Per Steinar Runde

219

Integrering i Israel og i Noreg

Nicolai Strøm-Olsen og Maria Amelie meiner Noreg kan lære integrering av Israel. Det kan godt vere, men askenasiske jødar frå Russland kan ikkje samanliknast med muslimar frå Afrika, Midtausten og Asia.

Publisert: 17. sep 2019

Dette er ein kort kommentar til artikkelen "Norge kan lære integrering av Israel". Det er vel og bra det som står der, og Noreg kan sikkert lære mykje av Israel, også om integrering. Men askenasiske jødar frå Russland har fleire fordelar ved innvandring til Israel som dei fleste ikkje-vestlege innvandrarar til Noreg ikkje har. Derfor kan ein heller ikkje vente same gode resultat, uansett integreringstiltak.

For det første er desse innvandrarane jødar, gjerne sekulære, men likevel med ei oppfatning om at dei kjem til sine eigne, eller i det minste til sine næraste slektningar. Slik blir dei også oppfatta av mottakarane; elles hadde dei ikkje fått kome.

Dessutan kjem dei frå eit land med eit godt utvikla skulevesen, som er obligatorisk og gratis. Slik sett kan dei samanliknast med bosniarane som kom til Noreg frå det tidlegare Jugoslavia. Dei har også greidd seg godt og har ei sysselsetjing nesten på nivå med nordmenn. Det same kan ein også seie om indiske innvandrarar til Noreg. 

Askenasiske jødar er kjend for å ha i gjennomsnitt den høgste I.Q. som er målt på gruppenivå, ein stad mellom 107 og 115. Det er difor ikkje rart at dei har lukkast i eit utdanningssamfunn som det israelske. Det same har vi her til lands sett når det gjeld adoptivbarn frå Sør-Korea eller innvandrarar frå Kina, begge austasiatiske land som er kjende for over middels gjennomsnittleg intelligenskvotient. Det i seg sjølv borgar ikkje for vellykka samfunn, for under kommunistisk planøkonomi svalt titals millionar i hel i Kina, og det same skjedde i mindre målestokk også i Nord-Korea.

 Dei russiske jødane kom også til ein kapitalistisk økonomi, der dei må symje eller drukne; ikkje til ein velferdsstat som garanterer for hus, løn og offentlege tenester same kva folk gjer, eller skal vi heller seie, "ikkje gjer". 

Dei fleste ikkje-vestlege innvandrarane til Noreg har hatt lite og svært mangelfull skulegang. Erfaringa deira frå arbeidslivet er heller ikkje tilpassa vårt, sidan 96 prosent av stillingane her til lands krev spesiell kompetanse. Dei fleste kjem også frå ein kultur der kvinnene i liten grad tek del i arbeidslivet utanfor heimen, medan vi jamvel har flytta mykje av omsorga for barn og eldre til offentlege institusjonar. 

Trass fortrinna til dei russiske jødane skriv Strøm-Olsen og Amelie at dei fleste måtte ta til takke med arbeid i lågtlønnsyrke i starten eller la seg omskulere. Slik er det også i Noreg. Men etterkomarane med norsk språk og skulegang greier seg langt betre, men litt for mange fell frå i skulen og endar i utanforskap, både i samfunns- og arbeidslivet.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 5454 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
19 dager siden / 3735 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
20 dager siden / 1315 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1203 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
6 dager siden / 1144 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
15 dager siden / 1057 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
4 dager siden / 1042 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere