Verdidebatt

Plan mot minimal diskriminering og grunngitt motvilje?

Regjeringa varsla 22. august at ho hadde starta arbeidet med ein handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar. Diskriminering kan rapporterast av dei som opplever det, medan hat er ei kjensle ein berre kan slutte seg til eksistensen av hos personar som brukar svært grove ord eller utfører ekstreme handlingar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Data frå Levekårsundersøkinga (LKI) blant innvandrarar i 2016, med fire tusen svararar, viste litt større risiko for ikkje å bli innkalla til jobbintervju for personar med muslimske namn, men ikkje meir diskriminering av muslimar enn av kristne, andre truande eller sekulære på sjølve arbeidsplassen. I Integreringsbarometeret for 2018 gjev likevel 47% av dei spurde utrykk for meir eller mindre skepsis til muslimar. Men LKI viste at om lag like stor del av muslimske innvandrarar hadde liten eller under middels tillit til nordmenn,  så skepsisen ser ut til å vere gjensidig.

Det er flott at så få opplever diskriminering, men kva kan vere årsaka til så stor mistru begge vegar? HL-senteret kom i 2017 med ein rapport som peikar på ei mogleg årsak til at nordmenn mistrur muslimar. Heile 47% av dei spurde var samd i påstanden "muslimane sjølv har mykje av skulda for aukande muslimhets". At muslimar i aukande grad blir hetsa, er i seg sjølv ein udokumentert påstand. Men hovudpoenget er kven respondentane tenkte på som "muslimane". Det kan knapt vere det store fleirtalet av fredelege muslimar i Noreg, for dei har iallfall inga skuld. Men det kan vere dei par hundre gjengkriminelle i Oslo med bakgrunn frå muslimske land, dei fleire tusen pakistanarane som var med på drosjejukset i Oslo, dei mange hundre jihadistane som har stått bak titals terroråtak i Europa, dei tusentals framandkrigarane frå Europa som slutta seg til IS, dei sjia-islamistiske styresmaktene i Iran, den sunnimuslimske wahabismen i Saudi-Arabia eller majoriteten av muslimar i Midtausten som trakasserer andre truande, m.a. kristne. Med så lågt presisjonsnivå kan ein dessverre ikkje dra sikre konklusjonar. Ein kan iallfall ikkje på grunnlag av dette påstå at ein tredel av befolkninga i Noreg har "negative stereotypier" om eller "utpregede fordommer" mot muslimar, slik HL-senteret gjer. Men sjølv frå slike tankar og haldningar er det eit godt stykke til direkte hat.

Muslimar flest har heller ingen grunn til å mistru nordmenn, som har gitt dei tilgang til "Gosen" med alle rettar. Dei lever trygt og godt i Noreg, i motsetning til det både deira eigne trusbrør, for ikkje å snakke om kristne innbyggjarar eller asiatiske framandarbeidarar, gjer i muslimske land. Dette siste gjeld både koptarane i Egypt, som framleis tel mange millionar, og den no svinnande gruppa kristne som har eksistert i Syria og Irak sidan oldtida. Og stadig fleire ser at rasismen retta mot europearar blir stadig meir vanleg og valdeleg i Vest-Europa. Vi såg det i Oslo for knapt ein månad sidan i form av ei rekkje uprovoserte gjengoverfall på tilfeldige nordmenn. I fleire engelske byar har tusenvis av jenter blitt systematisk misbrukte seksuelt av vaksne menn, dei fleste innvandrarar frå Pakistan. Og både i Sverige og Frankrike har politiet tapt kontrollen over innvandrartette område i mange byar, slik at forbrytarane får herje fritt og krige om narkotikasalet.

Soloterroristar som er meir eller mindre skrudde mentalt, men held seg under radaren, er det uansett vanskeleg å verje seg mot, enten dei heiter Breivik, Manshaus eller Mohammad. Ein handlingsplan med brodd mot halve befolkninga kan knapt stanse liknande valdsmenn, men vil heller auke enn minke motviljen mot muslimar mellom folk flest. Det er ingen tent med.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt