Verdidebatt

Store høvding skviser litt hardere

Vestleg politikk garanterar marknadskreftene innpass, med mål om å auke velstand og sikre fred. Står ein i fare for å gjere marknaden om til religion?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit tankeeksperiment. Sett at all masseprodusert elektronikk vart borte frå samfunnet. Ingen smarttelefonar, ingen streamingtenester, ingen spel og underhaldning. Set vidare at det i samfunnet vart iverksett «shoppingfri». Alle butikkar og kjøpesenter vart stengte, utanom dei butikkane som selte det mest nødvendige av matvarer, klede, utstyr o. l. Desse kunne ha ope, sei, éin dag i veka. Korleis ville livet og samfunnet no vore å leve i? Eller spurt annleis: Ville ei slik utvikling på sikt representert ei betring eller ei forverring av livskvalitet og livsmeining?

Politikken støtter opp

Marknadskreftene ville nok seie: «Det vil naturlegvis vere ei forverring! Di meir utval av varer og tenester; di meir nyting og forbruk; di meir effektivitet og informasjonstilgang: Di betre er livet. Dette er vel opplagt!»

Det som imidlertid også har vorte særleg tankevekkande for meg, er at rådande politisk ideologi faktisk også i mykje vil støtte opp under ein slik marknadsorientert tenkemåte. Dette var noko eg vart klar over då eg studerte historie. Eg såg at venstre- og høgresida i politikken i moderne tid har tenkt ulikt om visse ting. Til dømes har dei vore usamde om graden av statleg regulering av marknaden, eller om korleis rikdom skal fordelast i folket. Det dei likevel båe har vore samde om, er å støtte opp under marknad, industrialisering, produksjon, handel, økonomisk vekst. Målet har då, forståeleg nok, vore å auke økonomisk velstand og statleg velferd. Og denne orienteringa har faktisk berre vorte forsterka fram til i dag.

«Mammon» som religion

Det er lett å sympatisere med det tverrpolitiske historiske arbeidet imot fattigdom, arbeidsløyse og ufred. Men dagens globale, moderne forbrukssamfunn drivast faktisk også for ein stor del av ganske andre mål og prioriteringar. Nokre sosiologar vil jamvel hevde at marknadskreftene tek over stadig meir av «livsverda» vår, og i praksis blir ein slags religion, ei tilbeding av «mammon». (Jf. sosiologar som Jürgen Habermas og Eugene McCarraher). At denne «grenselause» marknadskulturen ikkje er god for kloden, blir meir og meir klart. Men er den då bra for oss menneske, slik marknaden sjølv hevdar? Her er det ikkje alltid så lett å sjå klart, i dagens samfunn.

Meditasjon

I overskrifta refererer eg til den kjente «nasjonalhiten» «Splitter pine», av bandet DumDum Boys. Dei peikar på stresset i eit moderne profittorientert samfunn. Og det er eit godt poeng som ein også finn i kyrkja sine tradisjonar. Både Jesus, ørkenfedre, kloster og retreat-rørsler har vektlagt det å «trekke oss unna til ein aude stad for å kvile oss litt.» (Markus 6). I meditasjonen ryddar ein vekk alt støyande og unødvendig, og kjem i kontakt med seg sjølv og med røyndomen. Så kan ein søke å få eit klart indre og ytre blikk, og sjå samfunnet utanfrå. Slik skulle dessutan også kyrkja og gudstenesta i dag vere, meiner eg. Altså ein stad der ein kan finne rom for det djupe, og få både trøyst og inspirasjon og rettleiing til kvardagslivet i kulturen.

Smertefullt tomrom

Det er vel også det tankeeksperimentet ovanfor skildrar: Eit meditativt avbrot. Men om slike avbrot er sunne, så er dei ikkje nødvendigvis enkle. Sjølv trur eg at tankeeksperimentet, om det faktisk vart gjennomført, ville vise at forbruk og marknad i dag til dels fungerer som ein slags rus som dekker over eit stort og smertefullt tomrom og kaos i kulturen. Og det springande punktet er kva som i staden skulle fylle dette tomrommet. Her kan neppe marknaden i dag by oss mykje visdom, og politikarane i dag treng også støtte og rådgjeving.

Men også kyrkja, for sin del, treng visdom, for å unngå å gjere dei same feil som tidlegare har vorte gjort. Det er grunn her, igjen, til å minne om Pave Frans sin håpsvisjon «Laudato Si». Her peikar han, på felleskyrkjeleg og felleskulturelt vis, både på kva feilsteg kulturen har teke, kva tradisjonar som kan hjelpe oss vidare, og kva arbeidsmetodar som kan vere gagnlege. Ikkje minst understrekar han at «den moderne krisa» er omfattande og universell, noko som medfører at alle «med god vilje» treng å finne saman i dialog og samarbeid, for ein god veg vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt