Odd Tarberg

75

Når avspenning ikkje løner seg

"Det militær-industrielle komplekset" er i beste velgåande.

Publisert: 30. okt 2019

Ein av dei tragiske skavankane i internasjonal politikk er at storparten av våpenindustrien er privatisert. For denne industrien er våpenproduksjon ei kilde til inntekt, som denne industrien gjer alt for å oppretthalde, og der avspenning derfor blir ein trussel.

Det må vere rimeleg opplagt at det bokstaveleg talt er livsfarleg, og tåpeleg, å ha «gåande laus» ein milliard-industri som har alt å tene på å nøre opp under alle slags konfliktar, og fore dei ulike partane med siste modell drapsutstyr.

Ordrebøkene til våpensmiene er fullast når denne industrien sine handtlangarar i regjeringskontora har ein ytre fiende å skræme med. Mykje tyder på at dette ligg bak når USA trugar til og med sine vest-europeiske NATO-allierte med sanksjonar når desse, i økonomisk eigeninteresse, vil få bygt ei gassrørleidning frå Russland til Tyskland. Våpenindustrien i USA vil ikkje risikere at Vest-Europa skal normalisere forholdet sitt til Russland, fordi dette vil øydelegge det skræmebildet av dette landet som er så viktig for å rettferdiggjere auka militærbudsjett.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen var det sørgjeleg lite snakk om diplomatisk kontakt med Russland for å utvikle eit fornuftig, spenningsdempande økonomisk samarbeid den vegen. Militært samarbeid derimot, var NATO kjappe med å utvikle med fleire av Russland sine nære naboland – med tilhøyrande våpensalg til desse landa.

For å få bort dette økonomiske motivet (eit sokalla perverst incitament) for eit varig våpenkappløp, finns det ei enkel oppskrift: Ein internasjonal avtale, i FN-regi, om at all våpenproduksjon skal nasjonaliserast, og at eventuell våpeneksport berre kan gjerast til kostpris (med null forteneste til eksportørlandet). Då ville våpenproduksjonen framstå som det den er: Ei enorm utgift på statsbudsjetta. Dette ville vere ein stor stimulans til å satse kraftig på fornuftig diplomati og tillitsskapande samarbeid landa imellom, nettopp for å redusere militærbudsjetta så langt som det var tryggingspolitisk forsvarleg. Ikkje som no, der det er svære økonomiske interesser som roter det til i utenrikspolitikken fordi dei tener på konflikter.

Ikkje slik at eg trur at denne «enkle» oppskrifta blir brukt. Til det er dei politiske toppleiarane på denne kloden altfor svake.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

KRIK - NYE spilleregler
av
Trond Andreassen
14 dager siden / 1339 visninger
Jeg lever ikke lenger selv
av
Merete Thomassen
15 dager siden / 1297 visninger
170 år med misforståelser
av
Joanna Bjerga
rundt 1 måned siden / 893 visninger
Ingen Disco på Roser
av
Øyvind Hadland
27 dager siden / 857 visninger
Stjernedialektar
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
15 dager siden / 819 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere