Ein kan gje talrike eksempel på dette, men det mest nærliggande er sjølvsagt den aktuelle artikkelen, som eg vil kommentere. Den er verken verre eller betre i så måte enn dei fleste andre artiklar som redaksjonen vel å framheve.
Det første gjeld påstanden om at færre migrantar druknar i Middelhavet viss der er fleire 'redningsbåtar'. Både kryssing av Sahara og Middelhavet er relativt farleg, og dødsrisikoen gjekk opp etter at alle 'redningsbåtane' vart sette inn i trafikk: Frå 0,4 % i 2015, til om lag 1,5% i 2016 og 2,2% i første del av 2017, ifølgje tal frå FNs høgkommisær for flyktningar. Dette var også tema for ein artikkel, nyst publisert av NRK, der det står:
«Etter et skipsforlis i Middelhavet i oktober 2013, der over 300 migranter druknet, satte Italia i gang operasjon Mare Nostrum. En operasjon som skulle hindre drukningsdød, og samtidig bekjempe menneskesmugling. Mange redningsskip lå klare rett utenfor kysten av Libya for å ta om bord migranter. Året etter tok 170.000 migranter seg over fra Libya til Italia. Dødstallene steg, i absolutte og relative tall, tross omfattende redningsvirksomhet.»
Større vilje i Europa til å ta i mot migrantar, vil dessutan auke talet på dei som set seg i stor gjeld og risikerer livet for å kome hit. Kanskje like mange set livet til på reisa gjennom Sahara som på båtturen over Middelhavet, utan vi høyrer så mykje om dei. Å lokke folk i døden er verken humanistisk eller kristeleg, men dårskap av dei uvitande og direkte vondskap viss ein kjenner konsekvensane.
Det er heller ingen grunn til å skamme seg over å vere norsk. Vi har gitt asyl og familieinnvandring til relativt fleire (i høve til folketalet) enn noko anna land i Europa, med unntak av Sverige. Berre eit lite mindretal av desse har flyktningstatus etter FNs flyktningkonvensjon. Ved å tillate ytterlegare innvandring, betrar vi ikkje levekåra i fattigare land, men vi risikerer derimot å øydeleggje vårt eige.
Engasjementet mot bompengar handlar i første rekkje om fordelingspolitikk, som har vore flaggsaka til venstresida i alle år. Ei avgift som i urimeleg grad råkar dagpendlarar og barnefamiliar, er kort og godt usosial. Ingen er så avhengige av bil som dei. Protest mot dette er ikkje meir uttrykk for egoisme enn protest mot andre usosiale og urettferdige ordningar.