Verdidebatt

Takk for to gode innlegg frå Øyvind Hadland og Øyvind Magelssen om filmen Disco

Filmen Disco verkar å ha sett fingeren på eit omfattande problem, ikkje berre i religiøse sekter, men i rådande kristendomsforkynning og

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjølv har eg ikkje fått sett filmen, men slik eg forstår det dei to skriv om han, går det rett i kjerna på kva som skjer når ein gjer evangeliet og Jesus om til noko som først og fremst handlar om korleis du som kristen skal være, og kva ein kristen må gjere. Kort sagt, ein livslang strid for å halde seg på "den smale veg," "gå i Jesu fotspor", "være ein disippel", "ta sitt kors opp".  Rett nok er vi frelst av nåde, men...

Lovisk forkynning og hang til ekstremisme

Slik eg har oppfatta dei to nemnde innlegga, er det nettopp ei slik kristendomsforståing som filmen gjev eit bilete av. Kor galt det kan gå når kristendom vert ein prestasjon, ein religion som alle andre religionar og "ideologiar" der ein må leggje seg under foreldre, overspente forkynnarar, ekstreme miljø, sekter, utopiske politiske dogmer, ismer  og trendar, dommedagsprofetar og  sjølvutnemnde apostlar,  slik vi m.a. ser innanfor for både kyrkja og organisasjonskristendom, men og i det reine politiske livet. I dag meir enn nokon gong.

"Forbanna vere den som er under loven", seier Paulus. Men denne åtvaringa er som å skvette  vatn på gåsa i mange miljø, for den dominerande kristendomsforståinga er å sette fokus på ein sjølv, kva du må gjere og kva du må vere for å framstå som ein "Jesus-følgjar". Kva Jesus har gjort for deg gjennom sitt frelsesverk, har du nok høyrt om, og då må du betale tilbake noko av det Han har gitt deg ved å etterleve "Hans bod" .

Ellers står det om sjølve frelsa.

I politikk og samfunnsliv møter vi mange av dei att som godheits- og nestekjærleikposørar som ikkje kjenner til ordet konsekvens anten dei er styrde av religiøs lov eller politisk ideologi.

Kanskje han forstod Guds Nåde best, syndaren og alkoholikaren og uteliggjaren som låg under pappøskjer i containeren då Dagsrevyens utsendte førjulsreportar stakk mikrofonen ned til han og spurde :

"Kva håp har du då?" Uteliggjaren stakk hovudet opp og svarte tørt:" Jesus"

Ein må helst  vere sertifisert teolog om ein ikkje skal sjå at det er noko som er galt med den rådande kristendomsforkynninga. Filmen Disco verkar å ha sett fingeren på eit omfattande problem, ikkje berre i religiøse sekter, men i rådande kristendomsforkynning og, vil eg hevde.

Stort betre forheld det seg heller ikkje når det gjeld mange politiske ideologiar og utopiar  der vi no ser at born og ungdom på ein eller annan måte let seg bruke og skreme av dommedagsprofetar på den eine eller andre måten.

Det er truleg dei same mekanismar som gjer seg gjeldande der som i loviske og dermed usunne kristne miljø.

Derfor kan vi sikkert alle ta lærdom av filmen Disco. Men om det vil skje, er vel helle tvilsamt, vil eg tru. Dei tillærte oppfatningane er for djupt rota til det. Dessverre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt