Då me såg føre oss framtidsrobotar på 1980-talet, var det gjerne som småskumle Barbie- og Ken-dokker med kantete rørsler og menneskestorleik, eller sjellause metallvesen som sa «blipp-blopp». Kanskje kunne dei hjelpa til heime med å støvsuga eller skuva rundt på tunge grasklipparar. Dei færraste tenkte at sjølve grasklipparen eller støvsugaren ville vera roboten. Eller rettare sagt: programvaren inni maskinane. Og kven tenkte vel at usynlege robotar skulle kjøra buss i Oslo, slik dei førarlause minibussane «Oda» og «Mads» har gjort sidan i sommar?
Kunstige hjernar
Folk gir støvsugarane sine kjælenamn og står i kø for å sitja på med Oda. Og nå ser me at robotar kan redda liv. Me kjem ikkje til å ønskja å klara oss utan dei. For få dagar sidan publiserte eit internasjonalt forskarteam ein studie der dei hadde mata eit dataprogram med røntgenbilde frå 90.000 kvinner. Den kunstige intelligensen viste seg å gjera ein betre jobb enn levande legar, når det gjaldt å oppdaga brystkreft – den vanlegaste og aukande kreftforma blant kvinner.
Med den kognitive teknologien – maskinar som sansar, oppfattar og forstår – vil «menneskeleg svikt» bli ei stadig sjeldnare forklaring på at noko går gale. I dag skuldast 90 prosent av alle trafikkulukker menneskelege feil. Oda og dei førarlause barnebarna hennar kan gjera vegane mykje tryggare. Derfor opplever eg ikkje slike som henne, eller den røntgenbilde-lesande roboten, som ein trussel mot mennesket – tvert om. Men eg trur også at det handlar om at dei kunstige hjernane er skjulte inni maskinar som ikkje ser ut som meg.
Oppdaga sjela
På tysdag viste Samsung fram det nye Neon-prosjektet sitt: kognitiv teknologi i form av «digitale menneske». Neonane er ikkje chatrobotar eller liknande program som seier «hei, eg heiter Kari, kva lurer du på?». «Neonar er meir like oss, eit uavhengig, men virtuelt levande vesen,» seier Samsung. Dei ser ut som skremmande ekte menneske, viser kjensler og kan vera alt frå lærarar til nyheitsanker. Nå gir dei meg frysningar på ryggen. Vil det vara?
I dag høyrest dei eldgamle orda til salmisten i Bibelen, «kva er då eit menneske?», meir ut som tittelen på ein TV-debatt. Utviklinga stiller oss overfor nye etiske diskusjonar om kva eit menneske er, og kva det er verdt. Kanskje vil folk finna saman på tvers av livssyn og tidlegare «båsar» i denne debatten. Då eg intervjua den svenske forfattaren og tidlegare biskopen Martin Lönnebo for eit par år sidan, sa han at «indre tomleik er den største trusselen mot framtida vår. Menneske som berre er ytre skal, kjem til å søkja feil vegar.» For han er det viktigaste eit menneske kan gjera å oppdaga sjela si. Det er sjela som skil oss frå maskinane.
Kven er me?
Forskarar og filosofar meiner at robotar ikkje berre treng kunstig intelligente system, men også moralske. Tenk om buss-barnebarnet til Oda i ein framtidig krisesituasjon må velja mellom å køyra på ein fotgjengar eller ein syklist. Håpet er at robothjernane ikkje berre blir flinkare enn oss, men også snillare. Men Lönnebo trur ikkje at dei kan ta etiske val. Maskinar har ikkje eit ansvarleg sjølv, slik som mennesket – inga sjel.
Den kunstige intelligensen gjer at perfeksjon er innan rekkjevidde på ein heilt annan måte enn før. Kven er me menneske, viss maskinane ikkje berre blir smartare enn oss, men også ser ut til å gjera betre val enn oss? Det feilbarlege har vore eit menneskeleg grunnvilkår til alle tider – og noko me alltid har ønskt oss vekk frå. Men feila gjer oss til tvers gjennom menneskelege menneske. Kan dei bli eit slags kvalitetsstempel i framtida?
Ru sjel
Kanskje vil framtidsmennesket også trenga ordet sjel – for å skapa meining og for å skilja mellom måtar å finnast på. Dette trur eg: Viss sjølvet vårt er ei sjel, så har ho inga blankpolert plastoverflate, som på eit nytt Apple-produkt. Ho er ru som eit gammalt leirkar. Det er sprekkar i henne, alltid sprekkar i det menneskelege. «Det er ein sprekk i alt. Det er slik lyset kjem inn», song Leonard Cohen. På kva plate? The Future.