Verdidebatt

Risiko for feilbehandling av kjønnsdysfori hos barn og unge

I Sverige foregår det ein heftig debatt i media om behandling av barn og unge med kjønnsdysfori. Men i vårt land er det ytterst få som i media tar til orde for at vi også treng ein open diskusjon om dette viktige spørsmålet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Debatten er høgaktuell fordi Helsedirektoratet er igang med å utforme nye retningslinjer for organiseringa av behandlingstilbudet for barn og unge med kjønnsdysfori. Sterke grupper jobber for at tilbudet vert organisert som eit lavterskeltilbud. I forhold til dette, er det særleg viktig å lytte til debatten som skjer i vårt naboland (og i fleire andre land) og å ta lærdom av deira erfaringar.

Ei gruppe på 17 svenske foreldre til barn med kjønnsdysfori, skreiv den 4.9 ein artikkel i Dagens Nyheter (DN) om epidemien av kjønnsdysfori blant barn og unge voksne (18 - 25 år) som blir spreidd på sosiale medier. Dei representerer ei veksande gruppe foreldre med barn som i tenåra plutseleg uttrykker ei sterk kjensle av å ha "feil kjønn".

Forskrekka foreldre

Foreldra har gjort seg like erfaringar om at; 1) ingen av barna har tidlegare i barndommen gitt uttrykk for tvil om sin kjønnsidentitet 2) dei aller fleste er jenter 3) for alle barna har kjønnsdysforien hatt samtidigheit med psykiske vanskar som angst, traumer, depresjon eller spiseforstyrrelser 4) mange av barna har hatt problem med å få venner og å ha gruppetilhørigheit, fleire har diagnoser i autismespekteret 5) alle har vore opptatt av transspørsmål på ulike nettsamfunn like i forkant av at dei ga uttrykk for sin kjønnsdysfori og mange har hatt venner som identifiserer seg som trans eller ikke-binære.

Desse foreldra fortel at erfaringane dei har gjort med å søke hjelp i Bup (barne- og ungdomspsykiatrien) har forskrekka dei. Dei opplever at det vert gjort raske utredninger og at kjønnsbekreftande behandling med irreversible inngrep vert igangsett. Foreldre som har uttrykt tvil omkring dette har nokre gongar blitt meldt til barnevernet. Det har skjedd omsorgsovertakingar og inngrep har blitt gjort mot foreldra si vilje.

Desse foreldra stiller krav om at all medisinsk og kirurgisk behandling opphøyrer for denne gruppe barn og unge, at det vert slutt på eksperimentell behandling utan støtte i forskning og evidens, og at førstehandstilnærminga ved kjønnsdysfori skal vere samtaleterapi.

Dei viser til at talet på dei som angrer og "detransitionerer" og går tilbake til sitt fødselskjønn, er raskt aukande. Og at dei som har gjennomgått hormonell og kanskje kirurgisk behandling, er utsett for unødig lidelse og livslang medisinsk risiko.

Fagleg støtte

I DN idag får desse foreldra støtte frå fagleg hald v/ Sven Roman som er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri. Han uttaler at kjønnsdysfori vert spreidd som ein epidemi på nettet. Han støtter foreldra i deira bekymring for den kjønnsbekreftande behandlinga som vert gjennomført og karakteriserar den som drastisk, ugjenkalleleg og uvitenskapeleg.

Frå 2014 har henvisningene av barn med kjønnsdysfori, vist ein kraftig auke i Sverige. Roman antar at tusenvis av barn og unge vaksne har fått kjønnskorrigerande behandling dei siste fem åra; i form av høge doser kjønnshormon og kirurgi av bryst og kjønnsorgan. Dette til trass for at det saknast vitenskapleg belegg for slike behandlingar av barn, og sannsynlegvis også for unge vaksne.

Forskning viser at minst 75 % av pasienter med kjønnsdysfori har annan psykiatrisk problematikk; autisme, spiseproblematikk, sjølskading og overgrep. For alle desse finns evidensbasert behandling, og ved behandling av desse forsvinn ofte kjønnsdysforien, då det er vanleg at denne er sekundær til desse tilstandane.

Uavhengig gransking

Ifl.Roman bør all kjønnskorrigerande behandling for pasienter som er yngre enn 25 år, opphøyre. Han viser til at hjernen gjennomgår store endringar i tenåra, og at den først er ferdigutvikla ved 25-30 årsalderen. I den delen av hjernen som modnast sist, pannelappen, sitte bl.a.evnen til heilheitstenking og innleving.

Han meinar at ein uavhengig gransking bør skje av det som truleg er den største "sjukvårdsskandalen" i Sveriges historie.

I Norge er Helsedirektoratet igang med å utarbeide nye retningslinjer for behandling av barn og unge  med kjønnsdysfori. Som underlag for dette arbeidet brukar Hdir rapporten "Rett til Rett kjønn".

I denne er det ikkje tatt med den sterke framveksten av gruppa barn og unge med kjønnsdysfori. Dette er ein pasientpopulasjon som vi førebels veit lite sikkert om, verken når det gjeld årsaksforhold eller effekt av behandling. Pga av tidsfaktoren er det førebels lite forskningsdata å støtte seg på. Men vi veit at dette er ei svært sårbar gruppe med høg prosent av samsjukligheit med psykiatriske diagnoser.

Dette aleine skulle mane til stor forsiktigheit i korleis vi ivaretar og møter desse barna og dei unge. Ein nødvendig og god strategi er å møte dei med ei heilheitstilnærming og med grundige utgreiingar av tverrfaglege team i spesialisthelsetenesta. Pga av den høge prosenten av samsjukligheit, er det utan tvil påkravd med kompetanse innan psykiatrisk diagnostikk. Dette talar klart imot ei organisering i form av eit lavterskeltilbud i kommunehelsetenesta.

Ropar varsku

Det er forøvrig ikkje berre i Sverige at det er kritisk fokus på praksisen med raske utredningar og kjønnsbekreftande behandling av barn og unge. Etter tv-dokumentaren av Uppdrag Granskning om "Tranståget och Tonårsflickorna", er fokus blitt sett på praksisen ved  Karolinska.

Tilsvarande granskingar foregår no ved Tavistock i England, og også i Australia. Ved Tavistock i England har fleire fagpersonar trekt seg pga at dei meinar at praksisen med kjønnsbekreftande behandling strir mot faglige og etiske retningslinjer. Klinikken er forøvrig aktuelt under gransking etter at alderen for bruk av pubertetsblokkere (hormonbehandling) vart seinka av klinikken, basert på ein studie ved klinikken som idag blir etterforska. Det blir ropt varsku om at data frå studien har vist auka forekomst  av rapportering av suicidale tanker og tanker om sjølskading hos unge under behandling med pubertetsblokkere. Disse data har det ikkje blitt tatt omsyn til, og alderen har likevel blitt seinka slik at unge så langt ned i 11 års alder , har blitt tilbudt pubertetsblokkere ved denne klinikken.

Når våre Stortingsrepresentantar om ikkje lenge skal ta stilling til spørsmålet om organiseringa av behandlingstilbudet i Norge, vil eg sterkt oppmode om at dei også lyttar til dei kritiske stemmene som no etterkvart gjer seg stadig sterkare gjeldande internasjonalt. Om dei velger å ignorere desse, så kan dei i alle fall ikkje i ettertid hevde at dei ikkje visste eller ikkje forstod kva som foregjekk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt