Svein Helgesen

16

Skjebnetid for Sentrum?

Paradoksalt nok kan resultatet av auka tillit til parti(a) i sentrum i 2021 resultere i at det «gamle sentrum» i praksis blir erklært som utdatert og dødt. Men det kan også opne for ny dynamikk med eit breitt politisk sentrum i ei meir sentral nøkkelrolle enn på lenge.

Publisert: 4. okt 2019

Både lokalvalet i september og nye meiningsmålingar dokumenterer at stadig fleire veljarar er på vandring. Oppslutninga om Ap og H er historisk svak, mens det bles medvind for parti som står tydeleg opp mot dagens politiske kurs. Snittet av dei siste målingane fortel at Erna Solbergs koalisjon må hente minst10 % fleire veljarar for å ha håp om ny tillit, samtidig som både KrF og V må krype over sperregrensa. For dei rødgrøne er utgangspunktet betre. Men ei ny regjering med Ap, Sp og SV vil vanskeleg kunne få fleirtal utan at Jonas Gahr Støre løftar partiet opp mot 30 % utan at dei to andre blir betydeleg svekka.  

Sentrumsvekst

I Norge ser vi i liten grad at veljarane flyktar til ytterfløyane, slik det er i mange land. Mens knapt 25 % seier at dei vil stemme på eit parti langt til høgre eller venstre (Frp, SV eller Rødt), uttrykkjer mest 75 % størst tillit til parti langs den politiske aksen frå og med Ap til og med H. Som følge av den historisk høge oppslutninga om SP har «det historiske sentrum» (KrF, Sp og V) til saman i dag større støtte enn på tjue år (23.2 %), mens ei utvida «sentrumsblokk» som inkluderer MDG passerer 30-talet og pustar høgrepartia og venstrepartia i nakken (snitt for H+Frp: 31.7 %, Ap+SV: 30.7 %).  

Store politiske utfordringar

Med klimakrise, krevjande økonomiske framtidsperspektiv og auka spenning internasjonalt vil det i åra framover vere behov for politisk taktskifte på fleire politikkområde – med fokus på mellom anna offensiv klimainnsats, kontinuerleg omstilling og strammare offentlege budsjett. Det vil krevje klok og berekraftig politisk leiarskap med handlekraft og mot til å løfte blikket over snevre partiinteresser. Samtidig fordrar det evne til å kommunisere og lytte for å dempe uro langs konfliktdimensjonar som sentrum/periferi, offentleg/privat, individ/ felleskap osb.

 Tid for nye politiske konstruksjonar og alliansar? 

I eit endra politiske landskap ser stadig fleire ut til å tvile på om dagens politiske alliansar er veleigna i møte med utfordringane framover. Vi treng å balansere ytterkantane og styrkje  samarbeidet på tvers av blokkene, skreiv Dagbladet på leiarplass 09.09.:  «Velgerbevegelsene, med fløypartiet Frp’s svekkelse og det selverklært blokkuavhengige MDGs vekst, vil på sikt kunne skape muligheter for at et fornyet sentrum igjen kan spille en nøkkelrolle i norsk politikk. Det er her gode kompromisser rundt konfliktaksene verdiskaping, miljø og sentrum/periferi har størst mulighet for å meisles ut.»

 Men så må vi spørje: Gir det i 2019 meining å bruke omgrepet «sentrum»? Kva er sentrum, og kven er i det politiske mellomlandskapet? Har ikkje KrF, Sp og V gjennom årelange bindingar til rød eller blå side i praksis oppheva sentrum som politisk kraft og erklært det som dødt? Er ikkje den politiske avstanden mellom liberale og konservative og mellom blå, røde, grøne og gule i og mellom partia blitt så stor at det ikkje lengre finst sterkt nok «lim» til å halde «det historiske sentrum» saman? Og er ikkje MDG i realiteten meir eit radikalt fløyparti enn eit blokkuavhengig sentrumsparti?

Sentrumssamling langs kysten i vest

I lys av slike spørsmål er det interessant å sjå til kyststripa i vest. I fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland har KrF, MDG, Sp og V etter valet i september funne saman og framstår som ei samla kraft i arbeidet med å utforme felles regional politikk. I samarbeid mot venstre, primært Ap, har dei fire partia lagt felles styringskurs for regional samfunnsutvikling både i sentrum og periferi i fylka: samferdsel, næringsutvikling, kultur, distriktspolitikk, vidaregåande opplæring osb. Oppdraget har vore å meisle ut berekraftig regionalpolitikk med eit mest mogleg tydeleg tyngdepunkt i sentrum.

Korleis forvalte eventuell auka tillit til Sentrum?

Stadig meir kan tyde på at Ap og H det neste tiåret vil framstå som varig svekka som styringsparti, og at veljarane vil gi større tillit og dermed sterkare nøkkelmakt til parti(a) i sentrum. Det vil utfordre samarbeidsklima, -evne og -vilje i alle parti. Vil det til dømes vere sterk nok motivasjon i KrF, MDG, Sp og V til å søkje tettare saman i ei tid når to av partia har historisk vekst med samla oppslutning opp mot 25 %, mens dei to andre kjempar mot sperregrensemarerittet for å overleve?  

Samtidig er det ein realitet at eventuell auka veljartillit til sentrum, med samla oppslutning på rundt 30 %, vil kunne skape ny dynamikk i norsk politikk. Det vil tappe ytterpartia for politisk makt og flytte politikkens tyngdepunkt fleire hakk inn mot midten, i tråd med fleirtalsviljen i folket. Det vil i 2021 opne ei dør til ein sentrum-venstrekoalisjon av Ap, KrF, MDG, Sp og V med trygt fleirtal i Stortinget. Men det vil også på sikt kunne gi fleirtal for ein koalisjon mellom dei fire partia og eit meir sentrumssøkjande og klimaoffensivt H, utan Frp,

Berre ei eventuell politisk krise kan rokke ved dagens parlamentariske og politiske samarbeidsmønster. Men på kammerset har nok alle parti også eit blikk lengre fram enn til 2021 og tenkjer rundt ulike framtidsbilde. Korleis møte dei nye utfordringane dersom dagens utviklingstrendar bit seg fast? Vil toblokkmodellen då leve vidare slik vi kjenner den i dag - eventuelt med mindre justeringar?

Det er først og fremst opp til sentrumspartia sjølv å bestemme korleis dei, kvar for seg og/eller samla, vil forvalte eventuell sterkare politisk nøkkelmakt. Paradoksalt nok kan auka tillit frå veljarane resultere i at det «gamle sentrum» i praksis blir erklært som utdatert og dødt. Men det kan også opne for ny dynamikk med eit breitt politisk sentrum i ei meir sentral nøkkelrolle enn på lenge.

 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
24 dager siden / 1862 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
16 dager siden / 1602 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
24 dager siden / 1575 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
23 dager siden / 1544 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
15 dager siden / 1414 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1353 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
13 dager siden / 1296 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
28 dager siden / 1166 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere