Verdidebatt

KVINNAS PLASS?

I frå stunda då to livsfrø sameinast og blir eitt har dette gryande menneskevesenet ein sterk ibuande trong etter liv og vokster – til å bli fullbore og fødd inn i verda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I ein augneblink møter ei morscelle ei farscelle og blir eit foster.

Frå då av viser det nye livsfrøet ein livsvilje som synleggjer seg ved ein stadig vokster, og stilar mot ein fødsel ut or sitt vokstermiljø – ein nøye tilpassa voksterarena – i ei liv-mor midt inne i kvinnekroppen.

Men også etter at livslina – navlestrengen – er broten er fosteret heilt avhengig av morsorganismen og morsomsorga. Næringsproduksjonen og opptaket er nøye styrt av hormoner og instinkt. Alt kan vera til hinder for ein sunn og trygg yngelutvikling; – det er ørlite som skal til for å skipla den gode, sunne og normale framvoksteren frå foster til fullbore barn  - til nyfødd  - til vaksent individ frikopla frå morsomsorg og eit oppvekstmiljø i form av ein heim.

Men i dei fleste tilfelle går alt etter naturens orden – tilmed i det ville dyreriket der alt må skje etter naturgivne instinkt og styringsmekanismer.

«Liverts under» er eit mykje bruka uttrykk, og det er verkeleg litt av eit under at alt går vel;  ja, det er eit mirakel i samsvar med ei oppskrift som å ha sitt opphav utanfor menneskeleg fatteevne og medverknad.

Kva er kvinnas rolle og posisjon i denne prosessen, dette livsunderet? Det er HOVUDROLLA, som gjer at om alle involverte personar og miljøfaktorar sviktar eller uteblir, kan likevel morsindividet bera fram fosteret, føda det til verda, næra og verna avkommet mot alle dei farar og ulykker som kan oppstå og ala barnet opp i eit utviklande heim-miljø til eit fullvakse menneske – ein frittståande person med eigen integritet.

At dette er det største og viktigaste oppdraget som kan gjevast på jord må vel vera innlysande. Difor vil alle framstøytar som nedvurderer denne rolla vera usanne – grunna på falske føresetnader. Og husmorrolla, - karakterisert som eit tilbakesteg, - ei nedvurdert verksemd, - «eit tilbake til kjøkenbenken» - vera ytterst falsk.

Alle heimbyggjande aktivitetar er grunnleggjande verdfulle og naudsynte for ein sunn framvokster av det nye livet, den nye generasjonen. Feministane sine åtak på og nedvurdering av kvinnekjønnsrollene er misforstått og øydeleggjande  - og eit døme på sanninga i ordtaket: «Kvinne er kvinne verst».

Dei ideologiske kreftene som promoterer at alle kvinner skal ut i arbeid –«bort frå kjøkenbenken», er på villspor og til skade for samfunnet.

Er ein open for verknaden, som etter kvart blir synlege av denne politikken, er det mykje å finna: Menneske med ein ulykkeleg barndom, med mentale handikap, med rusproblem, identitetsproblem og psykiske kasus.

Med alt dette som bakteppe er vår abortpraksis meir enn underleg. Her skal det vera heilt greitt og tilrådeleg av mange grunnar å tyna den livsfrukt som er i mogning. Om det kan seiast å vera umenneskeleg, så er det i alle fall ikkje dyrisk. Det finst ikkje parallellar frå dyreriket der mordyret prøver å drepa sitt eige avkom. Tvert om. I heile dyreverda er det stadig døme på eit yngelvern som er både rørande og forunderleg. Med livet som innsats fostrar og vernar dyr og fuglar sitt avkom og ofrar seg heilt for yngelet.

Laksen forlet sitt gode liv i storhavet og søkjer seg tilbake til si klekkings-elv tusen mil borte. Han sluttar å ta seg næring, finn seg ein make og døyr etter å ha gytt og sikra framveksten av ein ny generasjon.

Etter at knelarhannen har nådd sitt livs høgdepunkt og får høve til å para seg med ei hoe – et ho han opp for å få protein i seg til å leggja levedyktige egg.

Eit kvinneleg tilbaketog til  «kjøkenbenken» og ei oppgradering av den forkjetra  husmorrolla i heimen – den mest krevjande, givande og viktige i samfunnet – ville vera eit langt steg framover.

La oss ikkje støtta politiske fraksjonar og parti som har ein slik agenda.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt