Verdidebatt

Dekonstruksjonens tidsalder

Dekonstruksjonen har redusert kjønna til å vere eit resultat av dei forventningane kulturen til ei kvar tid måtte ha til desse rollene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Med boka Vi morer oss til døde markerte amerikanaren Neil Postman i 1987 det han kalla «underhaldningsindustriens tidsalder».

No er dei som voks opp i denne tidsalderen vaksne. Ikkje berre har dei fått underhaldningsindustrien sitt vesen i blodet. Dei har også fått med seg den neste tidsalderen: «dekonstruksjonens tidsalder».

Ser formler

Eit bilde på kva eg legg i dekonstruksjon: Når min tippoldefar i si tid løfta blikket mot skyene, såg han berre skyene og korleis dei velta fram over åskantane. Dagens fagfolk i selskapet Storm Weather ser det slik: «Der du ser skyer, ser vi formler» (sitert frå ein TV-reklame).

«Dekonstruksjonens tidsalder» vurderer det synberre som noko som skjuler det verkelege, og opnar slik sett for eit gjensyn med ein av litteraturen sine mest kjende dekonstruktørar - legen og nihilisten Bazarov i Ivan Turgenjevs roman Fedre og sønner frå 1862.

Bazarov var ingen dumming. Han såg tidleg at frosken hadde dei same anatomiske strukturane som menneska - og slo fast at skilnaden mellom eit menneske og ein frosk låg i kompleksiteten. Når alt kom til alt, baud livet på ulike grader av kompleksitet – og berre det.

Nihilismens nedslag

I 1983 kom boka Bazarovs barn der Kaj Skagen drøfta (og kritiserte) den bazarovske nihilismens nedslag i nyare norsk litteratur.

No er vi komne eit steg vidare. I 2012 gjekk kunsthistorikaren Tommy Sørbø i eit liknande ærend når han i boka Til fots i Toscana omtalte dekonstruksjonen som eit motefenomen blant humanistar:

«I de siste tjue årene», skriv han, «har vi nesten ikke drevet med annet. Vi har brukt enhver anledning til å fortelle hverandre at det vi tidligere oppfattet som mer eller mindre faste størrelser, egentlig bare er menneskeskapte konstruksjoner».

Eit særdrag ved dekonstruksjonens tidsalder er dekonstruksjonen av kjønn, noko Sørbø seier seg særleg fortørna over: Kvinne og mann er ikkje lenger noko ein er. Det er noko ein blir, skriv Sørbø «hovudristande». Dekonstruksjonen har redusert kjønna til å vere eit resultat av dei forventningane kulturen til ei kvar tid måtte ha til desse rollene.

Gammalmodig

Og slik også med kunsten, hevdar Sørbø: Du blir ikkje teken alvorleg i det gode selskap lenger, om du kjem trekkande med den gammalmodige forestillinga om at kunst er uttrykk for eit eller anna allmennmenneskeleg behov eller ein lengsel. «Nei, kunst», skriv han (atter hovudristande), «er simpelthen bare den kulturen som man til enhver tid er enig skal gjelde som kunst.»

Tidsånd, med andre ord. Og vår tidsånd er ei dekonstruert ånd.

Gi meg heller ein porsjon sterk og påtrengande røyndom, ber Sørbø.

Hadde den tyske makrohistorikaren Oswald Spengler (1880-1936) levd i dag, ville han truleg ha nikka til både Skagen og Sørbø sine tankar. Han ville truleg også ha vurdert så vel underhaldningsindustriens som dekonstruksjonens tidsaldrar som varsel om den vesterlandske høgkulturen sin endelege undergang. Spengler meddelte synspunkta sine i verket Untergang des Abendlandes, som kom ut i 1918.

Organisk livsløp

Spengler hevda at alle høgkulturar har eit organisk, årstidsliknande livsløp. Dei veks fram i ein naiv vår, modnast om sommaren for så å vekse inn i ein reflekterande haust. Når hausten er utlevd, går høgkulturen inn i si vinterlege avslutning; sivilisasjonsfasen.

I sivilisasjonsfasen, hevda Spengler, sluttar kulturen å skape – og begynner å konstruere. Våre dagars dekonstruksjon er også konstruksjon, fordi det er konstruksjonen sine element som rår.

Kvantitet blir likestilt med kvalitet – frihet blir framstilt som fridom.

Sjakk og poker inntek sportssidene.

Stikkordet i sivilisasjonsfasen er «opplysning». I møtet med opplysningstanken si dekonstruksjonsånd blir dei tradisjonsberande institusjonane (t. d. kyrkja) tvangsaktige og museale. Det oppstår ein lengt tilbake til den målbare naturen – og sakte, men sikkert, taper sivilisasjonen raffinement og gir rom for det Spengler kalla «primitive førkulturelle livsformer».

Ein variant

Utan tvil er vår tids dekonstruksjon av kjønn den mest openlyse markøren av den sivilisasjonsfasen vi lever i. Med dekonstruksjonens blikk (det bazarovske) blir alle kjønnsuttrykk like, sjølv om dei ikkje er like (!). Det er blitt opportunt å meine at vi menneske har talrike seksuelle preferansar (visstnok 37 på det meste), inkludert mann + kvinne. Ein tanke som, når han glir inn i språket, gjer den naturlege og målretta «varianten» mann + kvinne til ein variant blant andre variantar.

Men sjølvsagt; dei 36 andre preferansane som er variantar.

Det går eit rungande «vær deg selv»-rop over verda.

Men kven spør: Kven er du?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt