dei verste menneskerettsforbrytarane:

Norge bør auke kapasiteten sin til å etterforske og rettsforfølge internasjonale lovbrot. Norge har allereie ei lovgjeving som gjer det mogleg å etterforske og rettsforfølge internasjonale kjernebrotsverk som folkemord, brotsverk mot menneskeheita og krigsforbrytingar – sjølv om desse brotsverka fann stad i utlandet og norske borgarar ikkje var direkte involvert.

Spørsmålet er kome høgt på dagsorden dei siste vekene etter at Framstegspartiet valde å gå ut av regjeringa, etter at Norge henta heim ei kvinne med relasjon til terrororganisasjonen IS og hennar to born. Denne og liknande saker bør gje momentum til arbeidet med å etterforske og rettsforfølge internasjonale brotsverk.

Overgrep

3. Få fortgang i arbeidet med menneskerettssanksjonar:

Noko av det beste med heile Granavolden-erklæringa – som framleis skal vere grunnlaget for den nye regjeringa – var den viktige formuleringa om at regjeringa vil «utrede hvordan Norge, som del av en felleseuropeisk løsning, kan bidra til utvikling av et sanksjonsregime mot personer for grove brudd på menneskerettighetene». No er det ingenting å vente på, for EU har allereie bestemt seg.

Menneskerettssanksjonar handlar rett og slett om at vi ikkje kan vere passive tilskodarar når det gjeld dei verste overgrepa. Vi må sikre reaksjonar mot dei som står bak overgrep som tortur, utenomrettslege henrettingar, forsvinningar og andre grove brot på menneskerettane.

Asyl

4. Skap ei naudhamn for menneskerettsforsvarar i Norge:

Mange stader blir menneskerettsforsvarar forfølgd, fengsla, truga og til og med drepne. Ikkje minst rammast kvinner og miljøaktivistar som kjempar for menneskerettane mange stader. Det er derfor behov for ordningar som tilbyr dei mellombels opphald i trygge land, slik at dei kan halde fram verksemda si trass motstanden dei møter.

Det handlar om noko av det viktigaste som fins i politikken, nemleg å sikre menneskeverd i den store kampen mellom kva system som skal styre verda.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
22 dager siden / 1199 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
16 dager siden / 1198 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
8 dager siden / 843 visninger
Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
4 dager siden / 684 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 633 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
rundt 1 måned siden / 585 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere