Knut Arnold Kvalsvik

3

Homofil sex – kvar ligg problemet?

Stein Solberg hadde eit innlegg om «Homoterapi – hvor ligger problemet?» Eg kjende at eg reagerte på det.

Publisert: 12. nov 2019

Det verste med innlegget er ein sånn mangel på vilje til å forstå andre synspunkt enn sitt eige, og ei medfylgjande vilje til å karikere kva meinings-motstandarar står for. Saman med dette kjem misbruk av vitenskapelege forskningsresultat. La meg ta det siste fyrst.

Genar, miljø og homofili

Solberg viser til ei stor studie som viser at «Gener kan bare forklare 8-25 prosent av ikke-heteroseksuell atferd», og seier vidare at «Å argumentere med at folk med homofile følelser er «skapt sånn»,  vil nå i enda større grad enn tidligere avsløre at vedkommende mangler kunnskap eller taler mot bedre vitende».

Fyrst av alt synest eg det er påfallande korleis vitenskapen plutseleg kan brukast når den synest å tale til fordel for eins eige syn, medan tilhengarar av homoterapi gjerne elles forkastar vitenskapelege  resultat.

Det kan elles vere litt forskjellig å seie om dette forskningsresultatet. Studia såg på personar som hadde hatt likekjønna sex minst ein gong, i motsetning til dei som ikkje hadde det, og såg på kor mykje av dette dei kunne forklare med genar. Ei bemerkning vert då at det å ha hatt likekjønna sex ein eller nokre få gongar, ikkje nødvendigvis er det same som å vere homofil. 

Men, la oss oversjå det og andre problem, og seie at 8–25 prosent av ei homofil legning skuldast genar. Kva så? Då må resten skuldast «miljøet», men kva for eit «miljø»? Når vi vert fødde, er vi ikkje utelukkande eit resultat av våre genar. Vi har lege 9 månadar i mors liv, og opplevd eit miljø der. Ei rekkje sterke prosessar skjer med oss i løpet av denne tida. Bølgjer av hormonar går gjennom blodet vårt, og bidreg sterkt til å forme korleis vi skal verte.

Det er vanskeleg å seie noko heilt sikkert på dette området. Som så mykje innanfor biologi og medisin, er det noko som er vanskeleg å finne ut av. Men såvidt eg forstår, viser forskninga så langt at det er sannsynleg at når vi vert fødde er vår seksuelle legning i hovudsak gjeva. At ikkje genar forklarer alt av dette, viser ikkje at det er feil, berre at prosessane som skjer medan vi er foster også er viktige.

Å oppleve seg som homofil

Og er det eigentleg så viktig om ein er fødd sånn eller ikkje?

Eg har ikkje personleg erfaring med å vere homofil. Men eg forstår såpass at det å erklære seg som homofil ikkje er lett å gjere. Det vil vel alltid vere vanskelegare enn å vere heterofil. Det er ikkje noko ein gjer utan at ein opplever at det tvingar seg fram i ein, det er noko ein ikkje rår med. Ein kan ikkje vere nokon annan enn den ein er, og korleis ein vart slik, vert då nokså betydningslaust.

Konservative kristne synest å klamre seg til ein tanke om at ein kan terapeutiserast til å verte heteroseksuell. Men her viser vel forskning at dette ikkje virkar. Ein kan i dei aller fleste tilfelle ikkje endre si seksuelle legning. Er denne forskninga mindre viktig? Kan den ignorerast? I motsetning til den omtalte gen-forskninga?

Kva er gale med homoterapi?

Kva er gale med homoterapi? Ja, den som har fylgt litt med, burde ha fått med seg dette no. Det er ikkje berre at det ikkje virkar. Det skadar også menneske. Det fører til triste tankar og fortviling, i den grad at nokre tek livet sitt. Det øydelegg liv, og i nokre tilfelle tek det også liv. Kan dette også ignorerast?

Den som ikkje ser noko gale i homoterapi, vil no i endå større grad enn tidlegare avsløre  at vedkommande manglar kunnskap eller talar mot betre vitande.

Kva er gale med homofil sex?

Men i motsetning til dette, veit i alle fall ikkje eg om at homofil sex skadar nokon. Kva er skadevirkningane? Gjer det folk nedtrykte og fortvila? Tek nokon livet sitt? Øydelegg det for nokon som helst?

Eg kan ikkje sjå at det er noko gale.

Kjønn i fri flyt?

Solberg kjem også inn på dette med kjønnsidentitet. Det er eit anna spørsmål enn homofili, men la meg seie litt om det også.

Solberg snakkar om nokon som

«påvirker våre barn i barnehager og skoler til å tro at det finnes mange kjønn,  at de kanskje er et annet kjønn enn de tror, at det er spennende å eksperimentere med  dusinvis av kjønnsidentiteter, og at det er sunt å leve ut en grenseløs seksualitet.»

Og vidare:

«Mens de er mest formbare og sårbare,  lokkes mange av våre barn og barnebarn nå ut i et liv nesten kjemisk fritt for  seksual-etiske grenser, idealer, rammer og strukturer. Aktivistenes mål er kjønn i fri flyt.»

Kven er det som går inn for noko sånt? Eg kjenner ikkje nokon, og har ikkje høyrt om nokon. Kanskje finst det nokre få, eg kan ikkje garantere at det ikkje gjer det. Men for det store, store fleirtal er alt dette feil.

Ved fødselen vert vi klassifiserte som jente eller gut ut frå våre ytre genitalia. Og dei aller fleste lever greit med det dei har vorte klassifiserte som, og det vert aldri noko meir spørsmål om det.

Men nokre få opplever at det dei vart klassifiserte som, ikkje passar. Dette er heller ikkje noko dei lettvint hevdar, det er igjen noko som tvingar seg fram. Ofte handlar det om at ein har vorte klassifisert som gut, men føler seg som jente, eller omvendt. Då er det framleis ikkje meir enn to kjønn, berre at genitalia og kjønn ikkje samsvarer.

Det kan også hende at ein opplever seg som noko midt imellom jente og gut, eller som litt av begge deler. Men det dreiar seg framleis ikkje om dusinvis av kjønn.

Det dei fleste av oss tenkjer, er at dei få som opplever slike ting skal respekterast, og at vi godtek at det er dei sjølve som veit best kva kjønn dei er. Det er berre dei sjølve som veit korleis dei føler seg inni seg. Kvar av oss er den største eksperten på seg sjølv.

Seksual-moral

Seksual-moralen i vårt samfunn er heller ikkje spesielt laussloppen. Tvert imot. Respekt for andre og andre sine grenser, også på det seksuelle området, er verdiar som står sterkt i dag, og ofte vert framheva. Før var det kanskje ein streng offisiell moral, medan mange overgrep fann stad i det skjulte. No vert slikt mykje meir brakt fram i lyset og fordømt. Heilt andre og betre haldningar pregar samfunnet vårt.

Born og unge veks opp til eit sunnare og betre forhold til kjønn og seksualliv no enn før.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
18 dager siden / 5368 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
16 dager siden / 3728 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
18 dager siden / 1294 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
13 dager siden / 1174 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
13 dager siden / 1004 visninger
Hva nå, Etiopia?
av
Ragnhild Mestad
5 dager siden / 933 visninger
Ungdomsrus: Vi må handle nå!
av
Pernille Huseby
23 dager siden / 906 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere