Verdidebatt

Nei til dødshjelp som smertelindring

Tida er inne for å aksjonere for livshjelp og ikkje dødshjelp

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ola Martin Moen og Aksel Braanen Sterri har offentleg gått inn for å legalisere aktiv dødshjelp. Moen trur at det berre er eit tidsspørsmål før dødshjelp vert legalisert her til lands (VL 11.09). Eg fryktar at han får rett i spådomen sin. Dei siste åra har fleire forfattarar stått fram og synt kor drepande ideen om «aktiv dødshjelp» er for dei som kjenner seg truga. Det er ikkje lysteleg å leve i eit samfunn der lovene gjer det greitt å luke ut alt som vert oppfatta som unormalt, eller feil, anten det gjeld Downs syndrom eller andre diagnosar. Folk som får livet endra etter til dømes ei trafikkulukke, veit litt om dette.

Sortering

I essayet «Gleden» skildrar forfattar Thorvald Steen ein tur i rullestol på Slottsplassen. Her er refererer han i tur og orden korleis forskarar og til og med ein Nobelprisvinnar ivra for å sortere ut foster med «feil», mellom anna «kromosomfeilen», som etter kvart gjorde han sjølv til rullestolbrukar. Han siterer frå 1956 etter Nobelprisvinnaren Herman Joseph Muller: «Selv om det er en menneskerett å få sine skavanker behandlet med alle de midler samfunnet har til rådighet, har ingen rett til å overføre genetiske, eller delvis genetiske, skavanker, slik at samfunnet får en enda større byrde å bære.»

Vidare skriv Steen: «Jeg løfter blikket og stirrer på hestenes hode. Mine tanker blir mørkere, jeg grubler over alliansen mellom ny teknologi og deler av menneskehetens iver etter å ­renske bort det som er «unormalt». Når herskere har utslettet folk, nasjoner, språk, sivilisasjoner og dyreslag, spør de seg ikke: hva er det vi har tapt. [...] Det jeg ville ha fortalt ham, [Ein tilfeldig gardist han passerer] er at jeg er glad for at jeg er født og lever her på kloden».

Tvilsam utvikling

Ein annan som bør nemnast er Jan Grue. I essaysamlinga «Det var en gang et menneske» nyttar han omgrepet «dødspornografi» i omtalen av filmen «Et helt halvt liv», ein film som nyttar vakre menneske til å ufarleggjere og estetiserer den planlagde avslutninga av ­livet. Sjølv er Grue professor ved UiO, men forsvarer retten til liv, òg for dei som slett ikkje kan yte noko som helst i samfunnet.

Lækjar og aktivt medlem i ­Human-etisk forbund Morten Horn har i årevis gått ut i aviser og åtvara mot denne iveren etter å få legalisert retten til dødshjelp, og han er ikkje den einaste humanisten som står for det same. På same vis som Grue vil han ha livshjelp i staden for dødshjelp. Der er så visst ikkje berre «Vestlandspietistar» som tykkjer det er ein dårleg ide å gi dødshjelp som smertelindring.

I artikkelen i Vårt Land les vi at Moen samanliknar retten til dødshjelp med retten til ytringsfridom. Eg har vanskar med å sjå at dette er likeverdige «rettar». I land der dødshjelp er legalisert, er ein i dag vitne til ei særs tvilsam utvikling. MS-pasientar, personar med Downs syndrom el. andre arvelege «feil» kjenner seg uønskte og diskriminerte. Er dødshjelp løysinga dersom ein person ytrar ønskje om det i ein depressiv periode?

Heller livshjelp

Eg kjende godt ei dame som hadde levd med leddgikt frå ho var tolv. Ho vart 73 år. Ho sa mellom anna: «Stundom må andre ville livet for meg!» Ho måtte i mange år bu på institusjon. Augo var gode, så ho lærde seg mange språk og var dagleg avislesar for andre som ikkje klarde å lese, eller å bla.

Har vi rett til å vurdere kva som er eit verdfullt liv for andre? Er ikkje tida inne til å aksjonere­ for «livshjelp» i form av betre støtteordningar og tilrettelegging i staden for «dødshjelp»?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt