Verdidebatt

Kanskje Ropstad har eit poeng?

Kjell Ingolf Ropstad har gjort noko som sikkert kan synast merkeleg for mange. På den eine sida har han sagt at KrF skal vera eit miljøparti. Samstundes har han teke oppgjer med menneskesynet i delar av miljørørsla, fordi han meiner avstanden mellom dyr og menneske meir eller mindre blir viska ut.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Han har fått mykje kritikk for det siste. Men har dei som øser seg opp over KrF-leiaren, tenkt godt gjennom saka?

Ropstad har altså kritisert menneskesynet til delar av miljørørsla og hamna i klinsj med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Det er ikkje noko nytt at politikarar kritiserer menneskesynet til politiske motstandarar. Kanskje er det oftast Frp som får denne kritikken. Etter mi meining er det viktig å diskutera menneskesyn i politikken. Ikkje som billig og brautande politisk stempling av politiske motstandarar. Men det finst store og viktige spørsmål i politikken der ulike val har rot i ulike menneskesyn. Sannsynlegvis vil det koma opp fleire slike spørsmål i åra framover. Derfor er det viktig å diskutera menneskesyn, og ingen parti kan heva seg over ein slik diskusjon.

Har KrF og MDG ulikt menneskesyn? KrF sitt menneskesyn skulle vera rimeleg godt kjent. Det er tufta på tanken om at mennesket er skapt i Guds bilete, menneskelivet er heilagt og ukrenkeleg frå mors mage av og fram til ein naturleg død, og di svakare mennesket er, di sterkare vern treng det. Alle levande skapningar har verdi, dyr har òg ein eigenverdi – men mennesket er likevel unikt og har ein grunnleggjande sett høgare verdi. Ein politikk tufta på ein slik tankegang set menneskeverdet i sentrum.

Har MDG det same menneskesynet? Det kan sikkert gode MDG-arar svara betre på. Men eg trur ikkje ein skal avfeia Ropstad altfor raskt når han kritiserer eit menneskesynet som krympar skiljet mellom dyr og menneske. Kronikken "Imot menneskeverdet" er skriven av talsperson Teodor Bruu i Grøn Ungdom (Klassekampen 11. juni 2019). Artikkelen målber eit menneskesyn eg meiner er på kollisjonskurs med eit kristent menneskesyn. Det er sjølvsagt ei ærleg sak, men samstundes er det ingen grunn til å feia denne usemja under teppet. Eg synest òg at kristne som er aktive i MDG har eit ansvar for å kjempa for eit kristent menneskesyn internt i partiet. For meg må kristne gjerne engasjera seg i kva parti dei vil, frå Raudt til Frp. Men eg forventar at dei tydeleg arbeider for eit kristent menneskesyn i partiet der dei engasjerer seg.

Teodor Bruu er altså talsperson for ungdomsorganisasjonen til MDG. Dersom menneskesynet han målber i kronikken i Klassekampen, er representativ for mange i partiet, synest eg Ropstad har eit viktig poeng i kritikken sin. Dersom derimot Bruu forfektar eit menneskesyn som ikkje er representativt for MDG, så er det fint om andre i partiet seier det klart og tydeleg.

Kva er det problematiske med tankane Bruu gjer seg til talsmann for?

For det første: Eitt av hovudpoenga til Bruu er at «menneskeverd» er eit ekskluderande omgrep. Han kastar inn følgjande brannfakkel: «Hva om selve menneskeverdsbegrepet er utdatert og bør forkastes?». Vidare skriv han «Begrepet antyder at det er en grunnleggende forskjell mellom individer som er mennesker og individer som ikke er mennesker. Dette er også den rådende linja i folkeopinionen. Jeg mener at den er grunnleggende gal og hviler på noen etiske og filosofiske resonnementer som ikke henger på greip».

Problemet er ikkje poengteringa av at dyr har eigenverdi, eller at ein arbeider for betre dyrevelferd og dyrevern. Det er det mange andre òg som støttar, og mange kan sikkert støtta fleire av konklusjonane til Bru som gjeld dyrevelferd. Sant å seia har menneske i generasjonane før oss òg ofte meint at ein skal oppføra seg skikkeleg mot dyr. Dette er ikkje ei ny oppdaging. Problemet er likevel tanken om å viska ut den «grunnleggende forskjell» mellom menneske og dyr. Gjer vi det, og skal ein ta konsekvensen av ei slik omvurdering, vil det få store konsekvensar for politikk, verdival og prioriteringar i framtida. Det er slett ikkje urimeleg at Ropstad grip fatt i dette. Politikarar – i alle parti – lever som kjent av å ha motstandarar.

For det andre: Korleis går det an å stå for eit kristent menneskesyn utan også å kjempa for vern av barnet i morsk liv? Det er eit spørsmål som kan stillast til dei fleste norske parti, slett ikkje berre til MDG. Men Bruu går, slik eg les han, langt i å utdefinera det ufødte livet frå fellesskapet av dei vi skal dra omsorg for. I artikkelen skriv han: «Jeg synes abort er etisk uproblematisk, fordi små embryoer og fostre ikke er individer.» Dyr derimot, er det annleis med, og i slutten av kronikken kritiserer han samfunnet for at vi verdset dyr som nytteobjekt og «ikke individer med egenverdi». Han slår til lyd for å snakka om individverd heller enn menneskeverd.

Dette er ikkje livsfjerne prinsipp, dette blir fort veldig konkret. Viss eg møter ei gravid kvinne som er ute og luftar hunden sin, møter eg to personar som har menneskeverd, og som eit humant samfunn bør gje det aller sterkaste vern. Og då tenkjer eg ikkje på hunden. Han har òg sin eigenverdi, men ikkje verdi som eit menneske. Han skal behandlast godt. Men bit han borna til naboen eller får han ein alvorleg sjukdom, kan det henda han ryk til. Han er trass alt ikkje eit menneske.

Som sagt, forfattaren av "Imot menneskeverdet" er kanskje ikkje representativ for MDG sitt menneskesyn. Men han er trass alt talsperson for ungdomsorganisasjonen til partiet. Kanskje er det klokt å ta ein skikkeleg samtale om menneskesynet, når ein er blitt ferdig med å kjefta på Ropstad?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt