Verdidebatt

Når Vårt Land avlyser valkampen

Om du les Vårt Land kan det sjå ut til at kampen om rettane til skeive i kyrkja er over.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Siste tida har ein debatt kring kyrkjevalet gått i Vårt Land. Det er til dømes hevda at kompliserte spørsmål om valtekniske ting har stole merksemda og at Åpen folkekirke ikkje har vore offensive nok. Eg som er innvald i Møre, kjenner meg ikkje heilt att i dette.

Kyrkjelandskapet kan vere veldig ulikt i dei forskjellege bispedøma. Likevel har oppslaga kring kyrkjevalet vore sentrert kring Oslo, og Vårt Land har nærmast stadfesta at «kampen no er over», med referanse til likekjønna vigsel. I mine auge stemmer denne analysen ikkje heilt.

For ubehageleg. For det første er eg ikkje samd i premissen om at denne kampen KAN vinnast ein gong for alle. Vi ser fleire døme på at rettane til kvinner og skeive blir reversert og truga i mange europeiske land (også i Norge, dessverre).

Den andre innvendinga er ganske sjølvklar for mange i Møre. Her har ikkje Åpen folkekirke fleirtal i bispedømerådet, og vi får følgjeleg ikkje fleirtal for mange av våre forslag som går på synet på både homofili og på folkekyrkja. Fleire sentrale kyrkjefolk i Møre har sagt til meg personleg at dei støttar Åpen folkekirke, men at dei dessverre ikkje kan vise dette offentleg. Det blir rett og slett for ubehageleg for dei.

Sjølv om vi har innført likekjønna vigsel over heile landet, så er det framleis mykje motstand mot dette i Møre. Haldningane bak motstanden har ikkje endra seg like raskt som lova, og er godt tilstades enno. Dette trur eg kan skildre tilhøva også i Agder og Telemark, Stavanger, og kanskje også i delar av Nord-Hålogaland, der ein mellom anna ser motstand mot kvinnelege prestar.

Avlyser valkampen. Vi som dreiv valkamp i Møre, har ingen sjølvsagt medvind, korkje i folket eller i kyrkjefolket, slik eg trur ein har i Oslo. Vi har i høgste grad ein kamp å kjempe! Og det er dette som ikkje blir spegla like godt i kristne media som Vårt Land.

Dermed har vi i Åpen folkekirke Møre, og andre konservative bispedøme, hamna mellom to stolar i valkampen: I lokale media dominerer den politiske valkampen, og dei avisene som faktisk dekker Kyrkjevalet frå Oslo, har eit perspektiv som ikkje tilsvarer tilhøva på Møre.

Lesarane som bur i tradisjonelt konservative bispedøme og som les Vårt land, får då eit inntrykk av kyrkjevalet som ikkje stemmer med deira landskap. Når Vårt land nærmast avlyser kampen og stiller spørsmål om eksistensgrunnlaget til Åpen folkekirke, får veljarane ikkje akkurat trong til å stemme.

Sjølvoppfyllande profeti. Erfaringa mi frå valkampen, er at når folk blir gjort merksame på korleis situasjonen og reglane er i Møre – at Åpen folkekirke ikkje har fleirtal i rådet, at vi framleis har diskriminerande utlysningstekst til vigsla stillingar – så reagerer dei sterkt, og ønskjer å stemme for å endre dette.

Synet på homofili, samlivsformer og likekjønna ekteskap, er sjølvsagt ikkje dei einaste viktige sakene i kyrka for tida. Vi må uansett halde oppe eit fokus på korleis auke deltakinga i gudstenester og dåp, og korleis vere ei tydeleg kyrkje i samfunnet. Spørsmål om kyrkjeordning og felles arbeidsgjevarlinje må framleis avklarast og vedtakast.

Men når Vårt Land skriv at «engasjerende for folk flest» var ikkje debatten – så blir dette snarare ein sjølvoppfyllande profeti, enn ein treffande skildring av tilhøva i heile Norge.

Eg trur nok debatten, både mellom veljarane, på stand, og i avisene, kunne ha vore meir engasjerande, dersom media i større grad hadde stilt spørsmål ved både reglane og haldningane som styrer store deler av kyrkjenorge.

Mykje på spel. Fleire av kandidatane på nominasjonskomiteen si liste, svara at dei ikkje ville ha omkamp om likekjønna vigsel (denne perioden?). Men kva viss avisa hadde spurt kandidatane på både Nominasjonslista og Bønnelista om deira haldningar til homofili, ikkje berre vigsel. Ønskjer dei at gifte skeive får vere prestar? Ønskjer kandidatane å tillate ei lære om at homofili ikkje er synd i trusopplæringa? At ein ikkje treng leve i sølibat som skeiv? Og kva viss avisa hadde problematisert nokre av ytringane frå enkelte kandidatar, der likekjønna, forpliktande samliv blir sidestilt med polyamorøse forhold, ekteskap med dyr (!) og så videre.

Då trur eg nok dette for det første hadde gjenspegla i større grad situasjonen slik den er i enkelte miljø, til dømes i Møre. Veljarane hadde også skjønt betre kva som hadde stått på spel.

Heile landet. No er det feigt å skulde på andre når noko ikkje går etter planen. Så eg vil ikkje legge ansvaret på Vårt Land, for at ikkje enda fleire røysta, eller røysta på Åpen folkekirke. Vi som dreiv valkamp må ta dette på eiga kappe, og lære av det til neste gong.

Likevel kan eg ikkje unngå å undre meg over kva som hadde skjedd dersom media ikkje på førehand hadde avlyst både kampsakene og nærmast valkampen. Kva hadde skjedd om media var meir maktkritiske til dei konservative kreftene som framleis styrer deler av Kristen-Norge?

Det er klart Åpen folkekirke har ei eigeninteresse av at slike ting blir både avdekka og dekka av media. Men eg meiner at også lesarar og veljarane hadde hatt nytte av å ta eit val basert på informasjon som spegla forholda betre - ikkje berre på Austlandet, men for heile landet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt