Verdidebatt

Éi lov for Loke, ei anna for Tor

Retningslinjene for Verdidebatt er gode, men blir praktisert urimeleg. Veldokumenterte innlegg må ofte vente i dagevis før dei blir tekne inn, medan synspunkt i tråd med redaksjonens fyk straks opp på heidersplassen sjølv om dei bryt med fleire av reglane for god debattskikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei retningslinjene eg særleg siktar til er nr 2, "Innlegget må være argumenterende og påstander må belegges", nr 4, "Innlegget må ikke fordreie eller karikere andres synspunkter" og nr 5, "Innlegget må være saklig og ikke spekulere i bakenforliggende motiver".

Eg reknar med at redaksjonen stiller minst same krav til det som blir publisert i sjølve avisa. Derfor er det ekstra ille når faste spaltistar fritt får bryte desse reglane. I dette innlegget viste eg korleis Usman Rana har 'synda' på det grovaste mot alle punkta nemnt ovanfor og likevel får halde fram som før. Det blir ikkje betre av at redaksjonen også publiserer spalta hans på Verdidebatt.

Ali Chishti ikkje berre spekulerer, men meiner tydelegvis å kjenne i detalj både motivet, kjenslene og planane til sine meiningsmotstandarar:

"Al Noor-moskeen og Islamsk Råd Norge responderte meget sympatisk og fint på terrorangrepet. De kondolerte ovenfor familien til terroristen, for deres tap av sin datter – og mange muslimer viste støtte og medfølelse med broren til gjerningsmannen. Mange, inkludert kronprinsen, skrøt av måten moskeen og det muslimske samfunnets reagerte på denne alvorlige og skremmende hendelsen, som var ment å ende i massedrap.

Dette provoserte stiftelsen Human Rights Service (HRS) og mange muslimfiendtlige miljøer. Det ble tungt å erkjenne at muslimer som helhet responderte på terrorangrepet med nestekjærlighet og forsoning. Det passet ikke inn i narrativet de ønsker å framprovosere – en pågående kulturkrig der islam og muslimer er intolerante og den ultimate fienden."

Det mest gjennomgåande er likevel alle innlegga som bryt retningslinje nr 2, om å bruke argument og grunngje påstandane som blir sette fram. Dette gjeld særleg dei som tek for gitt at eige standpunkt er det einaste moralsk rette, utan å grunngje eller sannsynleggjere kvifor nettopp dét er best for alle partar på lengre sikt. Eg tenkjer her på dei fleste artiklane om IS-barna, migrantar som druknar i Middelhavet, flyktningar frå Midtausten og krava om asyl for dei fleste som kjem seg til Noreg. Når det gjeld innvandring, kan sjølv intelligente personar servere svada, nasjonal sjølvpisking og haltande parallellar utan å blygjest.

Når redaksjonen ikkje reagerer på slikt, kan forklaringa vere at Vårt Land både på leiarplass, i kommentarar og gjennom reportasjar moraliserer på same måte. Derfor er det ikkje så rart at avisa misforstod eller tolka vrangvillig kva 'godheitstyranni' var for noko og kanskje enno ikkje har forstått det. Heller ikkje omtalen i avisa av meiningsmotstandarar er sakleg, enten det gjeld Trump, Hege Storhaug eller Pegida/AfD.

Heilt i tråd med denne linja påstår sjefredaktør Bore at "norsk offentlighet reagerer sterkere når en ung kvinne nekter å håndhilse på kronprinsen, enn når en ung kvinne drepes på grunn av sin hudfarge". Dette er ein uhyrleg insinuasjon, for ein diskusjon om kva omgangsformer som skal gjelde i Noreg inneber på ingen måte bagatellisering av eit brutalt og sjokkerande mord. Kva som eigentleg ligg under drapet på ei stesøster, kan vonleg rettspsykiatrane seie noko om. Men både i framtoning og familiehistorie har Manshaus ein viss likskap med Breivik. Det talar meir for psykisk avvik enn for rasisme/høgreekstremisme som årsak.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt