Verdidebatt

Journalistar, politikk og grammatikk

Kan vi lite på journalistars logikk og vurderingsevne når dei ikkje eingong forstår enkle grammatiske og semantiske reglar?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I nynorskavisa Dag og Tid har det - ikkje utan grunn - gått ein diskusjon om dårleg språk på NRK-tekst-tv. Bokmålet er ikkje alltid patent, men aller verst er tekstene på nynorsk. Mindre feil florerer, og stundom er heile setningar fullstendig meiningslause. Med få eller ingen tilsette for å lese korrektur, har også språket i avisene blitt dårlegare enn før. Journalistane skal likevel få lov til å skulde på knapp tid før "deadline" og færre tilsette, for hastverk er som kjent lastverk.

Språkleg sett er Vårt Land blant dei betre. Det er meir synspunkta enn rettskrivinga eg reagerer på. Leiarartiklane, ein del kommentarar, val av faste spaltistar og kva innlegg som blir tekne inn, er sterkt prega av det Terje Tvedt kallar "godhetstyranni". Det blir ikkje lagt vekt på kva val og politikk som gjev best resultat, dvs i bibelsk forstand "ber god frukt", men på kva som tek seg godt ut. Og dei som meiner noko anna, blir altfor ofte tillagt dårlege motiv.

Vårt Land publiserer ikkje lenger leiarartiklane på Verdidebatt, men i går, fredag, 22. november, gjorde redaksjonen eit unntak. Kanskje skjedde det fordi redaktøren såg saka, brenning av koranen, som særs viktig. Eg la spesielt merke til dette avsnittet i leiaren:

"Da SIAN forrige helg brant en koran på torget i Kristiansand, var det  mange som reagerte – med god grunn. Bålet var uten tvil tenkt for å  provosere: Som ytring er et bokbål tomt, å brenne noe er den mest banale  kritikk det går an å framføre. I tillegg knytter SIAN seg til andre bokbål gjennom tidene, hvorav ingen har hatt hederlige mål eller konsekvenser. Nazistenes bokbål er de mest berømte."

Eg får først seie at heller ikkje eg har sans for brenning av bøker, men vil i staden tilrå folk å lese dei. Det gjeld også koranen, som faktisk var det som "brant" i Kristiansand. Ein representant for SIAN "brente" derimot koranen. Det er sjølvsagt litt spissfindig å påpeike at "brant" er preteritum av eit intransitivt verb, dvs eitt som ikkje tek objekt. Men dette synest eg ein journalist, for ikkje å snakke om ein leiarskribent, bør vite, sidan språket er deira arbeidsinstrument, slik stetoskop, BT-apparat og aktiv lytting er det for ein dokter.

Men både språket og logikken sviktar også i neste setning: "Bålet var uten tvil tenkt for å provosere". Skribenten meiner truleg "tenkt å skulle provosere" eller "laga for å provosere". Det kan likevel godt tenkjast andre motiv, t.d. å markere at innhaldet i koranen ikkje er verdt å ta vare på, eller å vise at koranen kan skape eit flammande hat hos ein del av lesarane. Sjølv når leiarskribeten vil bruke koranbrenninga til å knyte SIAN til nazismen, går det litt i ball: "I tillegg knytter SIAN seg til andre  bokbål gjennom tidene, hvorav ingen har hatt hederlige mål eller konsekvenser."  Eit bokbål kan avgjort ha konsekvensar, men berre personane som står bak kan ha eit mål med det. Den aktuelle symbolhandlinga liknar elles lite på nazistane si bokbrenning, som hadde eit langt større omfang, og der målsetjinga var å fjerne all "skadeleg" litteratur frå biblioteka. For denne kulturvandalismen er nazistane berykta og slett ikkje "berømte", for også dette var ei ugjerning.

Per Egil Hegge prøver å lære journalistar meir grammatikk og lækjarar å bli mindre arrogante. Begge delar er nok eit sisyfosarbeid, slik dette innlegget vitnar om, for også å vere litt sjølvironisk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt