Kjersti Toppe

16

Ropstad, kor er du henne ?

Barnevernet vårt kan ikkje lenger tåle at born og unge blir plassert på einetiltak i barnevernet

Publisert: 24. okt 2019

I 2018 brukte det statlige barnevernet 650 millionar kroner på kjøp av einetiltak hos private aktørar. Bruken er fordobla på fire år. Barn på einetiltak bur isolert frå andre barn. Enten i hytter i skogen eller liknande stader langt vekke frå andre. Einetiltak i strid med barnets vilje er inngripande og truleg i strid med barns menneskerettar. Dei private kommersielle aktørane tener godt på einetiltaka. Samstundes er dei same private barnevernsaktørane aktivt med på å anbefale einetiltak. Praksisen er kritikkverdig og uakseptabelt.

Dårleg unnskyldning

Direktør for Barne, ungdoms- og familiedirektoratet, Mari Trommald, uttaler til VG at ei forklaring på at barn blir isolert på hytter og liknande, er at tilbodet til barn i psykisk helsevern er trappa ned, og at færre barn vert fengsla. Det er ei svært dårleg unnskyldning. Om barn er sjuke skal dei ha behandling i helsevesenet, ikkje einetiltak i barnevernet. Barn som ikkje skal i fengsel, må ikkje bli isolert i barnevernet i staden. I dag har vi eit barnevern der anbod på enkeltkjøp i barnevernet er malen. Slik set staten kvart enkelt barn og ungdom i barnevernet ut på anbod. Ein slik konkurransepolitikk er det siste barnevernet treng.

Politisk fallitterklæring

Det er bra at bruken av einetiltak er falt i 2019. Men så seint som i desember 2018 sto Ropstad sin forgjengar, statsråd Linda C. Hofstad Helleland, i stortinget og forsvarte auken. Ho forklarte den store veksten i einetiltak hos private med at dette er barn som har komplekse behov og som det offentlege aleine ikkje klarar å hjelpe. Nærmare ei politisk fallitterklæring kjem ein ikkje. Klarar det offentlege barnevernet verkeleg ikkje å hjelpe borna med størst behov?

Alle svikta «Ida». I 2016 rysta Glassjenta-saka heile barnevernet. Fylkesmennenes rapport om 15-årige «Ida» viste svikt i alle ledd. Barnevernet svikta,
helsevesenet svikta. Tilsynsmyndighetene svikta. «Ida» var blitt utsett for massiv tvang, ufattelig mange flyttingar, mangelfull helsehjelp og ho var blitt isolert i einetiltak mot sin vilje. I tilsynsrapporten kom «Ida» sjølv med råd. Eitt råd var: «Ingen ungdom må bo alene på institusjon, om ungdommen ikke vil.» Regjeringa lova at ingen fleire barn skulle måtte oppleve det same som «Ida». At det statlege barnevernet sidan har auka bruken av einetiltak, er ikkje berre kritikkverdig. Det er trist.

Signal frå regjeringa

No ventar stortinget på at regjeringa skal fremje forslag til ny barnevernslov. Men i høyringskastet frå regjeringa er det ingen signal om at einetiltak skal bli strengare regulert, eller regulert i lova i det heile. Det burde det gjere. Fordi det er sjølvsagt. Barnevernet vårt kan ikkje lenger tåle at born og unge blir plassert på einetiltak i barnevernet fordi psykisk helsevern sviktar, det passar seg slik, eller fordi private, kommersielle aktørar i barnevernet skal tene endå meir pengar.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere