Liv Osnes Dalbakken

lektor
19

Hjartespråk med bilyd

Nynorsk er eit hår i suppa, ein prosent vi må oppfylle i NRK og i statleg forvaltning.

Publisert: 15. jan 2020  /  621 visninger.

Ivar Aasen ville redusere avstanden mellom tale og skrift, derfor ga han folket eit hjartespråk. I dag kan det sjå ut til at avstanden til hjartet er større enn nokon gong.

10. januar kunne NRK gledeleg melde at dei endeleg har nådd målet om 25 prosent nynorsk, rett nok femti år etter at målet vart sett. Samtidig ytra eit medlem av ei lesegruppe på Facebook at bøker burde vere merka med målform. Han hadde kjøpt ei bok av Edvard Hoem utan å vite at ho var på nynorsk, og blei forarga over at dei ikkje hadde åtvara om dette i bokhandelen. Ytringa minner meg om då ei studievenninne skulle kjøpe Vesaas sine samla verk på Mammutsal, og ekspeditrisa på bokhandelen beklaga så mykje, for «Vi har dem bare på nynorsk, altså».

Sikre demokratiet

Ein oppfylt nynorskprosent i NRK garanterer verken for velvilje eller praksis. Bokmålselevar snakkar uansett om «norsk» og «sidemål». For det er bokmål som er «norsk». Den oppfatninga viser seg også gjennom merkinga «norsk» og «nynorsk» over hyllene med skulebøker i Oslo sin største bokhandel. Nynorsk er eit hår i suppa, ein prosent vi må oppfylle i NRK og i statleg forvaltning. Då har ein ikkje forstått at språkdebatten etter 1814 strekte seg langt ut over ønsket om ein nasjonal markør. Det pedagogiske problemet i store delar av landet var påtrengande, for avstanden mellom det språket ein snakka og det skriftspråket ein hadde til rådvelde, var stor. Skulle ein sikre demokratiet, måtte ein ha eit språk som folket kunne kjenne seg heime i, og som gjorde det mogleg å delta i samfunnsdebatten. Dette språket fann Aasen fram til, gjennom det største språkarbeidet nokon nordmann har gjort.

Få meistrar hovudmålet

Men sjølv om ein aldri så mykje respekterer og verdset Aasen sitt arbeid, er det eit faktum at svært få i dag fullt ut meistrar nynorsk som skriftsspråk. Ei årsak til det er sjølvsagt at mange skuleelevar med nynorsk som sidemål ikkje legg to pinnar i kors for å lære, men smett inn ein «i» eller ein diftong på måfå, eller avsluttar alle ord med «-ar», i den tru at det då blir nynorsk. Det er overraskande kor dårleg nynorsk mange skriv etter årevis med sidemålsopplæring, men kanskje ikkje så overraskande likevel, når haldninga er at ein dårleg karakter i norsk sidemål på vitnemålet både er akseptabelt og forventa.

Det verkeleg ironiske i sidemålsdebatten er at Aasen sjølv klart uttrykte at bruk av «landsmålet» måtte vere frivillig: «Denne nye språkforma burde ein likevel absolutt ikkje påby eller presse på nokon. Ein skulle heller oppmuntre til at språkforma blir brukt», skriv han i «Om skriftspråket vårt». Aasen blei heldigvis skåna frå å lese sidemålstekstar til eksamen i vidaregåande skule.

Dialektbruk

Den verkelege grunnen til uro er likevel ikkje sidemålsbrukarane, men dei mange som strevar med å skrive hovudmålet sitt rett. Det kan vere langt mellom nynorskbrukarar som skriv feilfritt. Og det er ikkje rart, når dei ser så lite av hovudmålet sitt rundt seg, og har få gode forbilde. Språket i nynorske lærebøker kan vere både arkaisk og kunstig, viss nynorskutgåva i det heile tatt finst. Mange aviser er restriktive med å la journalistar skrive på nynorsk. Forfattarar som gjerne kunne skrive nynorsk, vel bokmål for å selje, noko mannen med Facebook-ytringa godt illustrerer. Hovudproblemet er likevel kommunikasjon gjennom sosiale medium. Dei fleste ungdommar, ja også mange vaksne, opplever det å skrive korrekt nynorsk i sosiale medium som stivt og lite personleg. Språket kjem ikkje nært nok når dei skal bruke det til å chatte. Dermed vel dei å skrive på dialekt i alle andre samanhengar enn i øvinga norsk skulestil. Unge språkbrukarar får altså ikkje mengdetrening i nynorsk skriftspråk, og ein kan ironisk nok hevde at dialektane har blitt nynorskens bane.

Som norsklektor i nynorskens kjerneområde, opplever eg det krevjande å skulle setje ord på min språklege ambivalens. Det blir som sørvestlendingen som måtte medgi at Jesus gjorde vatn om til vin: «Me vett det, men me liga det ikkje». Men kva gjer vi når vi opplever liknande pedagogiske utfordring i dag som på Aasen si tid, nemleg at avstanden frå hjarte til skriftsspråk blir for stor?

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
5 dager siden / 2736 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
27 dager siden / 1884 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
2 dager siden / 1200 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
8 dager siden / 996 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
29 dager siden / 686 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
13 dager siden / 617 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere