Spaltist Emil André Erstad

Kor er våre Berlinmurar?

Det kostar ingenting å sei noko fint om noko dramatisk som skjedde for 30 år sidan – med mindre det får konsekvensar for politikken og handlingane i dag.

Publisert: 12. nov 2019

Sjeldan blir det brukt så fine og store ord som når jubileet for ei historisk hending skal markerast. Slik var det også då markeringa for Berlinmurens fall fann stad førre helg. Det vart brukt ord som «vidtfavnende frihetsutvidelse» og «ideene som demokratiet bygger på». Men kor mykje er orda verdt, viss dei ikkje viser seg att i den praktiske politikken?


Politikar-patos

Det slo meg då eg såg feiringa i Berlin, og korleis nær sagt alle politiske leiarar kom med patosfylte kommentarar om betydinga av murens fall. Kor mykje kosta det desse politikarane å sei desse tinga tretti år etter? Lite. Og kvifor fekk dei det til å høyrast ut som om fridomskampen var ferdig utkjempa då Berlinmuren fall?


Ikkje berre framgang

Erna Solberg skreiv i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende med den originale tittelen «Vi kan aldri ta friheten for gitt».

Det er nærliggande å tenke på historia som ei lineær utvikling, frå a til b, der kvart år, tiår og hundreår tar oss nærare eit samfunn med større likskap, meir rettferd og betre levekår. At verda er betre no, enn i går. At det samfunnet som foreldra våre vaks opp i, var verre enn det samfunnet borna våre blir ein del av.

Jo, det er gjerne sant. Samstundes er det heilt usant for mange. Det er framleis millionar av menneske verda over som lever vanskelegare, meir urettferdige og meir brutale liv enn dei gjorde i går, i fjor eller for ti år sidan. Som opplever meir undertrykking, mindre demokrati og færre grunnleggande menneskerettar enn dei gjorde før.


Uighurane

Det er ikkje vanskeleg å kome på eksempel som viser det. På personar som med liv og smerte og erfaring på dagleg basis ser at fridomen aldri kan takast for gitt.

Ta den kinesiske minoritetsgruppa uighurane, til dømes. Dei siste åra har dei opplevd ekstreme menneskerettsovergrep. Overgrepa har tiltatt i omfang og brutalitet, slik at vi må bruke stygge historiske parallellar for å samanlikne dei med overgrep frå fortida. Det er jo ikkje så lett å forstå at det i vår tid framleis fins konsentrasjonsleirliknande «skuleringsleirar» i eit land Norge nyleg teikna frihandelsavtale med.

Kanskje er den kinesiske undertrykkinga av uighurane ein av vår tids Berlinmurar? Kor finn vi oss i forsøket på å rive den ned?


Sentral-Europa

Ta befolkninga i Sentral-Europa. Dei som i tida rundt Berlinmurens fall nedkjempa sine eigne kommunistdiktatur, men som no opplever at illiberale og autoritære politikarar på nytt øydelegg rettsstaten, kveler den frie pressa og knuser opposisjonen. Kva gjer vi for å snu utviklinga? Seier norske styresmakter klart nok ifrå?

Kanskje er den autoritære utviklinga i Ungarn, Polen og Sentral-Europa vår tids Berlinmurar, og kanskje bidreg den til å bygge nye fysiske murar?


Flyktningar

Ta alle dei millionar av menneske i verda som framleis lever liva sine på flukt. Dei som endar liva sine på botnen av Middelhavet eller i fryserommet på ein trailer, fordi mange land har brukt tida etter Berlinmurens fall på å bygge nye murar.

Kanskje er den brutaliserte innvandringspolitikken i mange vestlege land med på å gjere liva til mange menneske vanskelegare enn det Berlinmuren i si tid gjorde med mange menneske sine liv?

Erna Solberg har rett i at vi aldri kan ta fridomen for gitt. Spesielt vanskeleg blir det når politikken land som Norge fører, bidrar til å bygge nye murar. Då blir det endå vanskelegare for folk å ta fridomen for gitt.


Kampen har knapt begynt

Berlinmurens fall var ei hending av stor historisk betyding, utan tvil. Men dei menneska som kraup over muren den kvelden 9. november 1989 tenkte nok ikkje at murens fall skulle bli ei kvilepute for framtidige politiske leiarar. Endå mindre tenkte dei vel at politiske leiarar i framtida skulle finne på å bygge nye murar.

Best sa kanskje den tyske rikskanslaren Angela Merkel det: «Den globale kampen for frihet er ikke over». Nei, den har knapt begynt.

Vi har så lett for å tenke på verdiane demokrati og menneskerettar som noko openbert. Noko sjølvsagt. Noko innlysande.

Ein skal ikkje snakke med mange menneske eller bevege seg langt uti periferien før ein oppdagar at det slett ikkje er sant. Merkel sa at «verdiene som Europa er grunnlagt på, de er alt annet enn åpenbare».

Nokre vil alltid bygge murar. Historia lærer oss at dei ikkje vil vinne, sjølv om dei kan skape undertrykking i generasjonar før dei vert rivne ned.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
18 dager siden / 5368 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
16 dager siden / 3728 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
18 dager siden / 1294 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
13 dager siden / 1174 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
13 dager siden / 1004 visninger
Hva nå, Etiopia?
av
Ragnhild Mestad
5 dager siden / 933 visninger
Ungdomsrus: Vi må handle nå!
av
Pernille Huseby
23 dager siden / 906 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere