Audun Aase

Pensjonert prest, men framleis engasjert i åndeleg vegleiing. Gift. Barn og barneborn.
5

Kristne verdiar og innvandring.

Publisert: 28. jan 2020

"Kristne verdiar" vert stundom brukt nærmast som eit politisk slagord og gjerne i samband med vern om det norske mot alt utanfrå som kan opplevast som ein fare for det, så som innvandring og særleg då av muslimar.

Til det er det fleire ting å seie: Skal innvandring vere eit trugsmål mot kristne verdiar, så fortel det nok mest om oss som folk, at desse verdiane eigentleg betyr så lite for oss at vi ikkje toler å møte andre tankesett. Muslimsk innvandring har forresten ført religion og tru meir fram i dagen.

Dernest: om vi litt meir innhaldsbestemmer dei kristne verdiane, så ser vi at dei ikkje kan nyttast mot innvandrarar. Fleire stader i GT er vi vitne til Guds eksplisitte omsut for innvandrarane: "Han elskar innflyttarane i landet." Derfor heiter det naturleg nok i framhaldet av dette sitatet: "De skal elska innflyttarane", noko Viste og Aarflot har vore tydelege døme på. Og sikkert mange fleire.

Nestekjærleiksbodet: å elske nesten sin som seg sjølv, er her sjølve samanfatninga av kva kristne verdiar er. Og det er eit bod som ikkje sluttar ved landegrensene. Det skulle vere nok å vise til Jesu talande forteljing om den miskunnsame samaritanen som altså tok seg av det som mest truleg var ein mishandla jøde. Her er det ein som høyrde til eit folk som jødane ikkje ville vite av, men som viser både jødar og oss kva som ligg i bodet om nestekjærleik.

Ut frå dette er det derfor all grunn til å spørje: Korleis kan vi kome til rette med den strenge asyl- og innvnadringspolitikken i landet vårt? For ikkje å snakke om korleis flyktningar, utan høve til retur, i lovs form nærmast er gjorde til ein pariakaste?

Utfordringar med ei grei og god integrering er forståeleg grunngjeving. Men det spørst om ikkje det er suta for kulturen vår, for ikkje å snakke om suta for rikdommen vår som er hovudgrunnen. Altså det vi må kalle ein nasjonal egoisme. Vår velferd er iallfall ofte inne i bildet i kommentarar. 

At politikarar med ansvar tek på alvor å syte for best mogelege liv for folk her i landet, er sjølvsagt på sin plass. Men vi kan likevel ikkje gjere grensene våre til murar mot andre folk, som anten lir under krig og forfølging eller på grunn av naud. Når skal vi forresten begynne å sjå desse som ressursar for samfunnet og ikkje berre som problem?

Ein annan ting er at rikdommen vår som folk, den er ikkje vår. Igjen for å sitere Skrifta: "Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til." Skaparen er eigaren. I ei bøn i liturgien i Dnk finn vi ein gjenklang av dette: "Av ditt eige gjev vi deg attende." Eller i songen: "Intet er vårt. Alt er ditt."

Vi menneske er like sidan paradiset sette til å forvalte skaparverket med alle ressursane og med ansvar overfor Skaparen. Det er eit fellesprosjekt og inneber derfor m.a. at vi menneske skal dele, slik at alle i verda får best mogelege liv å leve. Også om det for oss vil bety at levestandarden vår kan gå noko ned. Og det må den vel òg, for det er sagt at den er ikkje berekraftig. Skal "kristne verdiar" bli noko meir enn eit tomt munnhell, må iallfall politikarar og andre som brukar det, innsjå at nestekjærleiksbodet er med og gir dei sin tydelege farge. Ja, at om ei lov gjev slike følgjer som for dei som ikkje kan returnerast, så står nestekjærleiksbodet over norsk lov, for som Skrifta igjen seier: "Ein skal lyda Gud meir enn menneske."

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Visjon Norge som «Guds forrådshus»?
av
Cecilie Erland
23 dager siden / 2198 visninger
Å bli forma til eit kristent liv
av
Hallvard Jørgensen
20 dager siden / 1802 visninger
Fleksibel og sliten
av
Merete Thomassen
8 dager siden / 1297 visninger
Klima er viktigst!
av
Arne Danielsen
29 dager siden / 1224 visninger
Lengselen etter det evige hjem
av
Heidi Terese Vangen
13 dager siden / 1112 visninger
Respektløshet og bedrag i Jesu navn
av
Pål Georg Nyhagen
24 dager siden / 1064 visninger
Rusreformen som gjør vondt verre
av
Constance Thuv
17 dager siden / 914 visninger
Prestekallet kommer innenfra
av
Maryam Trine Skogen
28 dager siden / 900 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere