Spaltist Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vinteren er på veg

Automatisering og robotisering gir oss færre grunnar til å møtast. Kanskje er det ein vennskapsideologi verda treng nå.

Publisert: 9. okt 2019  /  681 visninger.

Spol tilbake til ein kvardagskveld i februar: Roger slår av slipemaskinen i bua ved bandybanen. Tretti nyslipte skøytepar heng på veggen. Neste veke sliper han igjen, så gutane kan kjenna den sylkvasse eggen få feste i isen når dei sparkar frå og set fart i «verdas raskaste lagidrett». Han tar med den siste kaffiskvetten frå traktaren ved maskinbordet, går ut og ruller seg ein røyk. Etterpå går han – materialforvaltaren – gjerne rundt og kjeftar litt på uorden eller bandyballar som forsvinn. Men det strenge fjeset blir alltid avløyst av eit breitt flir.

 

Ildsjel

Utgangspunktet til Roger og meg er likt: Begge har hamna her på Vassenga, kunstisbanen i Mjøndalen, på grunn av ungane våre. Men eg greier så vidt å yta dugnads-minstemålet for foreldre i ein klubb med låge deltakaravgifter. Eg stiller opp med heiing på kamp (berre avbroten av mi eiga klaging over kulde og vinter generelt) og på dei få, obligatoriske dugnadane. Roger er annleis. Guten hans har slutta å spela bandy allereie tidleg i sesongen. Likevel kjem Roger minst ein gong i veka for å slipa skøytene til min trettenåring og dei andre gutane på laget – som sonen ikkje lenger er på. Han har jo tatt på seg materialforvaltar-vervet, forklarer han.  

Kven gjer slikt? Ein må nok vera uvanleg disponert for friviljug innsats. Men eg trur det handlar om meir enn å vera grei. Det handlar om det sterke fellesskapet i bandyklubben. Det handlar om vennskapet som oppstår mellom alle eldsjelene som trener og hjelper fleire hundre ungar og ungdommar sesong etter sesong. Det vennskapet omsluttar meg også, sjølv om eg er på B-laget i dugnad.

 

Venner er gåver frå Gud

Vennskap er hovudsaka i det friviljuge arbeidet til Sant’Egidio, ei katolsk lekmannsrørsle starta av radikale, italienske ungdommar i 1968. Slik dei les Bibelen, er alle menneske kalla til vennskap. Måten Jesus møtte menneske, særleg fattige, fører til eit inkluderande syn på alle – ikkje minst grupper som står utanfor. Venner er først og fremst gåver frå Gud, og dei har noko å gi kvarandre uansett ressursar. Den praktiske konsekvensen av vennskap er å hjelpa einannan, derfor brukar medlemmane i fellesskapet mykje av fritida si på «vennskap med fattige» – folk som er fattige på pengar, sosial kontakt, respekt frå andre eller rettar i storsamfunnet. Vennskapa er ikkje nødvendigvis symmetriske, men like fullt gjensidige og ekte.

For fire år sidan snakka eg med læraren Guglielmo Tuccinei, som er friviljug på eit suppekjøkken for heimlause i Roma. «På dagar då eg eigentleg ikkje vil opp av sofaen, er det hjarta som driv meg ut. Vennskap får folk til å handla. Det er ingen ideologi som får meg til å gå hit, det er vennene min som ventar på meg», sa han.


Vennskapsideologi

Men kanskje er det nettopp ein vennskapsideologi verda treng nå. Automatisering og robotisering gir oss færre grunnar til å møtast, og det blir mindre bruk for stadig fleire av oss. Allereie rundt første sving, vil mange av oss stå utan ein vanleg jobb. Framtida vil bringa sosial uro og større klasseskilje, men aller mest eksistensielle utfordringar: Kven er me, når ikkje arbeidet gir oss opplevinga av å vera del av eit fellesskap, kjensla av å bidra – og meining i livet?


Hjelparar av same slag

Framtidsmennesket vil skrika etter nettopp dette: meining og fellesskap der den kan skapast. Velferdsstat og innovasjon vil på ingen måte fjerna behovet for friviljug engasjement, for kyrkjeleg omsorgsarbeid eller dugnadsarbeid for bandylaget. Tvert om – sterke friviljuge fellesskap vil bli stadig viktigare. Mennesket sitt grunnvilkår er ikkje forandra sidan det blei skildra slik i ei av skapingsforteljingane i Bibelen: Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» Meir enn innovasjonskraft, treng kanskje framtidssamfunnet at menneska ser på einannan med vennskapeleg blikk og hjelper kvarandre.

Nå som vinteren er på veg, spurde eg Roger: Legg du opp som skøyteslipar? Svaret kom kjapt. «Du blir ikkje kvitt meg så lett. Eg blir minst en sesong til.» 

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
24 dager siden / 1869 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
16 dager siden / 1606 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
25 dager siden / 1577 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
23 dager siden / 1548 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
15 dager siden / 1418 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1353 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
13 dager siden / 1305 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
28 dager siden / 1167 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere