Verdidebatt

Einøygd syn om «Palestina»

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var eit svært einøygd syn Anndi L. Jakobsen gjer seg til talskvinne for i innlegget «Okkupasjonen som endrar landet» i Vårt Land den 5. november. Påstandane om israelsk valdsferd mot palestinarane er ikkje truverdig dokumenterte,  - og oftast når slik valdsferd vert granska, syner det seg at israelarane var i sin gode rett og hadde lovleg grunn når stygge motaksjonar vert iverksette.

Jakobsen nemner at for to år sidan vart ei brannbombe kasta inn i eit hus og fire personar vart drepne. Ille. Men kva med alle dei hundretals ballongar lasta med faklar og brannbomber som daglegdags vert sleppte inn over Sør-Israel i vestavinden og har sett fyr på tusenvis av mål med beiteland og uhausta åkrar? Og alle dei hundretals av livsfarlege rakettar som er skotne ut frå Gaza inn over Israel – med både dødsoffer og store materielle skadar?

Jakobsen nemner to gonger «Palestina» som om det var ein stat med det namnet. Men det er ei tendensiøs forfalsking – for det finst ingen stat som heiter Palestina. Derimot skjer desse hendingane i Judea, innanfor grensene til den internasjonalt aksepterte staten Israel, – og Judea har vore namnet i tusenvis av år, - og som betyr «landet åt jødane».

«- i eit Jerusalem som det nesten ikkje er kristne att», skriv Jakobsen. Heilt usant. Tvert om. Jerusalem og Israel er einaste områda der kristne i er i aukande tal – og den einaste plassen i Midtausten der kristne er trygge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt