Verdidebatt

"Frelse eller fortapelse"

Terje Tønnesen tek utgangspunkt i VLs artikkel: "Nordmenn avlyser helvete". Her er det mangt å presisera, korrigera og utfylla. Særleg er definisjonen av helvetet årsak til mistyding og urette førestillingar. Det går an å vera bibeltru utan å godta det rådande synet på helvetet - for det er ikkje bibelsk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit synpunkt som er utbreidd og fører vill er: "Sjela er udøyeleg." Men dette er i strid med Bibelen, for den seier noko heilt anna.

Læra om den udøyelege sjel er ein arv frå gresk filosofi. Bibelen derimot seier: «Men ottast Han som kan øydeleggja sjel og lekam i helvete».

Det er einast Gud som er udøyeleg, -  men dei frelste skal ikledast uforgjengelegdom og gå inn til Det Evige Liv. 1.Tim 6,16 - 1.Kor 15,53.

Synet blant teologar på fortapinga sprikjer med alt frå: «Helvetet er avskaffa»,  -  til: «Dei usæle skal pinast i helvetet i all æve».

Å hevda noko anna enn dette klassiske synet: - at  fortaping er å bli brend i helvete i ei uendeleg pine – vil vera eit teikn på vantru og fråfall av den rette læra. Få eller ingen vil ta den støyten og stå for slike kjetterske tankar.

Alt for 50 år sidan las eg ei bok med tittelen: "Ingen evig pine". Eg fann ikkje noko feil i argumentasjonen, men ung og ulærd som eg var gjekk eg til soknepresten som eg hadde tillit til – og som var ein varm og trygg kristen – og spurde han kva eg skulle tru. Han sa: «Dette er noko alle prestar veit, men som ingen vil gå ut med, for det er for kostesamt. Du vil bli stempla som lite truande; - å vera liberal og ikkje bibeltru».

Men opphavet til det klassiske synet – evig pine i helvetet - er faktisk ikkje bibelsk. Det er sterkt farga av det hellenistiske synet om ei udøyeleg sjel og mellomalderens helvetesfantasiar. Den katolske kyrkja må ta mykje av skulda for dette som selde avlat, syndsforlating, for å sleppa helvetet - for penger. Og mykje av usemja skuldast ulike definisjonar av ord og nemningar som blir brukt. Oversetjingane frå hebraisk til norsk er misvisande. Når Gehenna, Hinnoms dal, vert oversett til det norske, vulgære bannordet helvete og blanda med Dantes helvetesskildringar frå mellomalderen, må det bli feil.   (Jakob Jervel nytta originaluttrykket Gehenna, uoversett i si bibelomsetjing ,- men det verkar vel ikkje særleg tillokkande å bruka for oss konservative?)

Spesielt ordet EVIG fører vill. Når det i bibeloversetjinga vår står evig pine, eller i all æve, kan det ikkje bety ei tid utan ende. For tida er oppheva; slutt; for all-tid.

Me menneska har blitt sett inn i dette som kallast  Tid, - og det har vore vårt tilvere og «fengsel». Me lever frå der  til dit.  Så er vår tid ute. Men når vårt tidshushald er over, - når Gud kallar til oppstode og dom, blir me sett inn i ein ny måte å vera på. Alt blir , slik som det har vore for Gud heile tida, - også  før vår tid. Gud kallar seg: DEN SOM ER. Han stiller seg utanfor Tida. Men me er henvist til å nytta ubrukelege termar for tid, for me har ikkje ord for tidløyse. Æva er ein annan dimensjon, som er framand for oss.

Evig død, pine og straff blir å forstå som definitivt, slutteleg, ugjenkalleleg. (dette er i samsvar med grunnteksten)

Bibelen seier: «Borte». «Ikkje minnast meir». «Tilinkjesgjort». «Den Andre Død»; - ein død som det ikkje går an å vekkjast opp frå. «Den døde veit ingen ting». Kropp og sjel er sletta, - formatert.

Gud er kjærleik, og kjærleiken  gøymer ikkje på det vonde, seier Paulus. Ein ny Himmel og ei ny Jord. Det gamle er ikkje meir. Alt er brent opp; (slik som den «usløkkjande elden» i Gehenna er slokna i dag).

Dei usæle har betalt med livet sitt, det evige, som dei kunne fått; men dei valde dødsstraff  og er nå døde og borte, - etter Den andre død. «For synda har ikkje nokon rett over den som er død.» Rom 6,7 Dette er fortapinga:

Dei har tapt LIVET for godt. Ugjenkalleleg. «Evig» fortapt. Dette er den «evige» straffa: Å gå glipp av Livet med stor L.

Den som lir dødsstraff har gjort opp for seg og er «skuldfri»,-  men han går ut av tilveret, - eksisterer ikkje meir.

Jesus valde også dødsstraff – for å sona vår skuld. Dei ugudelege, som ikkje vil ta imot Jesu forsoningsdød vèl altså dødsstraff – Den andre død som er: «å bli borte for godt, - for evig, - for all tid, - ikkje minnast meir, - borte som røyk». 

Nokon hevdar at det å bli tilinkjesgjord ikkje er «straff nok». For då kan ein berre vraka Gud, leva sitt liv her på jord, og når livet er slutt, så er det slutt. Dette er dei ugudelege si «trøyst». Dei går over til det ikkje-tilveret, mørkret,  som dei var i før dei vart fødde inn i verda

Ja, eg trur det er slik, for Bibelen seier det same: «Lat dei som gjer urett gjera urett….». Det er deira frie val.

Men det som er heilt ulogisk og totalt urimeleg er framstillinga av dette som billig straff og ei trøyst!Ei uendeleg fattig trøyst!

Me kan gjera ei samanlikning: Når me her i verda gjer eit brotsverk, kan me få ei bot. Er det eit grovt lovbrot, blir me sette i fengsel i eitt år, ti år, - eller i grovaste tilfelle på livstid. - Nei, det er noko som heiter dødsstraff: Tilinkjesgjering.  Ein blir dømd til å bli hengd, få giftsprøyte eller bli skoten. Gravlagd. Borte for godt.

Men dette er så fælt at sjølv A.B. Breivik, som har teke 77 unge liv, vart skåna for det.

Nei, det å berøva ein forbrytar livet er for umenneskeleg og grenselaust ubarmhjertig, - endå me veit at eit liv etter eit massemord kanskje blir både tungt og uleveleg.

Men i dette tilfellet er det altså å gå glipp av å få leva resten av  eit menneskeliv på jord. For oss alle er det snakk om å fortapa Det Evige Livet Eit liv i eit nytt tilvere så makelaust og ufatteleg at det ikkje finst ord som kan dekka det. Bibelen snakkar om «gater av gull» - ein grensesprengjande metafor for noko stort som berre Gud kan skapa. Og når han seier at den nåverande jord – som på sitt beste er fantastisk – berre er ein bleik skugge mot det som er i vente, - ja, då er det ei straff så grueleg som det vel går an; å bli utestengd!  Kan ein anna enn tenkja seg at den som blir dette bevisst, - og får sjå kva han går glipp av, kan bli så forpint som det er råd?   Gråta og skjera tenner?

Somme ser for seg eit liv i Himmelen der dei kanskje ser sine kjære lida alle helvetes kvalar – og meiner det ikkje kan vera ein særleg lykkeleg tilstand. Nei, så avgjort ikkje. Det rimar heller ikkje med det me har lært og erfart om den nådige og kjærlege himmelske Far.

Her og nå synest me det er ille om me ikkje skal møta og kjenna att slekt og vener i det hinsidige. Men alt skal bli nytt, seier Skrifta, «det gamle er borte; - skal ikkje minnast meir»; - og då kan me i trygg tillit til den allmektige, gode Faders lovnader lita på at me får oppleva ein tilstand som er ennå betre.

For så høg som Himmelen er over.. … er mine tankar over dykkar tankar…

Synet at tilinkjesgjering -  borte for evig  er for «mild straff» - har heilt feil fokus og ute av proporsjonar. Dei har mista Himmelen av syne og ikkje sett kva for ei «straff» evig fortaping er:  Å gå glipp av sæla hos Gud.

Likninga om den store skatten/perla set alt i rett perspektiv: Verdien av denne sæla overskyggjer alt me kan tenkja oss.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt