Per Steinar Runde

215

IS-mødrene og barna deira

Det finst få IS-barn med tilknyting til Noreg, og endå færre att i Al-Hawl, men sviket til mødrene deira er langt verre enn det tyskarjentene stod for under krigen.

Publisert: 11. sep 2019

            Mødrene til 'tyskarbarna' fall ikkje for nazismen, men forelska seg i tyske soldatar stasjonerte i Noreg. Mødrene til 'IS-barna' reiste derimot til Syria for å slutte seg til Islamsk Stat. I høve til folketalet vårt, særleg talet på muslimske innvandrarar, var det mange som fór, truleg 0,5% av muslimske menn i 20-åra. Men kvinnene som reiste, var få, og dei har heller ikkje fått mange barn, i høgda 35-40 til saman, i følgje NTB/PST. Men berre halvparten av desse er til no gjort greie for, dvs registrerte i Al-Hawl (Hol)-leiren på grensa til Irak.

            Men det er ikkje mange 'IS-barn' att i leiren. Sju foreldrelause barn vart henta av morfar sin, som er svensk statsborgar, og barnevernet i Sverige har overteke ansvaret for dei. I juni kom også fem barn utan omsorgspersonar til Noreg. Deira afrikanske far var død og den norske mora sakna. I leiren er det også  tre barn som er fødde i Noreg, men har russisk statsborgarskap. Russland tek i mot både 'IS-barn' og mødrene deira, men med den spesielle ordninga at mødrene skal i fengsel, men først etter at yngste barnet har blitt 14 år!

           Dei to somaliske søstrene, som Åsne Seierstad skreiv om, har fått tre barn. I boka hennar, "To søstre", kan vi lese at mor deira har leigt eit stort hus i Mogadishu, der ho no bur saman med storfamilien. Unntaket er ektemannen, som må hente livsgrunnlaget til alle frå NAV i Bærum.

            Endå meir spesiell er historia til dei to resterande 'IS-mødrene', som begge på islamsk vis samstundes var gift med jihadisten Bastian Vasques. Den eine er Aisha Shezadi, som finansiert av Norsk faglitterær forfattarforening og Foreningen !les for få år sidan reiste rundt på skular i Noreg for å fremje bruken av ansiktsdekkjande klede som nikab eller  heildekkjande burka! Tidlegare redaktør i Ny Tid, no debattredaktør i Dagbladet, Martine Aurdal, kallar i dag dette for "absurd naivitet", men ho leidde i 2011 sjølv lanseringa av ei bok der Aisha var ein av skribentane.

            Aisha er også kjend som kone nr to til den profilerte islamisten Arfan Bhatti, som før dét var kjærast med Karianne Solbrække, den gong leiar for kriminaljournalistikken i TV2! Eit slikt forhold til ein yrkeskriminell har ikkje hindra Solbrække i å nå toppen som nyheitsredaktør i same kanal.

            Det kortvarige 'ekteskapet' med Bhatti gav Aisha ein son, men han fekk ein tragisk lagnad. I Syria vart Aisha nemleg andrekona også til Vasques, som i følgje Åsne Seierstad slo i hel småguten hennar medan ho sjølv måtte stå bak ei låst dør og høyre skrika. Då hadde Aisha fått nok av Vasques, men ikkje av IS. Ho fann seg ein annan krigar og har med han ei jente på 2-3 år. Vasques har seinare blitt drepen, men førstekona hans, som er norsk statsborgar, har to barn, ei jente på to og ein gut på fire år. Denne guten, son til Vasques, har ein alvorleg lungesjukdom, av lege i Syria diagnostisert som cystisk fibrose.

            Småbarn er alltid uskuldige (offer), og sjuke må få hjelp, medan vaksne må stå til ansvar for vala dei har teke. Å gjere dette utan å skilje barna frå mor, er vanskeleg, iallfall viss mødrene blir dømde til fengselsstraff. Men å ta barn frå foreldra har barnevernet i Noreg gjort i mange år, som oftast for langt mindre forsøming enn oppvekst blant ekstremt valdelege terroristar. Haldningar er likevel ikkje biologisk arvelege, men ein  må ha i tankane at dei kan vere det sosialt.

5 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Sjelesørgeren Alf Gjøsund
av
Vebjørn Selbekk
21 dager siden / 5179 visninger
Religiøs fyllefest på Visjon Norge
av
Levi Fragell
29 dager siden / 3157 visninger
Hva KRIK er og skal være
av
Bjørnulf Tveit Benestad
22 dager siden / 2335 visninger
Snevert om synd
av
Torunn Båtvik
29 dager siden / 2206 visninger
Støre-saken: Blodtåke i NRK
av
Vårt Land
19 dager siden / 1779 visninger
KRIK ved et veiskille
av
Øivind Benestad
23 dager siden / 1755 visninger
KRIKs spagat
av
Vårt Land
21 dager siden / 1738 visninger
En løsning som inkluderer
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1672 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere