Verdidebatt

Sørarnøy

Vårt Land og Berit Aalborg gjer det neppe lettare for dei lokale frontfigurane for Normisjon på Sørarnøy med å framstilla dei som representantar for ei «hard» «boikottlinje».

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei fleste av oss er neppe særleg glade i boikott. Ikkje om det er vi som blir boikotta, og heller ikkje (vil eg tru) om det er vi som boikottar andre. Og det er sikkert slik med dei involverte på Sørarnøy som med dei fleste av oss andre, at helst vil ha eit fredeleg og venskapleg forhold til alle – også dei vi er usamde med i spørsmål om tru, livssyn og politikk. Vi toler å snakka med folk som tenkjer annleis. Vi ser ikkje ned på folk som gjer val vi meiner er feil. Vi ser at folk vi er grunnleggjande usamde med, ofte har mange kvalitetar vi sjølve har mindre av. Vi ønskjer heller ikkje støtt og stadig å fokusera på det som set skilje mellom oss.

Men den som har leiaransvar i ei forsamling, har òg eit anna ansvar i tillegg til dette – nemleg å gje talarstolen til personar som formidlar evangeliet slik vi har fått det frå apostlane i Bibelen. Då må ein av og til seia nei. Ikkje fordi ein mislikar eller ikkje har respekt for den ein seier nei til. Men fordi ein har fått ansvaret for å gje vidare den store felles skatten kyrkja har fått.

Kritikken bør ikkje rettast mot Normisjonsfolk på Sørarnøy, men heller mot biskopar, kyrkjemøte og andre kristenleiarar som held si vernande hand over to motstridande versjonar av evangeliet. Det er der kimen til striden ligg, ikkje hjå dei som trur og forkynner det same som dei alltid har gjort.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt