Solrunn Nes

1

Er avhaldssaka viktigare for KrF enn å redda liv?

Eg har stemt KrF så lenge eg har hatt stemmerett, utan å vera medlem av partiet. Men no er eg komen i tvil.

Publisert: 24. okt 2019

Eg har fått inntrykk av at avhaldssaka er blitt viktigare enn å redda liv. Det har ikkje mangla på appellar frå folk med innsikt, integritet og moralsk tyngde når det gjeld å få Syria-borna og mødrene deira heim.

Politisk parentes 

Kor mange tvilarar som meg har KrF råd til å missa før dei gjer seg sjølve til ein politisk parentes? Er det ingen av regjeringsmedlemane som har mot til å setja stillinga si inn på det som er rett?

Kompromiss er ofte bra i politikken og elles i livet, men i dette tilfellet fører det til undergang. Det same gjeld urimeleg lang utsetjing. No skal vi feira 75-årsminnet for frigjeringa av nordområda våre. Sovjetiske soldatar ofra mykje for å frigjera Finnmark. Nokre få gjenlevande soldatar kan enno fortelja si historie. Mot slutten av intervjuet med to av desse i Dagsrevyen nyleg, kom det fram at Norge vurderer å gje dei ei påskjøning i form av ein medalje. Etter 75 år.

Døyr snart 

Kvifor venta til desse heltane står på kanten av grava? Kvifor venta til fireåringen i Syria døyr? Det vil han snart, saman med tusenvis av andre, ukjende born som krigen har øydelagt.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere