Verdidebatt

Prudentia heller enn Fru Justitia

Det er heilt greitt at Fru Justitia er blind, men politikarane kan aldri bli likegyldige.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Lova må vere lik for alle». Slik er det fleire som reagerer på at heidersfolka Arne Viste og Gunnar Stålsett etter alt og døme må i fengsel.

Det vert sagt at Fru Justitia – rettferdsgudinna i romersk mytologi – er blind. Ho vert ofte portrettert gjennom bilete og statuar med bind for augo, medan ho held ei balansevekt i den eine handa og eit sverd i den andre. Ho symboliserer domstolar, rettsvesen og jus. Ho lyser rettferd.

Likegyldigheit utan grenser

Det var keisar Augustus som introduserte denne skapningen til den romerske gudeverda, kanskje med mål for auget om å få skikk på obsternasige undersåttar. I dag er det mange som ser på lovene slik fru Justitia gjer: Som om lova er ein moralsk storleik som aldri bør utfordrast eller stillast spørsmål ved. Ho ser berre lova, ikkje samfunnet og menneska som lever under lova.

«Norsk lov kan ikkje setjast til side fordi to personar bryt lova med viten og vilje», skreiv Bergens Tidende i ein leiarartikkel førre veke og tok dermed på seg Fru Justitia sitt bind for augo, dei også.

Vel, meir passivt og konservativt kan det neppe seiast. Ta dei lovene du får og hald kjeft, liksom. Likegyldigheit utan grenser. Heldigvis har vi ein stad i dette landet der det er fullt ut lovleg å utfordre lovene, ein stad som til og med lagar lover: Stortinget.

Ikkje godt argument

Det som blir verkeleg absurd er når folk som sit i denne forsamlinga, som får klekkeleg betalt frå fellesskapet for å meine ting, vedta og forbetre lovene våre, latar som om dei ikkje kan gjere noko frå eller til. «Lova må vere lik for alle», er ikkje eit akseptabelt argument frå ein stortingsrepresentant eller statsråd som når som helst kan sette i verk prosessar for å endre lova – og som gjer det i sak etter sak mange gonger i løpet av eit år.

Kanskje burde fleire av dei få auge på skikkelsen som ofte opptrer i par med Fru Justitia, og som har ein meir open livsfilosofi: Nemleg ho som på latin kallast Prudentia.

Ein spegel

Prudentia har for det første ikkje bind for augo. Det er kanskje regel nummer ein for politikarar. Prudentia er personifiseringa av dyd. Karaktereigenskapen som påverkar moralske haldningar og handlingar. Prudentia er også menneskerettane, som ikkje berre er ein del av norsk lov, men også ei haldning til menneske. Ei haldning om at alle menneske har ein verdigheit som må respekterast: Papirlaus eller ikkje.

Ho held opp ein spegel, slik at vi kan sjå oss sjølv i den spegelen og få sjølvbevisstheit. Ingen kan sjå inn i spegelen til Prudentia og halde fram med å vere likegyldige. I den andre handa held ho ofte ein slange, som skal symbolisere visdom og klokskap.

Heldigvis har vi folk som Arne Viste og Gunnar Stålsett som ser i spegelen hennar. Folk som ikkje slår seg til ro med at Fru Justitia er blind, eller som meiner at lovverket vårt til ei kvar til reflekterer forskjellen på rett og gale. Viste og Stålsett har andre moralske autoritetar i livet sitt enn Fru Justitia, som fortel dei at på punktet om arbeidsløyve for ureturnerbare og papirlause menneske, er lova gal.

Moralsk karakter

Ein stat skal ikkje bevisst halde folk utanfor arbeidslivet, slik Norge gjer med dei ureturnerbare og papirlause menneska. I mange tilfelle kan sivil ulydigheit vere naudsynt. Eit demokrati treng også denne forma for trass. Det er ein del av dei måtane makta kan utfordrast på.

Eit demokrati der fleirtalet styrer og alle følger dei demokratiske prosedyrane utan å stille spørsmål, er ikkje nødvendigvis eit sunnheitsteikn. Vi treng også folk som lyttar til Prudentia meir enn Fru Justitia.

Viste og Stålsett må nok uansett i fengsel, fordi nye lover ikkje kan få tilbakeverkande kraft. Kanskje fører det til at politikarane i framtida ikkje vil svare passivt at «lova er lik for alle» når folk vert sende i fengsel for å vise nestekjærleik med medmenneska sine.

Det er lov å vise moralsk karakter. Kanskje fleire av oss kan sjå i spegelen til Prudentia og sjå kva vi ser?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt