Verdidebatt

Stjernedialektar

Kanskje var det ikkje Bilal Saab frå Sørøya som vann årets Stjernekamp, men distriktsdialektane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Breie dialektar med rare ord fungerer perfekt på TV. I første program i NRK sin songkonkurranse denne hausten, sa programleiar Kåre Magnus Bergh: «Altså, vi har så mange flotte dialekter i årets Stjernekamp. Prisen for kuleste dialekt i årets stjernekampgjeng går til Kim Rysstad! Hans flotte setesdalsdialekt brukes vanligvis til folkemusikk.» Bergh sikta nok til kvedinga Rysstad er kjend for, sidan songaren oftast brukar dialekten sin til det hamarsingen Bergh brukar sin normaliserte austnorsk til: heilt vanleg snakk.

Rotekte norsk

I følge språkforskarane ligg ingen norske dialektar nærmare norrønt enn Rysstad sitt Valle-mål, særleg det dei eldre snakkar. Det er så godt bevart, fordi Øvre Setesdal låg utanfor dei store ferdselsårene heilt fram til 1900-talet, og folk har villa halda på tradisjonar – frå husflid til diftongar, altså to vokalar i same staving. For å bruka eit litt sprøtt eksempel: Mens Bergh kanskje kunne hatt «en skrue løs», ville Rysstad truleg hatt «ain skreuve laus». Og han har det ikkje gøy, men «gama». Kan det bli meir rotekte? tenkjer me som ser på.

Kjennest autentisk

Det kan vera tilfeldig, eller berre handla om songkvalitetar, men alle dei seks stjernekampdeltakarane som nådde dei siste rundane snakkar bygdedialektar. Nordmenn opplever det som ekstra autentisk, og det sankar nok stemmer både der du kjem frå og hjå oss andre. Sjølv om dialekten til ein groruddøl kommuniserer like sterkt at «eg har ein stadeigen identitet, eg er forankra og rotfesta», trur me at bygdedølar har djupare røter.

Det er her gudbrandsdølen Sondre Mulongo Nystrøm kjem inn. I hans dal seier ikkje folk veldig, men har ein flaum av adverb som «abraksle». For to år sidan deltok han i ein annan musikktalentkonkurranse, The Stream på TV2. Då snakka han normalisert austlandsk. Det er ikkje uvanleg for folk frå Oppland, særleg når dei som han har studert i Oslo ein del år. Og kanskje er det ekstra lett å leggja vekk barndomsdialekten, når ein blei utsett for rasisme i heimbygda på grunn av melaninrik hud. Men då Nystrøm dukka opp i Stjernekamp i haust, hadde han henta fram gudbrandsdalsdialekten igjen. Den gjekk rett heim hjå sjåarane, og dommar Mona B. Riise hadde stjerner i augo då han vegleidde henne i dølamål etter å ha sunge «abraksle frakt» (veldig bra). Men då han konkurrerte i hiphop-sjangeren, fann han ord for rasismeerfaringane i låten «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din», skriven på oslodialekt av Karpe-duoen Chiraq Patel og Magdi Abdelmaguid.

Språk er fellesskap

Dialektar er minst viktig like kulturarv som kveding og Karpe-musikk. I Danmark er bygdedialektane daude, i Noreg er dialektmangfaldet framleis ein levande nasjonalskatt. Men fleire og fleire norske barn og ungdommar gir slepp på talemålet sitt. Dialektorda forsvinn. Overalt i landet føregår det ei mental urbanisering, og me blir meir påverka av dei same språkkjeldene.

Språk er ikkje berre identitet, det er like mykje fellesskap. Sidan det viktigaste for oss som snakkar er å bli forstått, er spørsmålet kor mykje språkleg variasjon eit nasjonalt fellesskap vil ha. Den nye læreplanen for grunnskulen, som er like rundt hjørnet, nemner ikkje dialektar med eitt einaste ord. Heller ikkje etter at Noregs Mållag påpeikte det i høyringsrunden. NRK derimot vil bidra til høg status og toleranse for dialektbruk, og reglane deira for dialektrøkt er på åtte sider. Då NRK Super fekk Kringkastingsprisen på grunn av utstrekt dialektbruk i 2015, sa programdirektør Hildri Gulliksen: «Dialekten her på Østlandet er dessverre lekespråket til barn over hele landet. Min drøm er at vi kan inspirere barn til å leke på mange ulike dialekter.»

Draum

Språkrådet melde nyleg på Twitter at stjernekampvinnar Bilal Saab sitt favorittutrykk «fette nais» (veldig nice) er kandidat til årets nyord. Tenk om «gama» og «abraksle frakt» blei det i 2020. Det er den draumen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt