Verdidebatt

FRONTAR OG DEN VERBALE KRIGFØRINGA I KYRKJA OG SAMFUNNET I KRING

Både før og no har det vore krig i verda. I dag er krigen kald. Nokre er i ei skyttargrav, medan andre er i ei anna. I himmeltiden trer stjernene frem og desse stjernene lyser over oss i skyttargravene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Før

I jula 1914 hadde 1. verdskrig vart i over fem månadar. Songen « Stille Nacht, Hellige Nacht» blei sunge av dei unge, tyske soldatane i skyttargrava i ingenmannsland. Engelskmennene svarte med å syngje: «They looked up and saw a star/Shining in the East beyond they far/And to the earth it gave great light/And so it continued day and night.» Verset er frå julesongen: «The First Novel» som blei skrive på 1600-talet. Det blei ei spontan våpenkvile i vel eitt døgn. Soldatane byrja å gi kvarandre små gåver. Dei kunne ikkje sjølv tru det som skjedde, men det skjedde.  Korleis kunne slike ting skje? Dei var midt i ein krig. Julesongen på deira eige språk skapte fellesskap på tvers av nasjonalitetar. Dei song om barnet som kom med fred. Over dei lyste stjernehimmelen.

No

I dag er krigen kald i vår del av verda. Det kan vere ei verbal krigføring mellom menneske, både i kyrkja og i samfunnet i kring. Nokre er i ei skyttargrav, medan andre er i ei anna. Dei som er i ei skyttargrav held saman, og skaper frontar mot dei andre. Nokre vel å trekkje seg vekk for å verje seg sjølve. Tilskodarane blir oppgitte og søker andre stadar. Dei stridande partane syng julesongane saman kvar julehøgtid i kyrkja. Stjernehimmelen lyser fortsatt.

Himmeltida

Om vinteren kjem stjernene fram på himmelen. Oskar Stein Bjørlykke kallar denne tida for himmeltida i sitt dikt: Dei stjernene.  Stjernene lyser over liva våre og han beskriv i diktet sitt ei av desse stjernene. Han seier det slik:

Vinterstjerna 

med høgder og djupner i alt

det er lys og lys, men mest natt

opna meg då

for gledene, sorgene

gå inn i

himmeltiden

eg aldri blir ferdig med

den stjerna så stor ho er.

Vi er midt i himmeltida no. Livet gir oss både gleder og utfordringar. Vinterstjerna lyser både i det djupe og vanskelege, og i det høge og lyse.

Det heilage bandet

Gustava Kielland skreiv julesongen: «O, jul med din glede» i 1840. Ho ville skape fest og glede for born og vaksne i jula. Nokre likte ikkje teksten og rytmen i songen, medan andre tykte godt om den. Frontar oppstod. Songen kom først inn i songbøkene tidleg på 1900-talet.

Gustava Kielland fikk hogd eit juletre og pynta det med levande lys, tørka blomar og silkeband, i prestegarden i Lyngdal. Ho skriv om «kjærlighetens hellige bånd» i songteksten sin. Dette heilage bandet kan også i dag få knyte oss saman som menneske, både i kyrkje og i samfunn. Ein kan klatre opp av skyttargravene for å hylle barnet som kom til jorda. Barnet, som blei fødd julenatta for over 2000 år sedan, kom som eit lys til verda. Vinterstjerna blir til barnet. Dette barnet vil vere til stades i dei krevjande liva våre. La oss rive ned frontane og stengsla slik at vi saman kan synge julesongane under stjernehimmelen. Vi er saman under vinterstjerna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt