Verdidebatt

Den livsfarlege kristennasjonalismen

Ut med nestekjærleik. Inn med fiendtlegheit. Det er «suksessoppskrifta» bak den polske kristennasjonalismen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«I Polen dør kristendommen».

Orda kjem frå fader Ludwik ­Wisniewski, og er henta fram i den f­erske Polen-boka til Ingrid Brekke, Aske og diamanter.

Søndag kveld vart det klart at det ­polske regjeringspartiet, Lov- og rettferds­partiet, vann parlamentsvalet. Partiet som er ein tett alliert med den katolske kyrkja i ­Polen, fekk nesten halvparten av stemmene. ­Demonteringa av det polske ­demokratiet kan halde fram på full styrke – med velsigning frå kyrkja.

Kyrkja og regimet

Utbyttingsforholdet mellom kyrkja og regimet er effektivt: Kyrkja får gjennomslag for reaksjonære fanesaker som kamp mot LHBT-rettar og strengare abortlovgjeving. Til gjengjeld får regimet støtte til si sterkt nasjonalistiske og autoritære linje.

Slik appellerer kyrkja dei til mørkaste krokane i menneskesjela – stikk i strid med sitt eksistensgrunnlag. Fader Wisniewski er del av den liberale fløyen i kyrkja, som meiner at utviklinga i Polen har gått for langt. Han meiner den katolske kyrkja står for tett opp til det polske regimet, og at blandinga av katolisisme, patriotisme og reaksjonære fanesaker, er farleg.

Kristennasjonalisme

Livsfarleg– fordi det er denne kristennasjonalismen som drep kristendommen. Også livsfarleg fordi den nører oppunder hat mot minoritetar og annleistenkande. Tanken er at enten er du einig med kyrkja, eller så er du ein fiende. Wisniewski kallar det gift som er forkledd som evangelisering.

Analysen til Wisniewski er ­skremmande treffsikker: «Stadig færre identifiserer seg med kirken. Hva har skjedd? I vår religiøsitet har vi innført et element som er i ferd med å sprenge den: fiendtligheten. Vi er ikke bare infisert av den, men vi har vendt oss til den. Der hvor fiendtlighet holder til, er hatet en borgerrett, for fienden må man ødelegge. Man kan dermed spytte på, spotte og tråkke på mennesker.»

Teikn i tida

Det høyrest kanskje skremmande kjend ut.

Det er likevel lett å sei at Polen er ein annan stad. Eit land med tung autoritær bagasje. Eit land der såra etter andre verdskrig endå ikkje har grodd. Eit land der overgrepa frå det kommunistiske diktaturet som styrte etterpå, framleis gjennomsyrer samfunnet og dei politiske skiljelinjene.

Forfattaren Ingrid Brekke skriv treffande og godt om dette i boka si. Ho meiner at vi ikkje bør sjå på utviklinga i land som Polen og Ungarn berre som post-kommunistiske fenomen, men som teikn i tida. Kanskje viser desse teikna i tida seg tydelegare i land med fersk autoritær historie fordi motstandskrafta der er svakare.

Også hos oss

«Kanskje er det litt som når fattige land går direkte over på mobil­telefoni og hopper over fastnettet, tenker jeg av og til. Øst i Europa er ­tradisjonene så korte at man lettere fanger opp tidens ­trender og dermed kan gi oss andre et frampek mot hva som kommer», skriv Brekke. Ein analytikar ho møtte sa det slik, riktig nok med eit glimt i auget: «Vi har ventet lenge på europeiseringen av ­Polen. Kanskje er det nå vi ser polonisering av Vest-Europa».

Det er jo berre å ta ein rask kikk på ­kristne mediakanalar som Visjon Norge eller Norge IDAG, så finn ein mykje som minner om den polske kristennasjonalismen. Leiar for Tro og Medier, Jarle Haugland, skriv: Det er ikkje mykje som minner om kristendommens ideal i å sparke nedover. Trenden er aukande, også i Norge.

Golvet i katedralen

Den nye forma for kristendom – viss vi i det heile tatt kan kalle den det – spreier seg som eld i tørt gras frå land til land også i Vest-Europa. Der viser nasjonalistiske krefter vilje til å bruke kristne verdiar som eit vern om samfunna sine.

Ronald Fangen, mannen som ­grunnla Vårt Land, tenkte annleis. Kanskje var han prega av si samtid, med dei autoritære rørslene som var i sving i åra før andre verdskrig. I alle fall såg han på dei kristne verdiane som golvet i ein stor katedral, stort nok til å romme alt menneskeleg. Ikkje for å halde nokon utanfor.

Kristennasjonalistane snur heile grunnlaget for kristendommen på hovudet. Dei brukar kristendommen som ein identitetsmarkør for å halde «oss» frå «dei andre».

Det kjem mykje bra frå Polen. Kristennasjonalismen som blomstrar der no, er ikkje ein av dei tinga.

Nestekjærleik må aldri bli erstatta av fiendtlegheit.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt