Verdidebatt

Ingen Disco på Roser

Det har vore mange reaksjonar på filmen Disco dei siste vekene. Det har vore nyheitsoppslag, lesarinnlegg og debattar. Kristne som kritiserer filmen for å vera einsidig tek i liten grad innover seg film som medium.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kunstnerisk film

Disco er ein kunstnerisk film som bruker lyd og bilete målretta for å skildra ei tenåringsjente. Filmen er ikkje ein Hollywoodfilm som spelar på storslagne effektar for å skape sensasjon.

Eit kunstnerisk grep som går igjen i Disco, er at kamera står i ro mens karakterane bevegar seg. Det er karakterane som er i rørsle, ikkje kinogjengaren. Ein slik scene er når Mirjam sit med frukostbordet. Ho seier ingenting. Mora står ved vasken. Stefar Per kjem gåande inn og går kvilelaust fram og tilbake i mellom kjøkkenbenken og bordet. Biletet er klippa slik at ein ikkje ser hovudet på dei vaksne, likevel kjenner ein på uroa til mora og irritasjonen til Per.

Karakteren Mirjam

Disco zoomer inn for å koma nær på karakteren Mirjam. Hovudpoenget med «Mirjam» er å visa kor viljelaus og initiativlaus born og unge kan bli av å vera i eit miljø der vaksne heile tida fortel kva ein skal vera og bli. Poenget er ikkje å skildra desse miljø i seg sjølv, men korleis karakteren Mirjam har blitt slik ho er på grunn av dei. Det finst mekanismar i pentekostal teologi og praksis som kan føra til personar som Mirjam. Som karakter er Mirjam sjellaus, handlingslamma og sjølvdestruktiv. Personlegdommen hennar er uthola. Det er ingen Mirjam bak auga. Det er ingen motstand i henne, ingen vilje, ingen glede, berre eit skal.

Dansekarrieren hennar er eit døme på personlegdommen til Mirjam. Dansekonkurransar eit skodespel med mykje glitter og falske smil. Livet til Mirjam er ikkje ekte, det er tilgjord. Berre på to frontar kjem Mirjam fram som ein eigen person. Det er når ho vil ha mora til å fortelja om far hennar og i samvær med litlesystera Ada.

Filmen starter med ei barnegruppe som høyrer ei bibelhistorie frå ei bok. Ei jente i 8-10-års alderen seier at når ein ikkje ser bileta i boka kan ein laga bilete i hovudet sjølv. Den neste som seier noko er ei jente på 4-6 år, ho seier akkurat det same som den eldre jenta. Den yngste jenta berre kopierer den eldste. Dette er utgangspunktet for filmen. Pentekostale miljø kan skapa «copy - paste menneske». Svaret er gitt på førehand, det er berre å gjenta rett svar.

I slutten av filmen er me på ein sommarleir. Settinga er dystopisk, som peiker på at Mirjams indre også er i oppløysing. Ei tenåringsjente på leiren repeterer det ein av leiarane seier ho skal seia: «eg er ein syndar», «eg er ein hyklar», «eg treng frelse», og liknande. Den vesle jenta i starten av filmen kopierte truskyldig det den eldre jenta sa. Tenåringsjenta i slutten av filmen har kopiert heile livet og er berre kopiar av andre. Mirjams liv bind desse to døma saman. Mirjam starta som den vesle jenta i barnegruppa og er på veg mot å bli som tenåringsjenta.

Tala inn i andres liv

Gjennom heile filmen er Mirjam i samtale med vaksne. Dei vaksne har ofte svar og innspel til ho. Desse innspela kjem ofte som retoriske spørsmål. Mirjam svarer lågmælt aksepterande på desse. Den einaste gongen ho stiller spørsmålsteikn, er når psykologen spør om Mirjam må tru. «Eg må jo det», svarer Mirjam. Det er lett å tolka dette som om Mirjam vert tvinga til å tru. Filmen sett under eitt peiker på ei anna tolking. For Mirjam er tru ein del av personlegdommen. Å «ikkje tru» eksisterer ikkje som ein moglegheit, den kategorien finst ikkje.

Eit døme på korleis vaksne «innprentar» sine tankar inn i born og unges liv, er ein samtale i Friheten (kyrkja Mirjam er medlem av). Pastor Trond fortel at han har hatt ein draum om Mirjam og fortel om kor store planar Gud har for ho. Dette å «tala inn i livet til folk» er noko som går igjen i pentekostale miljø. Dette har eg dessverre vore med på sjølv, både som mottakar og avsendar. Ein har eit bodskap frå Gud om andres liv og framtid. Dette vert ofte framsett som profetiar eller «kunnskapsord», eller på annan måte forankra i ei åndeleg openberring.

Å forankra bodskapen i ei openberring gjer bodskapet uangripeleg. Her er ein ved kjernen i problemet med pentekostal praksis og maktmisbruk som Disco tek opp. Ein kler handlingar og det ein seier i eit åndeleg sveip gjennom referansar til Guds ånd eller bibelen. Dette gjer at handlingane og utsegna vert umogleg å kritisera. Det som er sagt eller gjort, er frå Guds ånd. Ein skal aldri og på ingen måte tvila på desse.

Berre eit skal

Disco zoomer heilt inn på sjela til Mirjam. Gjennom lange klipp som dveler på ansiktet hennar. Når filmen har zooma heilt inn, ser ein at det ikkje er noko Mirjam der, berre eit skal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt