Verdidebatt

«Og kjenna at vi er i slekt med jorda»

I moderne tid har naturen gjerne vore sett som ei maskin eller eit urverk. I dag kan vi sjå at slike bilete er uansvarlege og utdaterte. Kva metaforar kan vi då bruke?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

‘Naturen er min katedral’. ­Dalai Lama skal visstnok ein gong ha sagt at nordmenn var flinke til å meditere. Korleis kunne han seie det? Det er jo ikkje nett så ofte ein ser nordmenn sitje i djup konsentrasjon med auga att. Nei, men det Dalai Lama tenkte på, var at nordmenn ofte er å finne ute i naturen. Og der, meinte han, kom nordmenn inn i eit meditativt sinne­lag. Vi kjem nærare oss sjølve, nærare røyndomen.

Og nærare Gud? Mon det. Eg kjenner ein vis, eldre mann. Han er stundom å sjå i kyrkja. Eg spurde han ein gong om kva han tenkte om Gud. Han sa: «Vel, eg ­tenker ikkje så mykje på Gud. Men i ­naturen, der kjenner eg meg nær Gud. Naturen er min katedral.» Eg visste ikkje heilt kva eg skulle tenke om dette, kan eg hugse. Hadde han eigentleg gjeve eit «ortodokst» og «akseptabelt» svar?

Gud i naturen?

Nokre vil sikkert ­tykkje at denne uvissa som eg hadde, var ­overraskande – Bibelen er trass alt full av tekstar om Guds verke i ­naturen. ­«Himmelen forkynner din herlegdom». Men så enkelt har det nok ikkje vore i ­moderne protestantisme. Luther og ­pietismen la sterk vekt på tema som synd, nåde, kross, frelse. Men vekta har vore mindre på tema som skaping, ­«logos-kristologi», naturmystikk, kropp og anna. Mange sjølvmedvitne protestantar har vore redde for at tale om «Gud i naturen» er uttrykk for «liberalteologi», «allmennreligiøsitet» eller «panteisme».

Den generelle ­samfunnsutviklinga ­høyrer også med i biletet. Etter som ­vitskap, industrialisering og marknads­kapitalisme utvikla seg i moderne tid, vart naturen i aukande grad sett på som «nøytral, død materie». Gud var ikkje å finne i «maskina», i «urverket». Mange kristne aksepterte denne «metafysikken», og responderte så å seie med å meine at Gud heller var å finne i ord og sakrament, eventuelt også i indre erfaringar. Det vil seie i alle høve innanfor kyrkja sine fire veggar, og «under kontroll».

Endra verdsbilete.

I dag har ­bileta ­endra seg. Kva no enn naturen er, så er han ikkje «død materie». Heller er han ­mysteriøst, dynamisk, komplekst liv. ­Mange forskarar talar jamvel, med ­utgangspunkt i gresk mytologi, om jord­kloden som «Gaia». I alle høve blir vi i vår tid kalla til større ærefrykt for skapar­verket, til å leve meir i harmoni med naturen – men også til å kjenne våre eigne djupe behov og våre eigne sårbare grenser.

Kort sagt: Vi er kalla til å bli meir som Adam og Eva i skapingssoga – dei som samstundes var både underordna ­skapningar forma «av jorda», og verdige medskaparar med «livsens ande» i seg. Eller som Aslaug Låstad Lygre ein gong skreiv det så godt, i sin song om «sumarnatta»: «Og kjenna at vi er i slekt med jorda, med vinden og kvite sky.»

Men forteljinga om Adam og Eva seier også at «Gud vandra mellom dei» i hagen. Kan vi seie det same om Guds nærvære i det skapte, rundt oss? Har vi eit slikt gudsbilete? Nokre teologar vil jamvel tale om skaparverket som Guds «inkarnasjon» eller som eit sakrament der både det guddommelege og det skapte kontinuerleg er sameina. Bør lutherske kristne eigentleg også tale slik? Ein kan undrast.

Å ause frå truskjeldene

I den ­katolske kyrkja på 1900-talet vart det tala om både «ressourcement» og «aggiornamento.» Kanskje er noko slikt mogleg også på det området eg har tala om her. Altså, å ause friskt vatn frå truskjeldene, særleg dei kjeldene som har å gjere med den tre­einige Gud som opphav til den ­dynamiske eksistens, harmoni og energi i skapar­verket. Og: Å samstundes vere i ­kontinuerleg dialog, både med sunne og meiningsfulle økumeniske tradisjonar, og med samfunnet og problemstillingane som oppstår i det.

«Naturen er min katedral», sa min ven. Det er ein type poesi, ein type metaforikk, som opnar opp for mysteriet i det naturlege. Jo – eg tykkjer det var både godt og verdig sagt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt