Verdidebatt

Ugraset i åkeren

Ei preike som vart helda over likninga i Matteus 13,24–30 har vekt stor interesse her på desse sidene. Eg skal ikkje prøve å seie noko om predikanten Alv Magnus, som eg ikkje veit noko om. Men eg kan ikkje la vere å lure på om mange har misforstede sjølve likninga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter mi meining handlar likninga i Matteus 13 om noko anna enn det mange legg i henne. Så eg vil gjerne komme med mi tolkning. Men før eg gjer det, vil eg seie nokre få ord om seksuelle synder.

Seksuelle og andre synder i Bibelen

Blant  kristne synest det å vere fleire som betraktar seksuell synd som sjølve Synda med stor «S». Så har det då også vore helde mang ei tordentale  over seksuell umoral.

Sex i Bibelen

Men når eg les i  Bibelen, så finn eg inga tordning over seksuelle synder. Mange av  personane i Bibelen synest å ha eit ganske avslappa forhold til sex. Ein  finn historia om dei to døtrene som skjenkjer faren sin full og ligg med han etter tur, utan at dette  synest å verte fordømt i teksten. Og der er Juda, ein av dei tolv  grunnleggjarane av Israels-folket og ættefar til Jesus, som har sex med ein prostituert.  Og den prostituerte viser seg å vere hans eiga svigerdotter, Tamar, som  brukar dette som eit middel mot han til å få det som ho vil. Og ho er også i Jesu ætteliste. Berre for å ha nemnt noko.

Kva som forargar Jesus

Jesus, slik vi møter han i

NT

,  synest heller ikkje spesielt oppteken av å fordømme seksuell synd.  Ikkje at han neglisjerer det heller, men han går ikkje rundt og tordnar over det. Han vart sagd å vere

. Det er neppe for mykje å gjette på at blant desse «syndarane» var det somme som vart rekna for seksuelt umoralske.

Dei  menneska som Jesus syntest å vere mest i klammeri med, var heller den  religiøse eliten, særleg farisearane. Kven var farisearane? Dei var menneske som hadde sett seg føre å strengt overhalde den gammaltestamentlege lova. Dei sette Bibelen høgt, og søkte å leve så  fromt som muleg. Ein skulle tru at dei var ideelle samarbeidspartnarar  for Jesus. Men av ein eller annan grunn kom dei og han dårleg ut med  kvarandre.

I Lukas 7,36–50 høyrer vi om at Jesus er beden heim til farisearen Simon. Dit kjem også  ei såkalla «syndefull kvinne». Det står ingenting om kva slags synder  det er snakk om, men det synest meg ikkje særleg risikabelt å gjette på  at det dreier seg om seksuell umoral. Og farisearen ser sterkt ned på  henne. Men Jesus stiller seg på hennar side, mot den fromme som set Bibelen høgt og fylgjer alle reglane.

Og aller sintast finn vi Jesus i historia der han driv pengevekslarane ut av tempelet. Dette var typar som profiterte på menneske sin inderlege religiøse hengivnad. Noko sånt gjorde Jesus aldeles rasande. Noko å tenkje på i vår samtid?

Likninga om kveiteåkeren og ugraset

Men så til den aktuelle likninga. Her er teksten, frå Det norske bibelselskap si 2011-omsetjing:

Så  sette han fram for dei ei anna likning og sa:  «Himmelriket kan liknast  med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket  sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då  kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk  til jordeigaren og sa: 'Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din?  Kvar kjem då ugraset frå?' 'Det har ein fiende gjort', svara han. 'Vil  du vi skal gå og riva det opp?' spurde dei. 'Nei', svara han, 'for når  de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat  dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga  kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og  bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.'»

Eg  trur vi går glipp av ein del her. Og det er ikkje berre norske  bibel-lesarar si skuld åleine. Noko skuldast kanskje omsetjarane. Og  noko skuldast vel rett og slett at vi lever så fjernt frå kvardagen til  dei menneska som fyrst høyrde dette.

For det fyrste trur eg ikkje  at dette handlar om dommen over alle menneske. Det handlar om dei som  høyrer til «himmelriket», eller synest å gjere det. Eg innrømmer at eg  ikkje er heilt sikker på dette, men fleire ting synest å tyde på det. Vi  har orda som Jesus startar med: «Himmelriket kan liknast med…». Og der  er også ein del andre faktorar som ikkje er så lette å sjå.

Vi  får høyre at ein jordeigar sår kveitekorn i åkeren sin. Deretter sår fienden noko som vert kalla «ugras». Og ugras kan vere så mangt. Men Jesus sikta antakeleg til  ein bestemt type ugras. I ein fotnote i min bibel står det:

ugras: truleg ein giftig raigrasart (svimling); når han spirer, liknar han på kveite.

Svimlingen  er ein plante som det heldigvis finst lite av i norske kornåkrar, for  den er ganske giftig. Men menneske på Jesu tid kjende godt til, og frykta, denne planten. Og som det sto i fotnoten, så «liknar han på  kveite». På eit tidleg stadium ser ein ikkje at denne planten er der, det ser ut som om der er berre ekte kveiteplantar i åkeren. Legg merke til at det var fyrst då kornet «skaut aks» at det vart muleg å sjå at det var ugras der.

Men på det tidspunktet var det for seint å  luke. Røtene til svimlingen og kveiteplantane var då vortne så samanfiltra at prøvde du å rykkje opp ein svimling, så ville også ekte kveiteplantar fylgje med. Difor svara jordeigaren «nei» då tenestefolket spurde om dei skulle luke; «for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten».

Eg har prøvd å ta med eit bilete med kveiteplantar og svimling, håpar det virkar:

Spør  vi difor kva ugraset er, så står det altså ikkje for personar som klart  ikkje er truande kristne. Om vi skal forstå det som personar, så liknar  desse tvert imot på truande til forveksling, i alle fall til å byrje  med.

For å komme tilbake til det eg byrja med å snakke om, så ser  det ut som for meg at Jesus ikkje var særleg oppteken av å fordømme moralsk forfall på det seksuelle området. Men han var mykje oppteken av falsk religiøsitet. Og når vi har sett kva slags ugras det dreiar seg om her: virkar det ikkje sannsynleg at dette ugraset også handlar om falsk religiøsitet?

Og vil vi identifisere ugraset nærmare som personar, og kanskje vi vil frådømme dei deira kristen-status, då står vi i fare for å gjere nettopp  det som teksten seier vi ikkje skal gjere: Vi skal ikkje prøve å luke. Jesus seier at ja, der er ugras i Guds åker. Men der er også luking forbode.

Og ein vesentleg grunn til det, er at vi kunne komme til å også luke vekk dei ekte plantane.

Lukinga  skal overlatast til Gud åleine. Fyrst under «innhaustinga» vil Gud skilje ekte og uekte kornplantar frå kvarandre. Ingen menneske skal forsøkje å gjere det.

Så kan det vere mykje meir å tenkje på og spørje seg om i samband med denne teksten. Eg stoppar her, så får andre tenkje vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt