Verdidebatt

Ei vurdering av Mestad sin draum for 2020

Vårt Land synest openbert at Ragnhild Mestad har skrive ein god artikkel, men viss faktagrunnlaget er feil, kan heller ikkje konklusjonane bli rette. Delvis trekkjer ho heller ikkje rette slutningar av det ho veit er sant.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ragnhild Mestad er m.a. koordinator i NMS Global og fast spaltist i Vårt Land. Der har ho skrive ein kommentar, "Min drøm for 2020", som redaksjonen la ut på Verdidebatt nyttårsaftan i 2019 og plasserte på toppen av lista over tilrådde innlegg. I tillegg fekk artikkelen heidersplassen øvst på sida og topplasseringa under aktuelle innlegg, begge stader med utheva overskrift i fargar. Det viser at Vårt Land meiner synspunkta hennar er vektige, enten fordi dei byggjer på fakta og logiske slutningar eller fordi dei samsvarar med avisa sitt eige syn, eventuelt begge delar.

Mestad skriv fleire ting som er sant, m.a. at migrasjon er eit problem både for land som misser kompetente innbyggjarar, for transittland som må skaffe mat og ly til tusenvis på kort varsel og ofte i lang tid, og for mottakarland som må finne varige løysingar, også for familiemedlemmar som kjem etter. Også første avsnittet under "Lang vei", som handlar om kor vanskeleg det er å kvalifisere seg språkleg og fagleg for norsk arbeidsliv, er korrekt.

Det er derimot sterkt misvisande å gje att tala til FN om 272 millionar migrantar i ein artikkel om dagens situasjon. Går ein til internettsida ho må ha teke tala frå, ser ein at Europa er vertskap  for 82 millionar og Nord-Amerika for  59 millionar av desse. Det inneber at tala inkluderer alle som har kome etter 2VK og for lengst er busette og delvis integrerte i arbeids- og samfunnslivet. Spesielt innvandringa til USA, Tyskland og Storbritannia viser at dette må vere innvandring heilt frå 1960- og 70-åra. Men når 140 millionar frå andre kontinent har fått slå seg ned i Europa og Nord-Amerika, må det også vere mogleg å forstå at dei opphavlege innbyggjarane synest det er nok. I Noreg har no 20% av befolkninga rein innvandrarbakgrunn og 30% av dei nyfødde har mor frå utlandet.

Unntaket må vere alle framandarbeidarane i dei oljerike, arabiske landa ved Persiabukta, som ingen retter får i det heile. Russland og russarar er også eit særtilfelle. Etter 70 år med Sovjetunionen bur ti millionar frå andre Sovjetrepublikkar i Russland og like mange russarar i statar som vart sjølvstendige i 1991. Men heller ikkje dette er av ny dato.

Talet på reelle flyktningar er derimot 20,4 millionar, for dei palestinske på 5,5 mill er stort sett etterkomarar etter folk som flykta for vel 70 år sidan og derfor har vore bufaste like lenge. Og det store gross er internt fordrivne, som ikkje har kryssa ei landegrense og difor ikkje er flyktning i FN-forstand. Etter folketalet burde då det norske folket ta ansvar for 0,06%, dvs vel 12000 personar. Men berre etter 1990 har vi teke i mot 175000 flyktningar og kanskje like mange familiemedlemmer i etterkant, dvs 29 gonger så mange som vår rimelege del.

Mestad hevdar det finst murar kring landa som er med i Schengen-samarbeidet eller EU, og kallar desse "Festung Europa". Veit ho ikkje at uttrykket var Nazi-Tysklands propagandaord for Atlanterhavsvollen, dvs festningane som skulle hindre alliert landgang frå England under krigen? Når ordet no er teke i bruk av dei som ønskjer opne  grenser, er det nettopp for å knyte motstand mot dette til nazismen. Det er ikkje ærleg spel. Alle statsvitarar veit at kontroll med territoriet er første bod for einkvar sjølvstendig og ordna stat.

Påstanden om at samfunnet treng migrasjon, grunngjev ho ikkje. Behovet for slik arbeidskraft rimar ikkje med det Mestad sjølv har vedgått om gapet mellom kvalifikasjonane til dei som kjem og krava frå arbeidslivet i eit avansert og framandt samfunn. I den grad Vest-Europa har behov for ytterlegare arbeidskraft, blir dette dekt og meir til av framandarbeidarar frå EU-land i Aust-Europa. Påstanden passar heller ikkje med dei sperringane,  fysiske som juridiske, som Mestad polemiserer mot. Dei nyskapande ideane har vi derimot ingen stengsle mot, no når vi kan kommunisere med heile verda frå vår eigen kvilestol, og nordmenn finst i alle land.  Viss det er folk frå andre land som skal gje oss dei nye ideane, må det vel greie seg med éin million innvandrarar frå meir enn 200 statar.

Det mest alvorlege er likevel påstanden "Frykten for hva som kan skje gjør at vi som samfunn aksepterer at tusenvis av mennesker dør over middelhavet og lider i flyktningleirene." Redaksjonen har også brukt dette som samanfattande innleiing til innlegget på Verdidebatt. Viss migrantane er sende av familien, må desse bakmennene ta eit stort ansvar. Reiser folk frivillig, må dei sjølve bere ansvaret. Største skulda har smuglarane som lastar gummibåtar og andre skrøpelege fartøy til ripa for å auke fortenesta.

Også dei som finansierer private og statlege redningsbåtar, som fraktar migrantane til Hellas, Italia, Malta eller Spania i staden for å setje dei i land i næraste trygge hamn, har ein del av skulda. Til fleire båtar som vart sette inn, til større prosent av migrantane drukna. Vestlege land har hatt stor økonomiske suksess og sjenerøse velferdsordningar for asylantar. Begge delar har stor tiltrekningskraft for personar som er vesentleg fattigare enn oss, men som likevel ikkje er blant dei fattigaste i Afrika og Asia, for dei verkeleg fattige har sjølvsagt ikkje råd til å betale det menneskesmuglarar krev for turen til Europa. Så lenge vi gjev mellomklassen frå Afrika og Vest-Asia tidobbel levestandard viss dei kjem seg til Vest-Europa, vil mange både svikte sitt eige land og folk og risikere ei farleg reise, sjølv om dei endar i arbeidsløyse og relativ fattigdom her hos oss. Samanlikna med tidlegare landsmenn vil dei som klorar seg fast, likevel vere rike. Sjølv massivt mottak av migrantar vil ikkje hindre følgjene av befolkningseksplosjonen i Afrika. Fram til neste hundreårsskifte vil folketalet der auke med 3000 millionar, dvs nær 37 millionar per år i gjennomsnitt. Sjølv éin million flyktningar og migrantar skapte kaos i Europa i 2015.

Det hjelper heller ikkje å tøme flyktningleirane på Lesvos, for nye tusentals vil då fylle dei. Det einaste som kan lindre nauda, er meir hjelp til nabolanda Tyrkia, Libanon, Jordan og kurdiske område i Syria og Irak, og til transittlanda i Nord-Afrika. Noreg er alt ein av dei største bidragsytarane til FNs Høgkommisær for flyktningar og gjev også hundretals millionar i naudhjelp til kvart av desse landa. I siste instans er det berre slutt på krigane som kan hjelpe. Krigens frukter er alltid bitre, men var faktisk langt verre under dei to verdskrigane, som målt i dødsfall råka tyskarar, austeuropearar og russarar hardast. Men heller ikkje åra etter var nokon idyll, slik boka "Råskapens Europa" viser til fulle. Likevel er ikkje alt håp ute. Europa vart bygt opp att etter krigen, Japan og Sør-Korea har blomstra økonomisk, og folk i dei fleste land har fått det betre.

Vidare innvandring av folk som ikkje let seg integrere, langt mindre assimilere, vil berre auke faren for konflikar i vårt eige land, både mellom ulike innvandrargrupper, mellom nordmenn og innvandrarar og sjølv mellom nordmenn. Det er dette siste vi innvandringsrealistar har merka mest av til no, for folk som berre brukar NRK og aviser som Vårt Land som kjelde, forstår lite av samtida. I boka "Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid" seier Halvor Fosli det slik:

"Nordmenns oppfatning av rikets tilstand på dette feltet er knyttet til hvordan de store mediene fremstiller forholdene. Med få unntak er det for en gjennomsnittlig mediebruker liten grunn til uro hvis man bare ser på NRK/TV2 og leser riksavisene. Den fjerde statsmakt har tatt asylantenes parti i det store og hele, og ikke samfunnet de er en del av."

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt